onsdag 29. januar 2025
Reine påskestemninga
mandag 27. januar 2025
Gamle bilete
På Møteplassen i Askvoll i dag hadde Audun Høvik teke med seg nokre bilete som var tekne av Paul Stang for over 100 år sidan. Onkel til Audun, Paul, var ein framifrå fotograf frå Stongfjorden. Og lenge før si tid. Tre av bileta som er avfotograferte her er tekne ved Krokavatnet og Tjuvbergsnova. Sistnemnde er kjend frå segnet om tjuvane som heldt til her og som røva i Fossedalen - dette er beskrive tidlegare fleire stadar mellom anna her
tirsdag 14. januar 2025
Snøen som forsvann
onsdag 8. januar 2025
Inga skam å snu
| Morgonstemning på Staveneset med utsikt til m.a. Kinn, Reksta, Skorpa og Batalden |
| Det ligg mykje snø opp bakkane frå Holevika til Høgeheia |
| Vinterstemning på Staveneset |
søndag 29. desember 2024
Godt Nytt År
Med januar i bilder ynskjer eg alle eit retteleg Godt Nytt År 🎇
Framsidebildet er frå Fløyen på Heileberget med utsikt ut Dalsfjorden.
mandag 23. desember 2024
Fredeleg jul
Med eitt av bilda eg likar godt ynskjer eg alle ei fredeleg julehøgtid🎅
Foto ved Litlevatnet på ruta til Toreheia/Skylefjellet
torsdag 19. desember 2024
Fossedalen - der ingen skulle tru at nokon kunne bu
![]() |
| Øvre Fossedal i dag |
![]() |
| Øvre Fossedal fotografert i 1934 av Astrid Fossedal - Fylkesarkivet "det er som dei gamle husa ligg der og søv under dei store snødynene" |
søndag 8. desember 2024
Perfekt 2.advent
| Ved toppen på Gjelsvikefjellet med utsikt til Eitrenipa og desembersola. Fløyen på Heileberget t.h. |
| Selvikestølen |
| ds |
| Gjelsvikestølen Blegja og Synste Stauren t.h. |
Nydeleg tur til Gjelsvikefjellet igjen. I dag i lag med Olaug. Omlag O grader og delvis frose på. Heilt klårt! Som dei siste turane gjekk vi ruta via Fesselia til Selvikestølen, Gjelsvikestølen og opp bakkane til toppen.
Dei tidlege morgonstrålane av sol skein på Fossedalshengenipa og Markahengenipa då vi kom opp lia. Lenger oppe dukka Etrenipa opp der sola kikka fram i skaret i sør. Og endå litt lenger aust skein Blegja i morgonsol. Sola var allereie komen på Selvikstølen.
Lenger oppe og i aust dukka Førdefjorden opp i tjukk skodde. Akkurat som sist. Og her var det litt meir austatrekk enn lenger nede. Ganske kald i draget. I tillegg låg det ein del snø der skaren ikkje heldt. Så ja, det var ganske tungt opp bakkane frå stølen.
På toppen skifta både Olaug og eg kleda på overkroppen. Og fekk på oss dunjakkene. Herleg! Iallefall når du først har fått skifta...😄Ned igjen bar det same vegen som vi kom opp. No i nytrakka spor. Litt glatt var det framleis mange stadar. Men det gjekk greitt utan broddar i dag.
Vel heime igjen var det tid for ein dukkart i sjøen. I dag heldt vatnet 4 grader! Så ja - det vart egentleg to kalde avrivningar i dag...😍😄
tirsdag 3. desember 2024
Desemberlys
| Soloppgang over Holmedal i dag |
| Dokka og Moldura frå stien til Kleppenes-/Bogestølen og Bakkestølen |
| Dagens selfie på Hekkelfjellet |
| Bakkestølen på returen |
| Kleppenes/Bogestølen på returen |
Nydeleg desembertur til Hekkelfjellet 708 moh i Holmedal i dag. Start ved vassverket. Første delen går opp stien mot Bakkefjellet, men held fram nordover til Kleppenes- og Bogestølen. Deretter til Bakkestølen og opp bakkane. Den siste ganske bratt. Så austover det kuperte fjellet mot toppen. Det er godt merka heile vegen sidan fjellet er post på fjelltrimmen i Askvoll sesongen 24/25.
| Ved krysset til Bakkefjellet skein morgonsola i raudt |
| Ved Bakkestølen på veg opp. Moldura og Fanafjellet i bakgrunnen. |
fredag 29. november 2024
Adventshelg i kjømda
Første sundag i advent nærmar seg med stormsteg. Så her er ein bildeserie for desember.
God adventshelg 🎄🎅




