søndag 10. september 2017

Bratwürstchen, skalldyr og saksofon...

Olaug, meg, Viola og Ben på Staveneset
(Tekst under alle bilda)


























Så var unsere Freunde reist igjen. I første omgang til Oslo eit par dagar. Og igjen sit vi med minna og bilder frå ei kjekk veke med mange sosiale middagar og kveldar. Noko utbrodering legg eg ikkje inn her.  

Likevel -  i går toppa vi veka med ein kjekk tur frå Grimelia til Holevika med innlagt grilling i Liavika. Om kvelnden toppa vi besøket frå Tyskland då Kjell og Tordis hadde invitert til skalldyrbord i gamle posthuset på kaia på Yndestad. Med fleire inviterte vart det etter kvart livleg. Ben og eg tok forsåvidt tidleg kvelden, medan Viola og Olaug vart att. Ei speiell takk til Kjell og Tordis for invitasjonen, mat og alt anna. Takk til saksofonisten frå Florø. Og takk til dykk andre. Det var veldig kjekt. 

Viola og Ben set stor pris på å vere i Stongfjorden. Til våren tenkjer vi på eit besøk til Tyskland. Dresden og Pulsnitz virkar som spanande byar å besøkje.




fredag 8. september 2017

Tysk besøk

Askvoll
  
Øyhopping
"Det var den aller aller største gjedda noen noen hadde sett..."
Gåsvær


Yndestad

Yndestad

Nipebu

Blåfjellssåta




Denne veka har vi hatt besøk av eit tysk venepar. Viola og Ben kjem frå Pulsnitz utanfor Dresden. Vi har "lånt ut" huset. Sjølv har Olaug og eg vore på arbeid, men middagar og kveldar har vi hatt i lag med Viola og Ben. Dei reiser att på søndag. 

Viola og Ben er ekte norgesvener. Dei har vore her til lands mange gonger. Siste turane har dei budd hjå oss. Turar har det elles blitt mange av i Askvoll-fjella opp gjennom åra. Paret har besøkt dei fleste fjelltoppane i Askvoll. Både på eiga hand og i lag med Olaug og meg. Den første turen vi hadde i lag er tilbake til år 2000 då vi gjekk på Blegja med Peter på 3 månader! Ein tur vi stadig blir minte på. For det er slik vikings er....😂

I løpet av helga skal eg samle i hop nokre bilder frå Viola og Ben sitt besøk hos oss denne gongen. Ovanfor er nokre bilder frå tidlegare besøk. 


mandag 4. september 2017

Namnedag, Breheimen og sanatorium










Kapittel 1

Fredag 1/9 var det namnedag for Håkon i Skjolden. Han er son til Torbjørn og Ingrid Anita. Sistnemnde er oppvaksen her. Foreldra hennar, Ingrunn og Anders, tok vel i mot oss fredags-kvelden. Rett frå jobb i Førde var det veldig godt med skikkeleg lapskaus med tilbehør. Og nydeleg heimelaga bringebærsaft. 

Noko seinare sjekka vi 10 stk inn på ei nydeleg hytte på Skjolden Brygge. Her var det nok sengeplassar. Bad oppe og nede med badstu og greier. Med terrasse ut i sjøen. Ypparleg. Jentene til Håvard og Miriam var sjølvsagt i fyr og flamme. Ja, vi òg. Så her overnatta vi to netter. Det kunne knapt blitt betre.

Sjølve arrangementet for Håkon var helde på Fjordstua lørdagen. Håvard heldt i trådane med flott song for Håkon. Han fortalde litt om namnet. Både opp gjennom historia og fram til i dag. Og vi song for guten. Det vart òg framført dikt og overrekt gåver av mentorane. Ei flott og gripande stund.

Så var det mat. Eit uhorveleg innhaldsrikt bord med alt slags rettar gav etterkvart spreng for magesekken. For eit arbeid som var lagt ned! Ja, og så atte på rikeleg med kaker og blautkake. Ikkje rart at eg sjølv gjekk nærast i koma ut på kvelden. Fantastisk! 


Kapittel 2

Sidan eg følte det vart dårleg tid til fjelltur lørdagen, og alt som skulle skje, hadde eg bestemt meg for å stå tidleg opp søndagen og besøke området ved hytta til familen Bolstad på Osen og Åsetevatnet. Åsetevatnet ligg i Breheimen nasjonalpark med tilgang gjennom Mørkridsdalen. Så eg reiste avgarde i 06.30-tida. Veret var akkurat like fantastisk som dagen før. 

Stien oppover snirkla seg i s-ar. Relativt bratt 840 meter opp. Og egentleg ganske tungt. Forma mi har nok vore adskilleg bedre enn den er no. Dessutan virkar alltid slike ruter lenger når du aldri har godt dei før. Men mot slutten kjende eg "fjelldraget" i lufta, og ti minuttar seinare såg eg alle hyttene som låg oppe ved vatnet. Utruleg vakkert i den flotte sola der haustfargane alt skein meg i møte. Ja, og så mot sør då. Hurrungane. Fantastisk flott (held fram)



 


    

Sidan det var søndag og vi sjølvsagt skulle heim att, vart ikkje besøket av det lange slaget. Så etter å ha slappa av litt og teke nokre bilder bar det fort ned igjen bakkane. Eg rakk akkurat ned igjen til hytta då familien pakka i bilane. 

Men vi kunne sjølvsagt ikkje reise heim att på tom mage. Det forvissa Bolstad-familien for. Det skal vere visst. For her var det grilling og etterpå-selskap på gong i den flotte sola ved stranda. Torbjørn sytte dessutan for kajakkpadling for dei minste. Perfekt. Etter dette vart vi med Ingrunn og Anders heim att der vi fekk plukke med oss epler.. Ei bøtte nyplukka plommar slo òg følgje med heim til Sunnfjord. Snakk om gjestfriheit. Tusen takk igjen.


Full fotofil Skjolden 1/9-3/9_17



Kapittel 3


Vel, siste kapittelet i dette blogginnlegget går eg fort forbi. Bilda på linken under fortel sitt. Men det er i grunn synd at Harastålen i dag framstår som ein ruin av skrot, søppel og falleferdige bygningar. Den rike historia her opp hadde fortent betre. Etter å ha vandra rundt her oppe ein times tid vart eg berre i dårlegare og dårlegare humør. Plassen passar nok likevel bra no til hausten for dei som vil kurere fobiar for mørket. Sjølv reknar eg meg stø slik sett, men noko overnatting her oppe hadde eg glatt valt vekk. 

Turen heim igjen gjekk forøvrig heilt fint.

Harastølen 03/9_17

fredag 1. september 2017

Sviket - eller dei stripete gule


Eg vil skrive til den naive, - den blåøygde, ærlege, små
Som lever sitt liv heilt i live, utan tankar for dagen derpå
Som ler, - og som grin
Som blunkar til alle
Som dansar på line
Utan frykt for å falle

Eg vil kviskre eit Vivre! til den vare,
som umerkande går meg forbi
Ho kjem aldri med vondord om andre,
fordi ho - vel, berre fordi
Det siste ho ville
Var å såre ein venn
Og - ganske stille - 
Let ho dører igjen

Eg vil trøyste og stelle den såra, som strevar med å forstå
At verda vår er ein jungel, der den sterkastes rett lyt få rå
Reis deg å stå!
Du er god som du er!
Treng du hjelp til å gå 
Skal du finne ho her

I harme rettar eg pennen,
mot han som er kynisk og kald
Som kalkulerande kviskrar og trugar, 
og planlegg sin medmann sitt fall
Som foraktar det svake
og ler av det vare
Som dyrkar det digre
Som myrdar det tandre
frå sitt Adlerreir av is
Som aldri ser seg tilbake
Som let godheita fare
Som let det lægste sigre
Som trakkar ned andre
på realistens grimme vis

Mitt selskap skal vere dei vare, 
- dei leande barn av i dag
Som ynskjer meg vèl, og vel aldri, 
vil drøyme om svik og bedrag
Min avsmak for orm skal eg skjule
og døming er ikkje mi sak
Eg kjenner dei stripete, gule
for baken blir alltid bak

Tekst og foto 

G.Skaar