onsdag 12. august 2015

I grenseland...

 

Mobilfotos

Fin trimtur på Skylefjellet igjen i kveld. Traff Dag Tore og Anita oppe i skogen. Og litt lenger oppe, på Rinda, Harald Skår. Eg slo av ein liten prat med sistnemnde. Han spanderte på meg ein neve med molter han hadde plukka. Det smakte godt. Elles sprang eg i berre shortsen. Det var i grenseland...:-)

søndag 9. august 2015

Live animasjonteater i Dale




Vi var på eit veldig interessant "visuelt dikt" med namn "Rusty Nails & Other Heroes i løa i Klokkargarden i dag. Framført av tamtamtheater frå Nederland. Overlete til publikum å danne seg ei historie av "bos" flytta på eit lysbord av to kunstnarar. Dei visuelle skrotetinga  viste att som symbol på ein skjerm. Ingenting vart sagt, men musikk var sett inn som kulisser til lysbilda. Veldig interessant var det. Sjå elles foto av programmet ovanfor.

No fekk vi ikkje ta bilder eller video i låven i dag. Men eg fekk ta eit par bilder etterpå av aktørarane, bildebordet og skjermen. 

Elles er det alltid kjekt å kome til Klokkargarden i Dale. Kaffi og kaker høyrer sjølvsagt til hjå "Lisa i Li" - ope kvar søndag frå kl. 14-17. Eit par av søskena mine hadde òg teke turen. Ei fin stund i Dale dette. 

Skipla planar

Eg var egentleg tenkt meg avstad å fiske i fjellet i dag tidleg, men vèret var så elendig då eg vakna i 06 tida at eg skipla dei planane. I staden sov eg frukost på sofaen. Det vart i staden til at ein standard trimtur på Skylefjellet, raskt opp og springing heim igjen. Det fekk halde med dette i dag, sidan vi bestemte oss for ein tur i Klokkargarden i Dale. Der er det teaterframsyning i låven kl 15.


lørdag 8. august 2015

Våt hud...

Var ein kjapp tur på Skålefjellet igjen i føremiddag for mosjonen sin del. Det vart vått. Skikkeleg vått. I joggesko og shorts. Så då blei det full peising både opp og ned.... Så søla og gjørma stod. For etter nokre styrtebyger med veksande elvar ned fjellsidene var eg tilnærma svart då eg sprang ned igjen. Greitt då at det er kort veg heim i dusjen.... På toppen gav eg meg tid til desse to mobilbilda....

fredag 7. august 2015

Imponerande på Staveneset

Frå agenthola

Kurt Rutledal (Alfred Bamse) fortel om agentane på Staveneset


Utsikt frå agenthola

Jeff Pedersen

Arnfinn Haga fortel om historia på Staveneset

Klipp frå Framsyninga

Jon Werede Hope, Simon Standal Pavelich, Reidun Melvær Berge, Berit Einemo Frøysland

Berit Einemo Frøysland

Anna Einemo Frøysland

ds

Simon Standal Pavelich


Det var ei utruleg interessant og givande førestilling frå krigshistoria på Staveneset der ute i kveld. I scenesett av Jeff Pederen, og skrive av Rolf Losnegård. På utescene under grantre og hamrar var det laga til eit veldig flott område der historia utspann seg. Imponerande spelekunst. 

Før sjølve førestillinga var vi ein heil gjeng opp i holene der dei engelske agentane gøymde seg. Litt bakgrunnstoff vart formidla av Alfred Bamse. Skikkeleg kjekk kveld. 

Etter kva ein forstår er det nokre få ledige billettar til lørdag og søndag.



Jeff Pedersen Produksjonar heidrar 70-års jubileet for slutten på andre verdskrig med ei nyskriven framsyning. "Staveneset.Krig" er ei gripande historie om det unge forlova paret Anton Hollevik og Oddny Saltskår som tok vare på alierte telegrafistar og gøymde dei i holer på Staveneset under krigen. Oddny og Anton blei til slutt tekne og torturert av Gestapo. Staveneset.Krig er eit intim-drama framført i ei hole på Staveneset, på den same staden der telgrafistane gøymde seg. "Staveneset.Krig" er støtta av Askvoll Kommune. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, og Cappelen Damm forlag. 

Det vil bli guida turar til hola der telegrafistane budde.

Sal av mat og drikke på “rasjonerings-stasjon”.

Liten varsel: Forstilling er ut i terrenget og ein må har gode sko og ganske gode bein!

We honor the 70th anniversary of the end of World War II with an original production. Staveneset.Krig is an intimate historical drama about the young engaged couple Anton Hollevik and Oddny Saltskår who protected and supported Allied telegraph agents during WWII, hiding them in a cave in Staveneset. Oddny and Anton were eventually captured and horrifically tortured by the Gestapo. Staveneset.Krig will be performed in a cave in Staveneset, in the same mountain where the agents hid. A gripping and dramatic story featured in the recent book Nødrop fra Staveneset. Staveneset.Krig is being developed with support from Askvoll Kommune og Sogn, Fjordane Fylkeskommune, and Cappelen Damm Publishing.

Forstillingar:

Fredag, 7. august: kl19
Laurdag, 8. august: kl13, 16, 19
Søndag, 9. august: kl13, 16

Billettpris:
Under 20 år: kr.100
Vaksne: kr.250
Billettar kan kjøpast på www.ticketco.no og i døra.

Buss frå Stongfjorden sentrum 30 og 60 minutter før kvar forstilling.

INGEN PARKERING PÅ STAVENESET!

Manus av Rolf Losnegård
Regi av Jeff Pedersen
Koreografi av Gareth Taylor
Scenografi av Håvard Arnhoff
Lyd Design av Viljar Losnegård
Med Reidun Melvær BergeSimon Standal PavelichJon Werede Hope,Anna Einemo Frøysland og Berit Einemo Frøysland


Besøk jeffpedersen.no for meir detaljer!

torsdag 6. august 2015

Standard trim


Etter ein herleg middagskvil, sprang eg meg ein tur på Skylefjellet i kveldinga. Oppfriskande i synnavinden som tok godt oppe på toppen. 

Elles er det vel ikkje så mykje å forfatte. Det var iallefall ikkje ei sjel å sjå. Heller ikkje dyr eller fugl, ja utanom sauene til Hovden då. Dei beita fredeleg i liene ved Krikavatna. 

Ei lita omvisning







I går kveld tok eg med meg Marie, kjærasten Øyvind og Olaug på Skålefjellet i Stongfjorden. Mest for at Marie skulle få med seg toppen som del av fjelltrimprogrammet. Verken ho elller Øyvind hadde gått Gjerdedalen og Brekka opp. Så dette vart ei ny erfaring for dei. 

Brekka er jo litt utfordrande for dei som ikkje er vane med å gå i bratt "urskog", spesielt ned igjen. Eg sjølv synest dette er ein rask og grei veg til toppen av fjellet. Stien er godt oppgådd òg no. Og ned igjen er det berre å "angripe" bratta med gode sko som Inov8 og Meindl...:-) Ikkje det - eg høyrde verken Marie elller Øyvind klage... Dei sprudla som turtelduer...

Kvelden vart jo fantastisk med nydeleg vèr. Litt kald vind var det på toppen, men ikkje verre enn at vi tok oss ei runde der oppe slik at eg fekk vist litt av fjella og landskapet rundt omkring. 



Dei fleste som les bloggen min kjenner vel utsikta frå Skålefjellet. Her er likevel ein videosnutt frå ulike vinklar. Grovt sett ser vi i vest Moldura og toppen av Alden og mot Heggøyna, Smelværet, Staveneset og øyane i Florabassenget. I nord mot Florø og Bremangerlandet, i nordaust mot Ålfoten, Håsteinen og Førdefjorden. I aust ser vi alle dei kjende fjella mot Nipebutraktene som Blegja, Storehesten, Eitrenipa, Kringla og framfor dei Porten, og Portafjellet. I søraust ser ein mot Rivedalstraktene og Heileberget i Dale, og i sør mot Holmedalsfjella. Skålefjellet er lett å kjenne att frå alle desse toppane med si karateristiske spisse form mot nord. Dette er veldig spesielt sidan alle (nesten) fjella her har motsett form med slake ryggar frå nord og bratt utfor i sør. Av det kjem ordet "Nipe"...


Skålefjellet litt t.h oppe. Foto frå Blegja.

Vi tok forresten ruta om Skålefjellsvatnet ned igjen. Denne har eg merka godt med vardar, så det er ingen problem med å ta seg opp eller ned. Dette er ruta vi brukte mest før, og den som står nedteikna i Oppturboka. Dette er litt lenger, men kanskje lettare, og ikkje fullt så bratt som over hammaren ved første elva. 

Kjempeflott kveldstur!

søndag 2. august 2015

Blomsterpiger


Etter å ha hatt tre småtuller på besøk sidan fredag, vart madamen med ein tur på Skylefjellet i kveldinga. Herleg og fin tur. 

Tidlegare på dag hadde eg meg ein småtulletur med Olina langs vegen til Stongfjorden. Den turen tok minst like lang tid som på Skylefjellet. X-antal padder, makk og sneglar måtte studerast. 
For ein liten kropp er nok dette meir interessant enn kvar ein topp.....

 Blomterpigen Olina


lørdag 1. august 2015

Sommarregn på naken hud



Flott trimtur på Skålefjellet igjen i ettermiddag. I berre tights, og mellom regndråpane, var det berre å halde farten oppe. Sommarregn på naken hud. Kjekt. Forma er ikkje så verst likevel. No får eg berre halde hjula i gang. 

Elles har vi jentene til Håvard og Miriam denne helga. Vi oss difor først i dag ein tur til Dale og helste på mor mi, og ein del anna kjentfolk på Almuen. Koseleg.