torsdag 16. oktober 2014

Driveknolten

With sun in his eyes....
Morgonstemning i Rivedal


Nydeleg utsikt ved Høgknolten til Rivedal, Straumsnes og Holmedal

Selfie med Fossedalshengenipa bak

Frå Driveknolten sør

Utsikt frå Driveknolten mot aust

Dale frå Driveknolten





Haustmotiv ved Driveknolten

Driveknolten er to toppar t.h. i bildet
Bak ser vi Eitrenipa, Blegja, Storehesten og Kringla

Eg fekk avtalt to dagar ferie for eit par, tre veker sidan, og kunne aldri ha blitt meir heldig med haustvèret. Ja, det er nesten for godt til å vere sant. Sjølvsagt måtte eg då ha meg ein tur på fjellet i dag....

Valet fall på Driveknolten på Heileberget med start i Rivedal. Mest på grunn av sola, og den nye fjelltrimposten som vart lagt ut hi helga. Eg fekk meg såleis ein perfekt fjelltur inn der i dag tidleg. Bilda fortel vel sitt. Nydelege haustfargar, blikk stille og knall sol. Couldn`t ask for more... 

onsdag 15. oktober 2014

Flott oktoberkveld





Nydeleg trimtur på Skålefjellet igjen i kveld. Eg gjekk opp den vanlege ruta, men ned att den litt lengre oppom for å sjå etter sauene eg såg hin dagen. Men i kveld verken såg eller høyrde eg noko. Kanskje har dei teke vegen sør om til Holmedal, med eller utan hjelp av eigaren. 

Eg hadde med meg hovudlykta i kveld, men eg nådde akkurat ned igjen til det vart mørkt. Flott tur !



tirsdag 14. oktober 2014

Reine åpenbaringa




Flott trimtur på Skylefjellet igjen i går kveld. Lett duskregn, men reine åpenbaringa ute i havet. Likeeins då eg kom heim igjen. 


søndag 12. oktober 2014

Frisk morgontur



Toppen av Skålefjellet sett frå sør mot nord.
Vi ser Toreheia t.h. og øyane i Florø bak der igjen.

Herleg morgontur på fjelltrimposten på Skålefjellet. Og jammen fekk eg oppleve litt sol i dag òg. Ei sol som verkeleg får fram haustfargane i fjellet. Ja, heile liene glødar. Fantastisk flott.

Eg var rimeleg sikker på at eg høyrde ei sauebjølle her opp i går, men sidan eg berre høyrde dette såvidt ein gong, og ikkje såg noko, slo eg det i frå meg. I dag høyrde eg den igjen. Og fekk auge på ein sau og eit lam vest, og ned om, Skålefjellsvatnet. Eg fekk gitt beskjed til eigaren. Det var liten vits i å begynne og jage på desse her oppe åleine. 

I dag gjekk eg ned igjen på austsida av fjellet, og tok opp ein video av ei kvartsåre eg veit er her. Den ligg open i dagen der anna fjell er brote ned. Dei er flotte desse årane. Det er fleire av desse i fjellet her oppe. M.a. på nordveggen i vest. 

Deretter gjekk eg ned gjennom skaret på austsida av toppen, og vest att Skålefjellsurda på nordsida av fjellet. Partiet som hallar mot Stongfjorden. 

Nydeleg tur igjen !


lørdag 11. oktober 2014

Eg nådde i sola....


Eg tok meg like godt ein tur til i dag. Opp den vanlege ruta heime i frå på Skylefjellet. Her oppe var det ganske så fint, men det bles jammen godt. Eit betydeleg skilje i skydekket gjekk sør og aust for Skylefjellet og Toreheia. Ja i sørasut på Skålefjellet, som eg var i stad, såg det framleis like hustrig ut. Blygrått med skodde. 

Elles var Vincent i hytta ved Svartevatnet i lag med eit par kompisar. Eg slo av ein passiar då eg returnerte. Fin trimtur nr 2 !


Hustrig på morgonen

Nett under toppen i vest

Litt vått og haustleg på toppen...

Sola skin på Skylefjelelt og Askrova

Toreheia dukkar opp på ruta til Skålefjellet


Eg gjekk ein trimtur på fjelltrimposten på Skålefjellet i dag tidleg. Småregn undervegs og med litt skodde på toppen. Sjølv om det var noko vått og sleipt var det flott trim iallefall ! 

torsdag 9. oktober 2014

Så begynte det å regne......

Ei glipe lys over Florø...
Eg stakk oppom Skylefjellet etter jobb igjen i dag. Fint å kunne gå frå dørstokken heime til fjelltrimposten.... Eg kom meg opp på toppen før det begynte å regne. Sidan eg ikkje hadde tette klede med meg var eg litt bekymra for kameraet. Men det gjekk heil fint. Med drevet i mot ned igjen la eg berre kameraet under Brynja-jakka på ryggen og sprang heim att... Fin trim ! 


onsdag 8. oktober 2014

Ny hovudlykt?



Ny hovudlykt til vinteren? Eg likar Fenix sine hovudlykter. Og kjøpte meg ny HP 30 i fjor etter å ha brukt HP 20 tidlegare. Her ser du HP 30. Video her.

Ver obs på at batteria du brukar til denne lykta er to 18650 batteri (større ein AA batteri, eller 4 CR123A). Dette er batteri som er mindre vanleg brukt i Norge. Eg skaffa meg difor oppladbare batteri av førstnemnde type og ladar saman med lykta frå USA.  Dette er ei knallbra hovudlykt, vèrbestandig og vasstett. 



tirsdag 7. oktober 2014

Med fruen...



Flott kveldstur med Olaug på Skylefjellet i kveld. Det bles friskt og godt. Temperaturen var nok litt lægre enn på Skålefjellet i går. Elles gjekk det radig med fruen i tet...

Good to be back...

Stongfjorden

Hei og ho kor det bles på Skålefjellet i går kveld....
Fantastisk flott kveldstur på Skålefjellet i går kveld.  Nydeleg lys, men du verda kor det bles der oppe. Skikkeleg austavind med kraftige kast. Eg var fram på kanten på nordsida og tok eit par bilder mot Osland, men fann det tryggast å gå der i frå.... 

Stengene eg hadde sett opp stod som pålar alle i hop i den sterke vinden. Fint !

Litt artig var det å skrive seg inn i fjelltrimboka for den nye sesongen. 
Etter eitt års pause blir det nok fleire turar
på Fjelltrimmen 2014/2015...:-)