lørdag 11. september 2010

Frisk væte 2

 Atløynipa og Alden frå Dokka i fjor haust

Seinare på dagen i dag hadde eg eit ærend til Askvoll. Eg tok sjølvsagt med meg Siktanuten i same rennet når eg var der nede. Det var minst like vått som på morgonen. Det er sjølvsagt på langt nær like lett å springe i væte med fjellsko som på tørt underlag med joggesko. Så etter å ha gått fort opp, kjende eg det då eg sprang ned igjen. Men det gjer no berre ekstra godt etterpå...:-) 

Frisk væte

MMS Fanafjellet i dag tidleg

Det klødde i føtene igjen i dag tidleg, og sjølv om det silregna, tok eg likevel ein kjapp tur på Fanafjellet 722 moh frå Stafsnes. Det vart brått litt andre forhold enn i det siste. Regnet dreiv etter lendet i vindkulene ovanfor tregrensa. Og midt i mot. Det var litt uvant for å seie det slik. Ikkje at det betydde all verda, for vèret var faktisk forfriskande. Endå var det ikkje heilt gjennomvått i myrar og lyng heller. Skodde gjorde heller ingen ting her oppe som det er så godt merkt. For å få varmen i skrotten igjen, sprang eg på direkten til fjorden. Forfriskande morgonstund...:-)

fredag 10. september 2010

Ekstranummer på Smørskornova

 Mot vest frå Smørskornova i kveld. Moldura t.h.

Det vart eit lite ekstranummer på siste sommardagen i kveld på Smørskornova. Men i morgon er det visst slutt for godt i år. Det er berre å finne fram eVent og goretex klede. Og joggesko og shorts er vel berre å pakke vekk. Synd. Men slik er det no ein gong på våre kantar. Og glade skal vi vel vere for det. 

Det er begynt å bli bra sti etter meg no. Både over myra og opp skara. Det hjelper på. Men no blir vel myra dyvåt igjen. Og graset og lyngen sleip oppe i skara. Vel, vel vi får ta det litt etterkvart. Eg har nemleg nokre gonger igjen opp der.

Traff forresten Asbjørn T ved grinda nedom demma då eg var på veg ned igjen. Vi slo av ein liten prat der i bakken. Hyggeleg. Men sveitt og tynnkledd som eg var, tok det ikkje lang tid for kuldegysningane sette inn, så då var det berre å springe vidare til bilen. Og det var den turen....


Fra Smørskornova 100910

torsdag 9. september 2010

Den siste sommardansen

 Foto frå Dokka 13/9 i fjor.
Vi ser inn Dalsfjorden mot Rivedal, Dale og Øyna. Bakkevatnet fremst.

Nok ein herleg og rask tur på Siktanuten i kveld i shorts og joggesko. Så tørt og fint at eg berre måtte springe. Det er sjeldan eg tek tida, men i kveld berre måtte eg. Klokka viste godt under den tida eg har brukt tur/retur denne toppen før. Litt artig er det jo å konkurrere med seg sjølv. Eg sprang forresten nesten opp i fanget på Leif og Arny som var på veg opp.... Og i dag vart det ikkje tid til å stoppe, farten framover var for stor....:-) Eg skal gje meg tida til ein prat neste gong, det lovar eg...:-)

onsdag 8. september 2010

Frisk bris

MMS Smørskornova i kveld

Eg tok turen til Rivedal og Smørskornova i ettermiddag. Sauesankinga hadde tydlegvis vore i helga, for sauene oppe ved grinda var fordufta. Eg såg dessutan Sonja kome på hi sida av elva med 3 stykker. Sikkert henta ovanfrå Hundeheia kan eg tenke meg. Men det gjekk endå fleire sauer oppe i bakkane ved Smørskornova. Eller det vil seie ganske langt nede mot myrane. Ein bræka fælt etter meg, og ville truleg heim...

Elles bles det ganske bra. Spesielt oppe ved toppen. Retningen var søraust og det var nesten ein føneffekt av den. Ganske så mild. Så mild at eg ikkje nytta fleecen eg hadde rundt livet ein gong. Relativt tørt over myrane til ein forandring. Likevel var det greitt å ha fjellsko. Fin trimtur igjen. Og eg avslutta heime med å hive nok eit halvt mål ved i vedakjellaren. No er all veden i hus heldigvis....:-) Det melder visst kraftig regn til helga...!

tirsdag 7. september 2010

Med joggis

Ved Leknesvatna 15/8.
Utsikt mot Blegja og Eitrenipa.

Det vart tid til ein kjapp tur på Siktanuten medan Peter var på trening. 3/4 tempo opp og jogg ned igjen. Så mykje er det vel ikkje å skrive heim om. Ein nydeleg kveld, praktfull utsikt mot Alden, Heggøyna, Smelværet og Tvibyrgje i den klåre haustlufta. Havet skimra i sølv. Det har tørka bra opp i det siste og for første gong i år var eg tørr i joggeskorna då eg kom ned igjen. God trim...!

søndag 5. september 2010

Urnes 3 & 4 september

 Motiv frå Urnes i Sogn

Eg har teke ut nokre naturbilder frå turen avdelinga vår i banken hadde til Urnes i helga, og laga eit album med bilder frå m.a. stavkyrkja her. Her er òg nokre bilder frå Solvorn. Diverre er det ikkje høve til å fotografere inne i kyrkja, då den er i privat eige. 

Urnes er ei perle i Sogn, og stavkyrkja står på Unesco si verdsarvliste. .


Fra Urnes 3&4 september 2010

Peter sin store dag

 Peter ved Nipevatnet. 
På heimveg frå Blegja i dag.

Det vart ein ny Blegja-tur i dag på "Kom deg ut" dagen. Men i dag vart Anne S med i lag med Olaug og Peter. 

På veg oppover tok damene kommandoen. Peter og eg danna baktroppen. Eg hadde lese litt om Playstation 3 siste dagane, samanlikna med Xbox, og det var visst som å trykke på ein "la det gå" knapp for Peter. Han la i veg oppetter bakkane, og om spelekonsollen, og snart hadde eg halvveges lovt han ein. 

Frå bakkane under Nipebua

Det tok ikkje så mange minuttane før vi var oppe ved elva i bakkane. Det første målet til Olaug, som ho brukar å seie. Og Peter gjekk endå på Playstation. Eg veit ikkje kva damene gjekk på, men jamnt og trutt putla dei på der framme. I starten på bakken opp til Nipebua følgde likevel Peter ilag med dei på stien, medan eg tok bakken rett opp og kom fram til hytta litt før. Der var det Leknes folk som eg fekk ein liten prat med. 

Sola stikk fram aust ved Rørviknipa

Frå hytta og oppover under Rørviknipa tok Peter og eg teten. Eg har teke ei litt anna rute dei siste gongene, der eg kryssar elva som kjem ned frå nordsida av Nipa, og går opp under det første fjellet på høgre sida av elva. Det er litt raskare å komme opp i traversen under Nipa og til Nipevatnet på denne måten. Og damene følgde på, stødig og godt. 

 Mamma sjekkar at alt er ok

Eg var ganske spent på korleis Peter ville takle å gå opp urane. Men steinen meistra han ganske godt. Rett nok vart han sliten i beina, som han sa, men litt XL-1 hjelpte godt på. Likeeins nokre kjeks som Olaug hadde på lur. 

Oppe i siste urane mot toppen låg det skodde. Som kom og gjekk. Peter og eg tok leiinga igjen. Og då siste ura oppe ved toppen viste i skodda, virka det som om guten fekk ei ny vitamininnsprøyting, for det tok jammen ikkje mange minuttane før vi stod på topplatået. Damene kom eit stykke bak. Likevel hadde vi synskontakt det meste av tida. 

 Peter ser litt bekymra etter mamma i barske omgjevnader...

Katen vart veldig glad då vi stod ved varden.  Og nokre minuttar seinare var vi alle samla i steinringen, der ein får litt skjul for trekken. 

 Samla i steinringen på toppen

Eg var fram på kantane og tok bilder i den flagrande skodda. Og etter nokre minuttar ser eg to personar komme inne i frå med god oppakning. Nokre minuttar seinare kjem det to ungdommar med ryggsekk, telt og fiskestenger. Dei hadde gått opp Breiskora i går og lege i telt inne ved Seltuftvatnet eller der om kring. Dei følgde like godt med oss ned att mot Rørvika den vegen. Dei to ungdommane høyrde til inne på Fauske og i Naustdal. 

 Vi traff to kjekke ungdommar 
frå Fauske i Førdefjorden og Naustdal...

Det låg vel gjerne i korta at turen ned igjen vart vel så hard som opp. Løye med det. Ein er berre halvveges når ein er på toppen. Så nedatt urane gjekk det tregare med både guten og damene. Eg likar egentleg å "danse" litt på steinen ned igjen, men i dag gjekk akkurat det for fort for resten. Peter hamna etter og damene endå meir. Så difor gjekk det ein periode i rykk og napp. 

 Fin utsikt mot Eitrenipa og Leknesvatna (bak) frå traversen under Rørviknipa.
Tobbedalsvatnet og Blåvatnet fremst i bildet.

Ungdommane vi møtte tok seg ein rast ved Nipevatnet. Vi andre gjekk ned til aust om hytta og tok oss ein pause her. Peter var no begynt å bli prega av at det var ein lang tur for hans del. Han fekk vondt i eine låret, truleg av ei lårhøne han fekk på forballtrening for litt sia. Så sa han i alle fall. Damene gjekk difor først ned igjen frå der ein kryssar den små elva, midt mellom Nipebua og Rørvika, og eg tok meg av katen siste biten. Det var tydeleg at guten var plaga av låret resten av vegen. Likevel vil eg seie at turen gjekk over all forventing. Ein fin første tur på Blegja for hans del. 


Fra Blegja 050910
Peter har funne slipt sand i ei hole i svaberget



(bomma visst litt på datoen under introen - det skal sjølvsagt vere søndag 5/9)

torsdag 2. september 2010

Havet skein av sølv

Hellaren nord om Svartetjørna

Eg tok meg ein kjapp tur på Siktanuten igjen etter arbeid i dag. Flott seinsommarkveld. 

Eitt kvart måtte ha daua oppe i der, sikkert ein sau, for ikkje mindre enn 4 unge havørner kretsa lågt over terrenget inne i Bjørndalen ilag med ein skokk med ramn. Dette var rett før den bratte oppstigninga til toppen. Ramnen heldt eit sværa leven, men eg såg ikkje noko spesielt punkt dei heldt seg til. 

Fin utsikt på toppen. Alden og øyane i vest låg bada i kveldssol. Havet skimra av sølv. Og lufta så klår så klår. September ser ut til å bli ein knall månad....

I morgon skal eg ein tur med avdelinga vår i banken til Urnes, med retur lørdag. Men det kan jo bli flotte og litt annleis bilder av det. Mogeleg rekk eg ein ny fjelltur seint lørdag. Med meldingane som er no må ein iallefall finne på noko spesielt søndagen... God helg iallefall!

onsdag 1. september 2010

Livet smiler tilbake

MMS frå Smørskornova i kveld. Vardeheia i bakgrunnen.
(Står visst på feil side av bildet, men ikkje alltid så enkelt med sjølvutløysar frå mobil:-))

Etter å ha styrt med diverse anna eit par kveldar, var det aldeles herlig å få seg ein rask trimtur på Smørskornova i Rivedal igjen. Flott vèr, kjøleg haustdrag frå nord og klår luft. Ja, sjølve livet smilte tilbake til meg, der eg lo med meg sjølv opp siste skaret mot toppen så sveitten dreiv. Og så var det full fart ned igjen, og nok ein gong er alle kroppsdeler like heile. Gode greie det her i kveld. Hadde bruk for den her.... Lettar humøret slikt. Og så fekk eg ut litt kontorstøv av systemet òg....:-)