Så var allereie juli rett rundt hjørnet. Her er ein YouTube snutt med bilder for denne månaden òg frå kanalen min
God sommar 🌞
Så var allereie juli rett rundt hjørnet. Her er ein YouTube snutt med bilder for denne månaden òg frå kanalen min
God sommar 🌞
| Dagens selfie på Neviknipa |
| Tunge skyer i aust og over Blegja |
| Vågane og Flokeneset |
| Vågane og utsikt mot Svanøy og øyane i Florø |
![]() |
| Anne Kirstine Larsdotter hadde som livrett sterk kaffi og god røyk på kritpipa. Ho døydde i 1922, 91 år gamal |
![]() |
| Jakob Osland var boresmed på dam- anlegget ved Stangsvatnet då aluminiumsfabr. tok til i 1906 |
![]() |
| Lars Gundersen Stavestrand (Stranda-Lars) Sjå tekst. |
| Myrane |
![]() |
| Her sit Stranda-Lars berrføtt - legg merke til nevane og vèlslitne klede |
| Utsikt mot Oslandsbotten frå Myrane |
| Den gamle stova der det i si tid budde 5 gamle menneske (1906) Eige dikt frå Myrane Stranda-Lars Den gamle kona "I Myrane levde dei av nokre geiter og sauer. Dei spøta og sydde for folk. Og selde sopelimar av bjørkeris. Mange av dei som budde her vart gamle. Ane i Myra døydda i 1915, 97 år gamal. Søstera Anne Kristine Larsdotter døydde i 1922, 91 år gamal. Det seiest at livretten hennar var sterk kaffi og ein god røyk på kritpipa. Ane var kjend for å vere mykje nytta til å ta koppeblod av slike som kjende verkeknutar i ledd og lemer. Ane hadde ein son, Jakob Osland. Han jobba på jodfrabrikken i 1897 og seinare som boremeister på damanlegget på Osland då aluminiumsfabrikken tok til i 1907. Stranda-Lars var bror til kona til Jakob. Berrføtt bar han varer til fjells i anleggstida for utbygginga av elektrisitet til aluminiumsfabrikken. Han var både lese- og skrivefør. Av lesestoff hadde dei andaktsbøker og salmebøker, og bladet "Vestlandsposten". Lars heldt seg med maten sjølv. Ein person frå Stongfjorden som vitja Myraplassen ein 2.juledag har fortalt at Lars då stod og tinte på frosen graut. "Han er så hard at tolekniven ikkje står i han" vart det sagt..." Frå Stangfjordalbumet Osland arkivbilder Vimeo |
![]() |
| Foto frå Nonsholten på Heileberget mot nordaust |
![]() |
| Foto frå Fossedalshengenipa mot aust |
![]() |
| Foto frå Eitrenipa mot nordvest |
![]() |
| Foto frå Eitrenipa mot vest |
| Lett regn på Nerviknipa i dag |
| Vi ser ned att i Vågane |
| ...og mot Flokeneset og Førdefjorden |
| Mykje folk samla på vakre Kinn i dag under Kinnaspelet |
| Ein utflytt daling har vore med i mange år... Her Agnes Alisøy i lag med Sillan, Tiril, Olaug og Tone |
| Tiril og Olaug skein som sola |
Ja, vi kunne vel ikkje fått ei flottare ramme rundt 40-årsjubileet til Kinnaspelet og "Songen ved det store djup" enn det vi hadde i dag. Sola skein frå nærast skyfri himmel! Og nordavinden var av det spake slaget. Saman med Tiril, Olaug og underteikna, var Sillan og Tone. Og 25-30 andre personar frå Askvoll. Ei heil båtlass var elles med Bergensbåten då den kom til Askvoll og tok oss med vidare nordover til Kinn.
Sjølve spelet starta kl.13.10. Og handlinga kan du lese litt om her. Det var utruleg bra. Etter kva eg hugsar var over 160 personar involverte i spel og musikk. Elles imponerande logistikk med båtransport frå Florø og billettar. Og for ikkje å snakke om matsalet etterpå.
For å gjere ei historie kort så hadde vi ein utruleg flott dag der vest i havet. I lag med fleire tusen andre. Sol i bakkane, matykt og nydeleg utsikt. Knallbra! På linken under ligg det ein del mobilfoto.
| Olaug og Olina i Rivedal på stolpejakt - 22.mai |
| Håvard og Olaug i Melværet på Værlandet 15.mai |
| Brurastakken 12.juni |
| Fantastisk steingard på Arstein 25.mai |
| Under Tormodgrotta mellom Skorvestølen og Selvikestølen 20.mai |
![]() |
| Foto frå Teater Vestland si side |
Vi har vore så heldige at vi har fått Bergensbåten som skal til Kinn på Kinnaspelet 21/6 til å gå innom Askvoll for å ta med tilskodarar til spelet! Flott gjort 😊Avgang Askvoll ca. kl 11.00 med retur frå Kinn kl 17. Så her er det berre å kjenne si besøkstid. Nærare info blir gitt når tidspunktet for spelet nærmar seg.