Dagens selfie... |
Nordgåande ekspress passerer Staveneset |
Mot vest og toppen på Furefjellet i midten |
Dagens selfie... |
Nordgåande ekspress passerer Staveneset |
Mot vest og toppen på Furefjellet i midten |
Decor syng under torgdagen i Dale 15/6 |
Trilletur på Nordnes i Bergen med Olaug, Øyvind, Ingrid Anita og Marie (fotograf) 11/6
Bergenfest 12/6 |
ds |
Torgdag i Dale 15/6 |
Marie på Arnarsonmila 15/6 |
Marie og Øyvind 15/9 |
Eg vart møtt med ei heidundranes haglebyge ute i Holevika i dag. Og på den nyleg tilrettelagde parkeringsplassen (bravo) vart eg ståande i minst 10 minutt før byga gav seg. Det var nesten som om hagla skulle kome gjennom biltaket!! Det vart valne fingrar oppover i den kalde vinden og lett regn. Og torèveret dundra lenger aust. Men på Furefjellet skulle eg. Kunne ikkje køyre ut der utan.
Etter nokre minuttar oppe i bakkane snudde vèret heilt. Og som han skreiv i stilen - sola skein som ho var gala 😄Men du verda kor vått det var i stien oppover. På toppen var det flott. Rett nok litt vind heilt her ute i havgapet. Ned igjen var det berre å gje gass før neste byge segla inn frå sør... Flott TiTur-trim!
Med Olaug og Tordis på Fossedalshengenipa i dag |
Blide damer snart på toppen... |
Blide damer på toppen... |
Super tur med Tordis og Olaug til fjelltrimposten på Fossedalshengenipa i dag. Delvis skya, vindstille og bra temperatur. Som rett nok fauk både opp og ned alt ettersom sola stakk gjennom skyene. I det høve kom eg på den gamle blødma at eg sikkert såg ut som ein kleshengjar på veg oppover....😁
Turen gjekk den vanlege standardløypa frå Markavatnet til Krokavatnet og vidare opp dalen. For deretter å kløyve opp sjølve konglomerat ryggen. Vi traff elles to kjende og ivrige poengsankarar på turen. Og slo sjølvsagt av ein liten passiar med dei. På toppen hadde vi ein lengre pause med mat, klementinar, drikke og sjokolade. Veldig sosialt!
Elles kjekt at Tordis R. fekk sjekke ut Fossedalshengenipa på årets fjelltrim også. Nesten i mål med ei rute på trimmen no. Takk for turen. 😄