torsdag 19. desember 2024

Fossedalen - der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Gunhild Fossedal avfotografert i Jul i Sunnfjord 1993

TV serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" er velkjend med mange sjåarar. Det er eit kjekt program. Fjellgardane i Fossedalen på nordsida av Dale og Dalsfjorden kan godt gå under denne nemninga òg. Som så mange andre einbølte gardsbruk frå gamle dagar. 

I 1974, og lenge før nemnde TV serie gjekk av stabelen, laga NRK og Henning Rivedal program frå Fossedalen. Programmet som fekk tittelen "Titt eg minnest ein gamal gard" ligg framleis i arkivet til NRK. Filmen kan du sjå her. Det er ein flott dokumentasjon på livet i Øvre og Nedre Fossedal i si tid. 

Nedre Fossedal i dag

Elles hadde Jul i Sunnfjord eit fleire siders veldig kjekt og informativt stykke om Fossedalen i 1993. Det var ført i pennen av Atle Ness og Rune Dale. Juleheftet utgjeve av Sunnfjord Sogelag kan du lese digitalt her.

Øvre Fossedal i dag

Øvre Fossedal fotografert i 1934 av Astrid Fossedal - Fylkesarkivet
"det er som dei gamle husa ligg der og søv under dei store snødynene"

Fossedalen har elles eiga Facebook side - kalla Fossedalen - i grøne far. Her er det samla mykje stoff, soger, turtips. Under media mykje bilete. God lesnad!

Med desse orda ynskjer eg alle ei retteleg God Jul 🎄🎅

søndag 8. desember 2024

Perfekt 2.advent

Ved toppen på Gjelsvikefjellet med utsikt til Eitrenipa og desembersola.
Fløyen på Heileberget t.h.


Selvikestølen

ds

Gjelsvikestølen
Blegja og Synste Stauren t.h.

Nydeleg tur til Gjelsvikefjellet igjen. I dag i lag med Olaug. Omlag O grader og delvis frose på. Heilt klårt! Som dei siste turane gjekk vi ruta via Fesselia til Selvikestølen, Gjelsvikestølen og opp bakkane til toppen. 

Dei tidlege morgonstrålane av sol skein på Fossedalshengenipa og Markahengenipa då vi kom opp lia. Lenger oppe dukka Etrenipa opp der sola kikka fram i skaret i sør. Og endå litt lenger aust skein Blegja i morgonsol. Sola var allereie komen på Selvikstølen. 

Lenger oppe og i aust dukka Førdefjorden opp i tjukk skodde. Akkurat som sist. Og her var det litt meir austatrekk enn lenger nede. Ganske kald i draget. I tillegg låg det ein del snø der skaren ikkje heldt. Så ja, det var ganske tungt opp bakkane frå stølen. 

På toppen skifta både Olaug og eg kleda på overkroppen. Og fekk på oss dunjakkene. Herleg! Iallefall når du først har fått skifta...😄Ned igjen bar det same vegen som vi kom opp. No i nytrakka spor. Litt glatt var det framleis mange stadar. Men det gjekk greitt utan broddar i dag. 

Vel heime igjen var det tid for ein dukkart i sjøen. I dag heldt vatnet 4 grader! Så ja - det vart egentleg to kalde avrivningar i dag...😍😄

Foto Gjelsvikefjellet 081224

tirsdag 3. desember 2024

Desemberlys

Soloppgang over Holmedal i dag

Dokka og Moldura frå stien til Kleppenes-/Bogestølen og Bakkestølen

Flott utsikt mot aust frå toppen av Hekkelfjellet.
Vi ser m.a. f.v. Portafjellet, Vardenova, Blegja, Storehesten, litt av Eitrenipa og Fossedalshengenipa, N&S Kringla. t.h. ser vi innover Heileberget og fremst Smørskornova.

Dagens selfie på Hekkelfjellet

Bakkestølen på returen

Kleppenes/Bogestølen på returen

Nydeleg desembertur til Hekkelfjellet 708 moh i Holmedal i dag. Start ved vassverket. Første delen går opp stien mot Bakkefjellet, men held fram nordover til Kleppenes- og Bogestølen. Deretter til Bakkestølen og opp bakkane. Den siste ganske bratt. Så austover det kuperte fjellet mot toppen. Det er godt merka heile vegen sidan fjellet er post på fjelltrimmen i Askvoll sesongen 24/25. 

Veret var aldeles strålande. Nokre minusgrader hadde gjort stien og vasspyttar frosne. Sola steig opp over Holmedal og Dokka då eg kom eit stykke opp i bakkane. Lenger oppe skein bjørkeskogen i raudt! Nordover flatene mot stølane glimra Dokka og Moldura seg i flott desemberlys! 

Ved krysset til Bakkefjellet skein morgonsola i raudt

Ved Bakkestølen på veg opp.
Moldura og Fanafjellet i bakgrunnen.

Fjorårsgraset i den siste bratte bakken opp mot toppartiet var godt frosen. Eg slapp likevel å ta på meg broddane ved å "sjå meg føre"... Også på returen ned igjen. På toppen var det ein litt sur austavind, så eg tok å skifta til tørre klede og dunjakke. Det gjorde seg. 

På veg ned igjen gjorde eg meg ein pause på Bakkestølen. Nokre brødskiver og saft gjorde underverk. Fantastisk flott i den låge desembersola. Heilt super tur dette 😄   

fredag 29. november 2024

Adventshelg i kjømda

Første sundag i advent nærmar seg med stormsteg. Så her er ein bildeserie for desember.

God adventshelg 🎄🎅

onsdag 27. november 2024

Nydelege Gjelsvikefjellet

Veldig nøgd på toppen 😃

Soloppgang ved Eitrenipa

Gjelsvikestølen i morgonlys

Selvikestølen (på returen no i sol)

Karakteristiske Fossedalshengenipa sett frå nord

Aldeles nydeleg tur til Gjelsvikefjellet igjen. Via Fesselia i Skorva, Selvikestølen og Gjelsvikestølen. Eit par minusgrader hadde gjort stien delvis frosen og isete. Så eg brukte broddar frå omlag halvveges. Veret var elles heilt praktfullt. Skyfritt. Og sola skein sine første strålar over Markahengenipa då eg kom eit stykke opp lia. 

Selsvikestølen låg i skugge då eg kom opp hit. Men morgonsola stråla over Gjelsvikestølen lenger oppe. Med perfekt utsikt til Eitrenipa og Blegjamassivet (sjå foto). Innover Førdefjorden derimot låg det tjukke skodde. Og lenger oppe kunne eg sjå skodda under meg ligge ut heile fjorden - nesten til havs. 

På toppen var det utruleg flott. Vindstille og ei låg sein-novembersol. Ja, såpass at eg kunne ta meg eit par skiver etter å ha skifta litt sveittevåte klede. Ja, flottare tur enn den i dag kunne eg ikkje tenkt meg... 😄 Sjå elles foto og video i 4K!
 

Video i 4K frå Gjelsvikefjellet

onsdag 20. november 2024

Møte med utegangarane igjen





Det kjennest ut som vinteren kjem tidlegare og tidlegare kvart år. Men det er vel gjerne ein illusjon. Iallefall vart det reint vinterleg no med minusgrader og lett snøfall. 

Eg kom meg likevel på Høgeheia igjen i dag. Ei stund sidan sist no. Nokre minusgrader i natt hadde gjort stien knallhard. Også isete over hamrar og steinar somme plassar. Med lett snø opp igjen på veit vel alle at dette kan vere utfordrande. Ikkje verre enn at ein fint kan trakke utom slike lumske kvite steinar... 

Elles traff eg på utgangarane oppe ved toppen. I eit område eg har møtt dei ved fleire anledningar. Dei såg heilt fine ut i novembersola. 

Fin trimtur!

torsdag 14. november 2024

Tilbake på fjellrangling

Ein hyggeleg liten passiar på toppen av Gjelsvikefjellet i dag


Eitrenipa t.v. og Fossedalshengenipa t.h.

Blegja i skodde og Keisarlivatnet i framkant

Det har vore litt for lite fjellrangling i det siste. Mykje dårleg vèr og barnepass får ta deler av skulda. Men kanskje viktigast - at eg ikkje MÅ avgarde til fjells lenger - i alt slags vèr. Sikkert like greitt 😄 

Vel, i dag vart det likevel til ein tur på den nye fjelltrimposten på Gjelsvikefjellet i Kvammen. 663 moh. Der Olaug og Sissel vart med. Av arbeidsmessige årsaker kom vi oss ikkje avgarde før nærare klokka 12, så beste vèret gjekk frå oss. Likevel kom vi oss vel opp og ned medan det var opplett.

Elles ganske så blautt mange plassar. På ruta via Fesselia, Selvikestølen og Gjelsvikestølen. Vèret var noko disig, med 5-6 plussgrader. På toppen litt sørvest trekk. 

No lei det såpass langt på dag i dag, i forhold til lys og regnet som var venta, at noko matykt på toppen vart det ikkje anledning til. Vi får håpe på fine haustdagar framover så kaffien og skivene blir etne på fjellet - og ikkje heime igjen.... 😄

Foto Gjelsvikefjellet 141124

torsdag 31. oktober 2024

November i bilder

På ein særs våt sein-oktoberdag kan vi vel dra fram nokre bilder for november månad. Som kan vere ein fin månad den òg - om veret lagar seg!

fredag 25. oktober 2024

Nonsholten 751 moh

Det er ein god del flatt fjell på Heileberget

Flott utsikt til Fossedalen frå Nonsholten.
Elles ser vi m.a. N&S Kringla, Blegja, Storehesten og Laukelandshesten.

I nord ser vi Markahengenipa og Fossedalshengenipa.
Langevatnet med Nipebu midt i bildet.

Vintermotiv frå Nonsholten.
Søndre Kringla t.v. Blegja, Heilevangstaurane, Storehesten og Laukelandshesten. 

Foto frå Driveknolten - Nonsholten midt i bildet (Fløyen bak)

Gjelsvikefjellet (ny post på fjelltrimmen òg), Fossedalshengenipa, Høgefjellet og Eitrenipa 
Dalsstoredalen går i nedre kant - løypa frå Fossedalen til Nipebu

Nonsholten på Heileberget er ny post på fjelltrimmen i Askvoll for 2024/2025 sesongen, Første gong toppen stod på programmet var i 2017/2018 sesongen. Blogg her. Her er fleire ruter opp. Dei står beskrivne på ut.no 

Ovanfor plukka eg nokre tilfeldige bilder frå fjellet. Frå gamalt av har eg gått mest frå Rivedal. Og då flest gonger over Hundeheia og Driveknolten. Spesielt om vinteren er denne ruta å føretrekke. Ved vanskelege snøforhold kan det vere greitt å gå via Vagstaddalen og Atlevatnet. I år er det merka frå Otterstein og via Fløyen og ut til Nonsholten. Det er ei forholdsvis utfordrande rute. Spesielt vinterstid krevjande og ikkje for "kven som helst". Då er det posten"snillare" å nå frå Rivedal. Og også frå Nipebu. Fin som skitur! 

Heileberget, Driveknolten og Nonsholten har fantastisk utsikt til Dalsfjorden, bygdelaga kring fjorden og eit utruleg fjellrike i alle retningar. Askvoll og Fjaler på sitt ypparste. 

Nonsholten er ein såkalla 30 poengs tur. Og den som er tyngst på årets program. Utanom Blegja som er frivillig. Så får vi berre håpe på nokre fine haustdagar framover så vi kan nyte ein tur på dette flotte fjellet òg. 

fredag 18. oktober 2024

Kuling i luggen

På Hekkelfjellet i dag - i ly bak ein hammar....

Kleppenes- Bogestølen

Fin utsikt mot aust frå Hekkelfjellet!
Vi ser m.a. frå venstre Gjelsvikefjellet og Vardenova. I bakkant Blegja i skugge og Storehesten. 
Framfor desse ligg Eitrenipa (ein bit), Fossedalshengenipa, N&S Kringla. Til høgre i bildet ligg Smørskornova fremst og bakerst innover Heileberget. 


Dokka og Kringla. Midt i bildet ligg Hålandsstølen. Vikastølen t.v.

Eg møtte Olaug i Askvoll i dag kl 12. Det passa slik av vi køyrde til Holmedal i lag og tok turen til Hekkelfjellet. Fjellet på 708 moh. Ruta startar ved Vassverket i Holmedal. Same utgangspunkt som dagsturhytta. Men med skilnad at ein kryssar elva og held fram oppover vegen mot Bakkefjellet. Og tek opp på flata mot Kleppenes/Bogestølen og Bakkestølen. Deretter vidare opp mot nord der ein til slutt møter ein bratt bakke som fører ein opp på flata til fjellet. Heilt oppe i øvste delen av denne bakken traff vi eit par på veg ned som vi kom i snakk med. Men her oppe bles det ganske så kraftig. Og temperaturen var ein heilt annan enn lenger nede. Så lange praten vart det ikkje. Det var i grunn berre å kome seg opp og ned igjen.  Men eit par foto på toppen måtte no til...😊

Veret elles var overskya. Og i terrenget var det ganske så vått. Så høge vasstette fjell/tursko ein føresetnad (småsko-tida i fjellet er forbi for i år...). Og det må nemnast at det er lagt ned veldig bra arbeid med merking av stien opp. Og elles rydda einer og kvist. Applaus! 

No treff vi på eit par kjenningar til dåå vi kom ned omlag ved Bakkestølen. Og slo av ein passiar med desse òg før vi returnerte til Vassverket. Flott og luftig tur dette.

Foto Hekkelfjellet 181024

mandag 14. oktober 2024

Super kveldstur

Det kveldar på Jamneheiane
Steinheia t.v. Alden, Atløy, Raudøyna og Heggøyna

Askdalen i kveld


Eg møtte Olaug i Askvoll i dag etter at ho var ferdig på jobb. Saman gjekk vi Askdalen inn til endes, opp bakken her og nord til Fismavatnet og Jamneheiane. Her er det ny fjelltrimpost for komande sesong 24/25. Vèret var delvis skya med sol inn att i mellom. Temperaturen rundt 6 grader. 

No må eg innrømme at Askdalen nærast er for ein transportetappe å rekne. Og ganske lang inn - og ikkje minst ut att. I dag var det likevel fint innover i kveldslyset. Flotte fargar på lauv og vegetasjon. Men rimeleg vått mange stadar. Det vart ein super fin tur til posten. Tidlegare år har eg gått ein heil del frå Fisma til Jamneheiane. Her ligg ein del bilder. 

Foto Jamneheiane 141024

fredag 11. oktober 2024

Nytt fjelltrimmål

Utsikt mot Flokeneset og Førdefjorden i nord


Fin tur på oss to...

Flott utsikt til Vågane og Flokeneset og øyane i Florø-bassenget

Håsteinen i kveldslys

Utsikt austover til Gjelsvikefjellet og Blegja

Nerviknipa er ein ny post på fjelltrimsesongen 24/25. Og har heller ikkje vore med på programmet tidlegare. Det er faktisk eit fjell som eg er litt usikker på om eg har var vore på før òg (mogeleg på sauesanking). Før i går ettermiddag. No har eg rett nok gått ein god del på tidlegare postar i nærleiken som Middagsnipa og Indrevågefjellet. Dei ligg høgare og høvesvis litt lenger aust og sør. Og då med start i Vågeskaret eller Oslandsbotnen. 

Starten på turen til Nerviknipa startar ved busskuret i Vågane. Og gjennom grinda her. Det er godt merka heile vegen med breie oransje plaststrimlar på tre og vegetasjon oppover. Også ein del vardar lenger oppe. Stien er ganske bra oppgådd. Undervegs er det lagt ut 4 taulengder opp nokre relativt bratte hamrar. Veldig bra jobba 😄! Hamrane er ganske glatte når dei er våte. Som i går kveld. Og taua var gode å halde seg i, spesielt ned igjen. Kanskje greitt å vere obs på framover sidan ruta også ligg unnasols. Spesielt til vinteren med snø og is. Gode sko og broddar/stegjarn absolutt ei forutsetning ved slike forhold. 

Når dette er sagt har fjellet på 391 moh ei fantastisk utsikt i nord til Vågane, Flokeneset, Førdefjorden og øyane i Florø-bassenget. Og til kjende fjell i aust som Gjelsvikefjellet og Blegja. Førstnemnde også ny fjelltrimpost for komande sesong. I vest har ein utsikt til Ytrevågefjellet. Turen er elles skissert på ut.no her

Pass på væte, snø og is framover! God tur!

Foto Nerviknipa 101024

mandag 7. oktober 2024

Bokbytte-tur

Storfe ved Krikavatna

Litletjørna  - Moldura i midten bak

Dagens selfie


Eg tok turen til Toreheia igjen i dag for å hente ned fjelltrimboka til AHIL (Askvoll og Holmedal idrettslag). Den hadde "utløpsdato" i går. Samtidig la eg ut igjen boka, "Toreheias vener", som plar ligge her fast. Alltid kjekt at det ligg ei bok på fjellet ein kan skrive seg inn i sjølv om ein ikkje får registrert trimpoeng! Som selskap hadde eg ein bøling med storfe (sjå foto). Nokre av dei gjekk i dag ved Krikavatna.

Vèret var stille og overskya. Og bra temperatur. Men det var ganske vått mange stadar. Det må ha regna ein del lørdag. Sjølv har vi vore i Bergen i helga.  

No står nye postar på programmet for fjelltrimmen (NB. Opprinneleg låg MIddagsnipa inne. Men den er bytta ut med Nerviknipa). Det skal bli kjekt å få besøke desse framover.  


Foto Toreheia Yndestadhøgeheia 071024