Så står desember månad for døra. Ubrukt og ny. Det lyser i stille grender - og litt julekav.
Her er ei samling bilete frå denne månaden.
Så står desember månad for døra. Ubrukt og ny. Det lyser i stille grender - og litt julekav.
Her er ei samling bilete frå denne månaden.
|
Julegrana til høgre. Planta 1929. Her er eit bilete frå 1957 frå Dalstunet. Året eg var fødd. Julegrana i bakgrunnen t.h.. Fotograf Atle Hjelmeland. Biletet ligg på Fylkesarkivet med denne teksten:: Herlege ungar, godt kledde i skinnluer og oljebukser. Snøen ligg endå i Dalstunet. Dei står framfor gamle stova til 'Bonden i Dale', som Johan Dale vart kalla. Den er diverre riven. F.v. Tove Fossedal, Per Dale, Frank Fossedal, Mona Thomassen, Olve Fossedal og William Dale.
Etter å ha skrive dette blogginnlegget 12/11 om gamleløa og julegrana, kan eg berre konstatere at det tok 9 dagar før ein fann ut at julegrana måtte vekk. Vi som har vakse opp i Dalstunet for over 60 år sidan har hatt grana som eit kjært symbol for Dale. Den var ca 90 år. Etter å ha styrt raseriet mitt i heile dag, og inn i mellom nekta for at det var sant at grana var vekke, tok tårene meg fatt då Roald Standnes posta det flotte biletet med julegrana i bakgrunnen. Ein tradisjon med jula er vekke for alltid! Utan å henge ut nokon i gapestokken synest eg den nye ordføraren Leif Jarle Espedal bør gå ut å beklage det som har hendt. Timinga med saginga var usedvanleg dårleg vurdert. |
Dalsstølen i vinterskrud |
Elsbeth Paulus på ELRAKI |
Eg har laga eit par album frå Dalsstølen og ELRAKI-hytta. Bileta ligg på Facebooksida til Fossedalen - i grøne far. Dette er mest historiske bilete.
Litt vind og godt med dun på toppen |
Ved Litlevatnet og Svartevatnet |
Ved Krikavatna |
Krikavatna og Mangevatna ytst ute - Yndestadhøgeheia t.v. Skylefjellet t.h. |
Vi nærmar oss toppen - litt snø Alden, Stavenesodden og Yndestadhøgeheia i bakgrunnen |
Yndstadhøgeheia - Flott utsikt til Krikavatna og øyriket i Florø - Skylefjellet i midten |
Olaug hadde fri denne flotte tirsdagen, så det vart til at vi gjekk på Toreheia. Fjellet som ligg på nordsida av Stongfjorden "her heime". Det er fjelltrimpost for denne sesongen.
Det var frost i bakken, litt austleg drag i lufta, og eit par plussgrader då vi gjekk frå Yndestad. Som eg tenkte fekk vi morgonsola oppe ved Rinda. Nydeleg!
Vidare oppover hadde vi sola til vi runda opp den nordlege merka ruta til Krikavatna. Her var sola borte eit parti. Også delvis opp første del av dalen, før vi fekk ho att lenger oppe. Litt trekk var her. Og issvullar. Men heilt problemfritt utan broddar. Supert når myrar og vatn er frose på i terrenget. Oppe ved toppen låg det elles litt gamal snø. Ved varden vart det fult klesskift. Til tørre ull- og dunklede.
Etter sedvanleg foto tok vi den andre ruta ned igjen. Den som går over toppane på Yndestadhøgeheia. Med flott utsikt heim igjen. Sol heile vegen! Og frå Yndestadhøgeheia ned til den første ruta ovanfor Svartevatnet og til Rinda igjen. Nydeleg tur!
Yndestadhøgeheia - heim til Yndestad t.v. |
Gamleløa i Dalstunet med julegrana til venstre. Januar 1954. |
Eg skreiv eit blogginnlegg om gamleløa til Harald`n i Dale for ei stund sidan. Og kom i dag på at pappa teikna eit bilete av løa frå kjøkkenglaset heime. Her er eit mobilfoto av biletet.
Pappa var flink til å teikne og måle. Og var egentleg kunstnar i sjela. Men vart lærar for å brødfø ein stor ungeflokk. Pappa gjekk vekk 3.mars 2015.
Som eit minne om ein kjær pappa tek eg fram igjen biletet av gamleløa, gamle Dalstunet, julegrana og den flotte Kringla. Finaste fjellet ved Dalsfjorden. Og ynskjer alle fedre ein god farsdag.
P.S. Av biletet ser vi julegrana i Dalstunet. Januar 1954. Den står den dag i dag.
Med eit bilete teke 4/11-19 frå Driveknolten på Heileberget mot Fossedalstraktene ynskjer eg alle god helg. Eg har sett namn på ein del av fjelltoppane. Hugs at du kan forstørre opp biletet.
Vi ser Ingrid Fagerheim, Greta Hekneby, underteikna, Hjørdis Åsnes og Målfrid Skaar (arkiv). |