onsdag 31. august 2022
søndag 28. august 2022
Mamma 85 år
Ved Storesteinen på Sørebø oss søsken og mamma. f.v. Mildrid, Leif-Arne, Sigvard, Øystein Olav, meg og Bergljot - og mamma |
Vi hadde ei veldig kjekk feiring av mamma sin 85-års dag på Yndestad Gard i Guddal i går. Det er mandag som er dagen hennar! På Bakken på Sørebø fekk vi først besøke bestefarstaua der mamma og pappa budde ein vinter i lag med Sillan 0,5 år og meg 1,5 år i 58/59. Mektig og koseleg! Tusen takk til Odd Arne Osland for at vi fekk kome!
Bakken på Sørebø |
ds |
Eg trur vi var 54 stykke av familien samla. Smått og stort. Bilda frå tilstellinga er av privat art. Så dei held eg førebels innan familien.
Tusen takk til Yndestad Gard for flott service og god mat. Kan absolutt anbefale ein tur hit.
Og kaker og anna kom og på bordet... |
fredag 26. august 2022
torsdag 25. august 2022
Fjelltrimtoppar 2023...?
Frå bildeserie Under open himmel på Eitrenipa I det dårlege vèret har eg teke ein smugkik på det som etter programmet er nye fjelltrimpostar for 2023. Oppstart i byrjinga av oktober. Her dukkar det opp mange kjende og kjære fjell. Spesielt vil eg seie at Eitrenipa er ein av favorittane mine. Som sagt fleire gonger før. Fjellet høyrer til Kvammen sida av kommunen. Men også fint tilgjengeleg gjennom Fossedalen og Eitreskaret (sjå foto frå Fossedalshengenipa). Frå Skorvemarka i Kvammen går ruta som kjent via dei idylliske Leknesvatna. |
Eitrenipa t.v.frå Fossedalshengenipa |
I Rivedal står Stølsfjellet på programmet. Ein relativt enkel tur via Lisetstølen/Nedgardstølen. I nordvest-enden på Vagstaddalen. Som Eitrenipa noko bratt i oppstigninga mot toppen. Vinterstid kan dette vere utfordrande. Men då kan ein med fordel gå opp dalen på nordsida og vest til toppen.
Høgeheia høyrer til Stongfjorden-sida av kommunen. Fjellet treng vel ikkje nok nærare beskriving. Det ligg som høgste punktet ute ved Staveneset. Godt merka og god sti allereie. Her er det forresten 4 fester for hengekøyer om nokon vil overnatte i solnedgangen.
Og så kjem vi til Dokka. Kjært fjell i Holmedal. Av mange karakterisert som de vakraste i kommunen. Iallefall med ei fantastisk utsikt til Dalsfjorden og bygdelaga ikring. Greie og merka ruter opp ranen i aust eller via Nyksvatnet/Nykshytta i nordaust. Under bildeserie her i frå òg.
Til sist av dei obligatoriske og sannsynlege postane på fjelltrimmen neste år, er Hjartåsen i Askvoll. God sti inn ved Presteelva og på vestsida av Askdalen. Ein ganske enkel og grei heilårs-tur.
Blegja er som vanleg fast post, men ikkje obligatorisk å gå på. Under ein bildeserie her i frå òg.
Som vi ser er det mange kjekke toppar å gå på frå hausten av. Noko for ein kvar smak - og ei kvar årstid. Hugs tryggleiken og God tur!
tirsdag 23. august 2022
Fin fjelltrim
Dagens selfie |
Mot Livra, Flekkefjorden, Leitet og Tysse |
Mot Nipebu-traktene |
...og Fossedalstraktene med fjella ikring |
Herleg tur inn Heileberget til fjelltrimposten på Driveknolten i dag. Den vanlege og merka ruta frå Rivedal. Tur/retur. Overskya, god temperatur og vindstille. Perfekt turvèr med andre ord. Dessutan ganske tørt etter kvart. Sola som var lovd såg eg ingenting til før eg kom heim igjen.
mandag 22. august 2022
Alt slags vèr
Tunge skyer over Dokka og Dale |
... og Askvoll |
søndag 21. august 2022
Eg vil heim
lørdag 20. august 2022
tirsdag 16. august 2022
Stilla
mandag 15. august 2022
Det haustast
Peter og Marie på lørdag |
Fristadfjellet i dag |
Bjørn Tomren i Dale kyrkje i går - fantastisk, magisk og gripande |
Skylefjellet - igjen - i går |
onsdag 10. august 2022
Dalsfjorden
Det er Dalsfjordveke og Fest i Fjaler denne veka. Då passar det vel gjerne med denne bildeserien eg laga i fjor sommar.
tirsdag 9. august 2022
Klissvått
To nye klissvåte turar til Skylefjellet i går og i dag. Og bilda er dei same som før. Gråvåte selfies.... Så dei får no berre ligge her på maskina! Lite nytt i det.... Legg heller ut igjen ein bildevideo frå litt betre dagar!
søndag 7. august 2022
Waiting for the sun
Vått og kald vind på fjellet i dag... Men humøret er der.... |
Ikkje akkurat sommarvèr på fjellet i dag. Kald vind og regn. Ja, eg skulle faktisk ynskt eg hadde hatt stillongs på meg. Elles vått, myr og gjørme. Måtte ta i ned igjen for å halde varmen. Så slik går visst resten av sommaren - "Waiting for the sun"...
lørdag 6. august 2022
torsdag 4. august 2022
Søkkvått
Sauene ved Skylefjellet er òg våte no... Toreheia i bakgrunnen |
Dagens Sunnfjords perle i grått sommarvèr... |
To nye søkkvåte turar på fjelltrimposten på Skylefjellet denne veka. I går så vidt eg kom meg over Rindaelva. Ikkje så mykje mindre vatn i dag tidleg heller.... Takk til Vilken Y., nabo, som har ordna med ein wire over elva. Den er god å ha når vasstanden er høg. I går hadde eg ikkje tort å prøve og kome meg over utan...
Ja, som så mange gonger før denne sommaren så vil væta visst ingen enda ta. Diverre blir det då gjørme av det òg. Men det er no ein gong slik at vèret lyt vi ta som det kjem. Det viktigaste er å ha gode sko og klede - for å sitte heime utan å kome seg på tur er ikkje noko alternativ.
mandag 1. august 2022
4 beinte på godt fjellbeite
4 beinte kosar seg i flott august-vèr ved Skylefjellet Godt fjellbeite i år! |
Sunnfjords-perle - Svanøy |
Skålefjellet og Moldura i synsranda |