Mot Kvammen og Vevring på returen frå Blegja i dag
Som tidlegare nemnt fekk eg meg ein feriedag i dag. Meterologane spår visst tilskyande vèr frå helga av, så det var kjekt å få seg ein dag med skikkeleg flott haustsol får sørvesten er over oss igjen.
Eg vart spurd hin dagen om å skifte ut fjelltrimboka på Blegja i år som i fjor. Noko eg sjølvsagt takka ja til. Problemet på denne tid av året er kor tid snøen legg seg der oppe. Den kan kome i helga eller om to veker. Boka skulle vel egentleg ikkje ned før den 10., men folk som eventuelt går frå no av og fram til den datoen, kan sikkert berre ta kontakt med fjelltrimgruppa om dei vil ha poenga registrerte. Slær vèret om no som spådd, kan dette umogeleg vere snakk om mange.... Nyeboka som er komen på plass for sesongen 2010/2011 gjeld nok ikkje før neste helg av.
Diverre opplevde eg truleg årets tabbe i dag tidleg. Olaug reiste på jobb, og eg vart heime med Peter til han skulle på skulebussen til Askvoll. Det vart sikkert meir styr enn eg er van med. Eg er jo så heldig at eg hoppar ut dørene først om morgonen. Me myself I, så eg er heldig soleis. Eg fekk likevel pakka med meg det eg skulle, og så var det å få Peter på gang. Men eit visst Playstation 3 som kom i hus hin dagen er vanskeleg for katen å rive seg laus frå. Men til slutt kom vi no oss ut dørene. Alt vel. Eg plystra med meg sjølv til MP3`en på dei frosne vegane inn i Røvika. På med sko, gamasjar, fram med fotoapparat, mobil, stavar og alt i hop og sekken, SEKKEN, i svarte svingande, sekken, den stod igjen i gangen heime...! Eg vart flat som ei pannekake, og tenkte først på å gå opp slik eg stod, men så kom eg plutseleg på at boka låg jo i sekken....! Turn around! No excuses! Smil til verden og verden smiler til deg.... Det var berre ein ting å gjere - køyre til Stongfjorden igjen.
Dei lurte nok dei som var på veg til Førde kva eg gjorde på veg ut igjen i dag tidleg. Ja, ja no har de forklaringa. Usensurert...! Vel, vel, eg plystra no andre gongen eg køyrde inn òg eg.... Og så endeleg var eg klar til å begynne å gå. Klokka hadde allereie blitt nesten 9.30...
Dagens første solstrålar
Det var kaldt. Som sagt frose på vegen. Dei som kjenner Rørvika veit at dette er på nordsida av Blegja. Og alt ligg jo då unnasols oppover om morgonen på denne tid. Graset var rima, det var òg steinane, og trass i ganske nye Scarpa-sko var det obs obs.... Likevel heiv eg fort Rab Drillium jakka i sekken og gjekk i Brynje Ski Pulleyen. Denne er ein kombinasjon av netting innerst og fleece ut igjen på. Kjempegod, kanskje den beste førstelags-trøya eg har, men diverre luktar den vondt etter nokre timars bruk...! Eg kom meg etter dette ganske raskt oppover. Forma var upåklageleg og lufta så innmari god å puste i.
Glassert berg under Rørviknipa
Førdefjorden låg som ein koboltblå-spegel. Vevring og Kvammen avkrystallisert på yta. Gardane på Vatne og Helle låg som grøne edelsteinar ved fjorden, og leikande i morgonsola. Ikkje ei sky på himmelen. Rett og slett ein fantastisk flott haustdag. Eg kunne ikkje hatt det betre nokon stad på jord. For utsikta til Førdefjorden, Kvammen og Vevring-sida og ut mot øyane til Florø, er noko med den finaste utsikta eg veit. Det er bakkar opp her ja, krevjande for nokon sikkert, men du verda kor godt det gjer å komme seg oppovet og oppleve denne utsikta. Dette er nok ein av grunnane til at eg ser med sorg på kva som kan hende på Engebøfjellet midt i mot...!
Kjende fjell i vest. Eitrenipa fremst.
Ein blir tenkjande på så mykje når ein vandrar slik i einsemd. Eg trivst best slik. Eg snakkar best med meg sjølv då. Kanskje difor ser eg så godt verdien av det landskapet eg vandrar i òg då. Mitt landskap. Som eg er ein del av. På ein eller annan forunderleg måte er det som tida står stille av og til. Eg får ei merkeleg oppleving av å vere i eitt med omgjevnadene. Det er ei god kjensle.
At vi menneske ser ulikt på ting må ein berre akseptere. Kven som har rett, er vel til sjuande og sist kanskje likegyldig? Vår tid er iallefall avgrensa. Og komande generasjonar ser heilt sikkert annleis på ting enn det vi gjer, same korleis vi ser på det i dag. Men ein ting er eg sikker på - naturen overlever oss alle. Det er den som er sjefen, same korleis vi steller oss og øydelegg. Om tusen år er sikkert både kraftverk, kraftleidningar og alt anna skjemmande ei saga blott. Naturen tek det igjen. Anten menneska er her eller ikkje. Nye behov oppstår og andre blir avleggs....
Når eg av og til diskuterer med min fru, er det forunderleg kor ulikt vi ser på ting. For å bruke uttrykket å sjå, i ei konkret tyding, kan eg berre ta kraftleidningar. Ho ser dei ikkje. Ho legg ikkje merke til dei seier ho. Eg har spekulert mykje på dette, for er det noko eg ser, så er det kraftleidningar. Eg ser skjemmande krafleidningar overalt. Eg er av og til redd for at alt det vakre berre skal forsvinne i kraftleidningar, eg meiner, at eg ikkje sansar det vakre på grunn av kraftleidningane. Akkurat den tanken gjer meg litt trist...
Utsyn mot Naustdal
At Olaug og eg ser forskjellig på ting, kom no forresten godt til uttrykk i dag tidleg. For det hadde visst vore ein oppheta rovdyrdebatt ein eller annan plass som var referert på lokalen. Og i kjølevatnet at dette innslaget seier fruen at ho iallefall ikkje hadde tort å gå opp i marka hvis her var ulv og bjørn. Ja, så ulikt kan ein sjå på det, for eg hadde tykt det hadde vore mykje meir interessant å gått i fjellet hvis eg kunne vere så heldig å få oppleve eit rovdyr på nært hald. Ja, for ikkje å snakke om at eg hadde greidd å fotografere det. Himmel og hav - eg hadde vore ein lukkeleg mann! Ja, ja slik er det. Men sau og bjørn går vel ikkje heilt i hop. Eg får passe meg slik at det ikkje blir liknande tilstandar mellom meg og fruen òg... det åpenbare er no at vi òg har rett til ein eksistens... som bjørn og sau. Det kan umogeleg vere rett å skyte ned noko fordi ein ikkje likar det? Eg lærte en gong i tida at når du først starta å slost, så hadde du tapt diskusjonen. Eg trur det er slik med andre ting òg. Som å utrydde rovdyra....
Men i kveld er eg visst hamna heilt ut på vidotta. Kor eg var? Jau, eg var visst komen opp under Rørviknipa før eg visste ordet av det, var eg tenkt å seie. Dei som har gått litt her oppe, veit at det er ein heilt annan temperatur enn nede ved fjorden. Det er mange grader kaldare. Og når du i tillegg nesten alltid får meir trekk i kroppen, seier det seg sjølv at det blir kaldt. Eg klarte likevel å komme meg sørover i traversen med berre ei hue og hanskar i tillegg til det eg gjekk i. Og framme med Nipevatnet, kikke sola òg fram på sørsida av Nipa. Herlig! Det var berre å gje på vidare oppover urane, så slapp eg å ta på meg meir klede...
Heldigvis var det akkurat så mykje liv i elva som kjem ned på sørsida av Nipa at eg fekk fylt opp ei flaske med XL1. Dagens første slurk. Iskald. For elvesitla var frosa både her og der. Vatnet svei ned halsen, og to tre slurkar var nok. Vidare opp og opp, i stein og endå meir stein. Alpint landskap. Jammen er dei nøgne plantane som veks oppe i ura 1200-1300 moh. Dei har ikkje lange vekstsesongen. På ein måte beundrar eg livet som karrar seg fast her oppe. For ei utrulig klode vi lever på...!
Eg nådde toppen utan noko møye i det heile teke. Enkelt og greitt. Du verda kor fint det var. Klår og kald luft. Blått i blått, stein i stein, fjell og dalar, Naustdal og alle bygdelage ved Førdefjorden. Heilevongstaurane, Storehesten, havet det blå med alle øyane, og alle dei kjære kjende fjella i vest. Ei høgtidsstund for ein heldig mann. Som er førd og frisk nok til å komme seg opp ved eiga hjelp. Ofte tenkjer eg på at det var større sjanse for at eg var fødd i Mogadishu, på Haiti eller som eit flaumoffer i Pakistan enn her på denne gyldne flekk. Slik sett føler eg ei veldig stor takksemd til livet. Til tida eg får lov å vere til. Fødd med sølvskei i munnen!
Eg tok nokre bilder, fekk skifta ut boka og måtte fiske fram Rab-jakka igjen. Tok meg ein snur fram på kantane og fekk studere Blåfonna. Hadde ho minka i år? Var veldig mange nye sprekker no tykte eg.... Om Blåfonna forsvinn blir Blegja aldri det same meir. Steinen derimot er eg mindre bekymra for.
Eg tok meg eit par munnar drikke, og gjekk bort nordvest-kanten og nedatt same vegen.
Det var på ein måte eit heilt anna klima då eg kom ned igjen under Rørviknipa. Trekken var vekke, og sola formeleg steikte inn i ryggen. Av med jakka igjen. Aldeles praktfullt. Eg hadde god tida, og eg gav meg god tida. Fotograferte litt, retta på nokre vardar, og skremde opp ei forskrekka ringtrast som endå ikkje hadde starta trekket. Ho likte seg vel ho òg her oppe i denne kjempehausten.
Nede i bjørkebeltet igjen var fargane på lauva heilt eineståande. Med den låge sola i sør i ryggen og med god solinnstrøyming mot trea, var gulfargen på lauva blendande. Og med den knallblå fjorden som bakteppe, var det eineståande vakkert. Eg fekk knipsa nokre bilder, men slike fortel berre ein brøkdel av sanninga. Det er slike dagar ein berre sjølv må ut og nyte..... Så eg takkar gildt for denne dagen. Den har gjort meg glad, audmjuk og vemodig. Alt på ein gong. For alt har si tid her på jord. Og det er ingenting vi kan gjere noko med ...
Vestover frå kanten på topplatået

Hauststemning mot Førdefjorden

Fra Blegja 300910 Midt i steinura trassar desse blåklokkene klimaet... |