fredag 22. september 2023

Sliten og letta

Eg og dei 6 
Vi ser Blegja heilt bak - Indrevågefjellet t.v. Portafjellet og Vardenova t.h.


Her retning Hjartebuvatnet og Ytrevågefjellet

Du verda! Turen i dag vart slett ikkje slik eg hadde sett føre meg. For meininga var å merke deler av ruta til Toreheia. (Fjellet er fjelltrimpost frå 8.oktober). Og eg skulle merke omlag halve ruta som ikkje er merka. Frå Krikavatna og opp dalen til toppen. Ruta ned igjen, over dei tre toppane på Yndestadhøgeheia, skal eg ta seinare. Altså ein flott rundtur med to alternative ruter halve vegen. Med sekken full av merkestikker starta eg litt over kl 08 heime i frå. 

Vel, ved Rinda, der eg fann 7 sauer hi helga, gjekk det i dag 6 nye! Med blått merke og bjøller. Heimehøyrande i Vågane. Helleveien, tenkte eg! Kva gjer eg no... Men det tok ikkje så mange sekundane før eg bestemte meg. Eg må få sauene austover.... Som lokalkjende veit er det laangt over fjella frå Rinda i Stongfjorden til Vågane. I dag var her heller ikkje andre sankarar på fjellet. Men sauene og eg gav oss i kast med ruta. 

Vi ser Oslandsvatnet t.h.
Indrevågefjellet i midten bak

Medan dei 7 sauene hi helga gjekk via Krikavatna og opp dalen mot Toreheia. Gjekk desse i dag over alle dei tre toppane på Yndestadhøgeheia. Opp bakkane der det ikkje var sti. Kava i einerkavana. I bratte stigningane. Med last i ryggsekken. No gjekk det slik til at akkurat denne biten fekk eg merka litt av den ruta eg var tenkt å ta ved neste høve. Ein 10-12 stikker fekk eg på plass med sauene traltane føre. Men så tok dei den sørlege ruta ved Toreheia, så ein del stikkar vart ikkje nytta... i denne omgang. Dei måtte eg plent bere med meg heile ruta til Vågane... 

Alltid flott utsikt til Stongfjorden frå desse fjellpartia - her inste toppen på Yndestadhøgeheia

Ja, sauene tok retning Hjartebuvatnet. Som hi helga. Alt vel. Men kva gjorde eg no. Toppen av Toreheia låg i nordvest. Som ved Rinda bestemte eg meg fort. Sauene måtte heim. Toreheia har eg vore på nokre gonger før! Og merkinga fekk vente. 

Men det som hadde vore ein ganske så grei tur i følge med sauene så langt, vart til noko heil anna ved toppen i vest for Oslandsliene. Her bar det over urar, einerkavar, hamrar og sva. I bratta. Eit svara strev. Men til slutt greidde vi å bakse oss laus og kom oss aust om bakkane av Ytrevågefjellet. Med god sikt til Osland. No tenkte eg mykje var gjort. For eg fekk dei ned stien i retning Vågane nord om Osland. Men etter eit bèl ville dei ikkje ned denne vegen likevel. Var  visst ikkje vane med å gå her. Så då vart det igjen att og fram, opp og ned. Eit slit. Etter 4-5 timar var eg mo i knærne. Og nokre av lamma var ganske køyrde. Eg måtte bite i det sure eplet å følge dei nord att mot Førdefjorden og Vågane. Ned hamrar, skog og elvar! Og no kom første regndråpane for dagen. Ja, her gjekk det på stumpane laust. Ein vridd ankel og ei forstrekt skulder vart jo sjølvsagt eit resultat av glatta, væta og slitne føter... Slikt lyt ein berre rekne med i ulendt terreng haustdagen... 

Osland t.h.
I bakgrunnen Indrevågefjellet og Portafjellet

Vel, eg hadde vore på tråden med Henrik fleire gonger. Men han visste ikkje kvar eg var. Eg såg rett nok ned på garden ved eit par høve, men det var ikkje lett å få auge på meg der oppe i fjellet. Ned den bratte lia vart nok eit bàl. Heldigvis var eg etter litt komen så langt ned at Henrik fekk auge på meg og kom opp lia til unnsetning. For som ukjend var det slett ikkje lett å finne ei ruta ned hamrane og skogen. Ja, sauene var slitne og eg var sliten. Og brått lurte eg på om eg såg dobbelt - for no var dei 6 blitt til 11. Eg måtte knike meg i augene, knipe meg i armen og telje to gonger. Javel, dette var ikkje meir enn rett og rimeleg etter alt slitet. Tykte eg. Og så kom Henrik. Og fekk med seg desserten. Siste stykket heim. Med ei hjortejakt på menyen i dag tidleg fekk han no 11 fjellgangarar heim òg. Perfekt! (Etter 6 timar utan særleg pause og mat er eg no sliten og letta....😅😌..og tek helg!)   God helg!  

Lang dags ferd over fjellet til Vågane frå Stongfjorden - eg er visst like kvit i håret som sauene er i ulla..
Her har dei 6 frå Yndestad blitt til 11....
Foto Henrik V.



3 kommentarer:

Anonym sa...

Jammen er du dyktig GUSTAV SKAAR SVÆRE PÅ ALLE MÅTER 👌👍☺️😅😂🤣DU STYRER Å ORDNER M ALTV

Gustav Skaar sa...

Oj! Det var litt av ein kjekk kommentar. Kven du no enn er så sender eg ein klem. Tusen takk!

Anonym sa...

DET VAR MEG UNNI SOFIE NYDAL SOM SKREV DETTE TIL DEG I STED 😂😅🤣☺️👍👌