torsdag 1. april 2010

Usikre moment

Fossedalshengenipa i dag tidleg

Eg var i stuss korleis eg skulle legge opp dagen i dag då eg keik ut soveromsglaset. Vèret var ikkje så aller verst. Eg fekk i meg havregrynsgrauten, og etter ein tur ut på trappa var eg endå i stuss. Slik mislikar eg... Eg smurde meg likevel nokre blingsar og pakka sekken som for ein dagstur. 
Men det var ikkje berre vèret som var ein usikkerhetsfaktor. Var ikkje heilt sikker på forma og lysta til å slite åleine ein heil dag oppe hjå Kong Vinter i dag òg.  (Alternativet var nemleg å ta heile runda som hin dagen). Eg drog likevel avgarde til Skjerlia og bestemte meg for Fossedalshengenipa først og fremst. Og så fekk eg sjå. 

Eg venta i bilen nokre minuttar der oppe for å få med meg vèrmeldinga kl 08. Regnbyger først i sør sa fyren. Då vart eg endå meir i stuss, og funderte på om eg skulle ta med meg sekken i heile teke, og heller satse på ein kjapp ein på Hengenipa. Vel, det vart til at eg tok med meg sekken og så fekk eg sjå. 

Det var nok minka ein del på snøen sidan sist. Men eg gjekk stort sett med ski frå myra og til topps. Snøen var hard både oppe på ryggen og nede. Eg sette av meg sekken i "vegskiljet" til Nipebu under ryggen på fjellet. Borte var den fine puddersnøen frå hin dagen. No var alt blitt hardt og isete. Men slik snø er fin å ta seg opp på, så turen opp gjekk temmeleg fort. På toppen var det iskald vind, og sola som av og til stakk gjennom, var dekt med eit ganske tjukt skyslør. Ingen varme å finne der i dag. Eg såg dessutan tunge, blåsvarte skyer både i vest og sør, og der og då bestemte eg meg for å renne ned igjen. Det fekk halde med dette så langt i dag. 

Turen ned er vel ikkje så mykje å skrive om. Det gjekk fort nedover ryggen på det harde underlaget, men eg måtte bruke vit, så eg ikkje vart liggjande igjen der oppe med ein knekt fot eller noko slikt... Men frå omlag ved Krokavatnet måtte eg bere skia. 

Det vart iallefall ein fin tur, og påska er endå ung. Moralen må vere at det sikkert er lurast å ta ein dag i slengen...:-)
 
Fra Fossedalshengenipa 010410

Ingen kommentarer: