lørdag 24. april 2010

Bra val

Om å sjå verda med nye briller... Frå Fossedalshengenipa i dag tidleg...

Lørdagen vart ikkje heilt som planlagt. Eg hadde store planar om å gå på Blegja, ut Blåegga og til Eitrenipa. Men det skar seg. Det kom jo ned mengder med snø i går, og i tillegg var det overskya og skodde i fjella og kaldt i dag tidleg. Vèrmeldingane var jo veldig fine. Og det ville nok lette. Men eg fann ut at eg droppa denne ganske lange turen til det vart betre forhold.

Eg pakka difor sekken for å gå på Fossedalshengenipa, til Nipebu og vestover fjella til Stongfjorden. Men allereie på veg opp i Skjerlia fekk eg litt bange anelsar. Med sommardekk på bilen, kom eg meg ikkje opp siste brekka, og måtte parkere ovanfor skytebana og pent spasere opp brekka. Det var såpeglatt og snø i vegen. Jaha, dette kunne jo bli ei utfordring vidare.... 

Allereie oppe ved myra tok eg på meg skia. Det var vått, og blaut snø. Og vidare oppover vart snøen berre djupare og djupare. Ganske slitsomt faktisk. Det skulle jo ikkje vere snø her no... Og sjølv om skyene og skodda letta etterkvart, vart eg meir og meir i stuss om å gå vidare utover fjella. Det ville bli ei styrkeprøve av dimmensjonar..... 

Sjølve oppstigninga av ryggen på Fossedalshengenipa gjekk egentleg forbausande greitt. Om snøen hadde lagt seg meir, eller det hadde snøa mindre, veit eg ikkje. Men eg sakk iallefall ikkje gjennom på same måten som lenger nede. Godt mogeleg at det var fordi det låg snø her frå før? 


Det vart utrulig fint når sola dukka fram. Drivande kvit og ny snø. Blikk stille. Perfekt påskestemning. Det var berre det at påska var slutt for lenge sidan... Men når sola forsvann inn i mellom, vart det iskaldt. 

Eg sat nokre minuttar oppe ved varden og skoda vestover. Isen på Langevatnet såg heilt intakt ut. Heilt kvit yte. Ganske tunge skyer og skoddeslør dreiv over fjella der vest. Lenge sidan eg hadde sett landskapet så kvitt. Mest sannsynleg låg det djup snø heile vegen utover. Og eg var allereie gjennomsveitt, og hadde skifta eine ulltrøya. Litt våt i skiskoa og følte meg i stuss. Nei, eg bestemte meg der og då for å renne rett ned igjen til Markavatnet og heim.... 5 timar vestover fjella vart berre ikkje i dag... Det var ikkje dagen...! Lysta var ikkje på plass...


Er du heime igjen, vart eg møtt med då eg kom heim... Jaha, klokka var ikkje 11 endå. Tidleg føremiddag. Så her låg jo heile dagen framleis for føtene... Eg fekk i meg noko mat, kaffi og slappa av ei stund. 

Det tjukna til ute. Ei solid byge kom etterkvart inn fjorden. Og eg vart meir og meir overbevist om at alle fjellvala denne dagen var rette. Etter ei stund lysna det opp igjen, så då sa eg til Olaug at "here I come Siktanuten".... Turen gjekk på direkten til Askvoll. Og med vanlege fjellsko gav eg meg i veg oppover dalen. Nydeleg vårstemning langs elva. Sola skein på grøne fargar. Ei motorsag lydde, og raudstrupa trilla sine vakre tonar. Her var det iallefall vår... 


Vidare oppover vart det vått av snøen som tina. Ja ikkje berre vått, det var sleipt òg. Så traff eg på Vigdis som var på heimveg. Vi vart pratande eit par minuttar. 

Eg følte meg i forbausande god form. Skikkeleg opplagd i berre ei tynn Devoldtrøye. Berre å ause på.... Piece of cake til topps. Nokre fototips ved varden, og til palings ned bakkane med livet som innsats... For det var sleipt ja. Og eg datt så det sang eit par gonger, men ikkje verre enn at eg måtte le av heile greia.... Det er faktisk  moro å springe slik heilt på grensa av kva du har kontroll på... Stram line eller noko slikt...:-) 


Eg såg vel ut som om nokon hadde drege meg gjennom ein gjødselkjellar då eg kom ned igjen til bilen. Heldigvis møtte eg ingen. Og eg fekk av meg det verste der nede før eg køyrde heim igjen. Det var nok fjell i dag...

Ingen kommentarer: