søndag 23. november 2008

Sosialisert

Eit bilde for Arild G. og Gisle S. Heggøyna "deira" t.h. Olaug, Anne og Gisle på veg vestover mot Hollevika frå toppen av Høgeheia i dag Eg stod opp 6.30 i dag. Eg var ihelsvolten. Og fekk i meg ein diger porsjon havregryn med banan. Som vanleg. Søndag som mandag. Fekk fort fyr i peisen. Lukta av nytende, tørre bjørkeflisar pirra meg i nasa. Herleg lukt på denne flotte og kalde søndagsmorgonen. Nytrukken kaffi framfor peisen som brann lifleg. Stilt i huset. Alle sov. Morgonstund har gull i munn, kan vel tolkast på så mange måtar. Det er mørkt ute. Men eg kan sjå ein sigd av ein gamal halvmåne i sør over Størdalsstauren. Omrisset av Svarthamrane og Skålefjellet i søraust kjem stadig tydlegare til syne. Nokon ny tur på Eitrenipa var aldri aktuelt. Ikkje etter den tunge turen i går. Sjølvsagt var lysta der. Men kroppen trong kvile. Batteria var ganske utlada. Det kjende eg godt i går kveld òg, då eg stupte i seng kl 22. Dei andre vakne til live i 8-tida. Olaug ville gå på Høgeheia med Anne. Peter ville renne kjelke med naboungane, og Marie skulle servère i barnedåp. Og "Rein luksus" låg plassert midt på spisebordet.. Men å sette seg rett ned i sofaen og lese vidare i boka, sånn utan vidare, det klarde eg berre ikkje. Eg måtte ut denne flotte søndagsmorgonen. Så det vart berre til at eg følgde etter Olaug og Anne frå Hollevika på Høgeheia. Daglegdags. Det er jo vekesvis sidan eg har vore opp medan det har vore lys. Ein vesentleg forskjell... Nydeleg. Lett å gå i den sparsommelege snøen. I samanlikning med snømengdene og fonnene frå turen i går, var dette berre barnemat. Og sola dukka opp i sør på toppen av skaret i Hollevika. Øvst i langbakken og den vèrutsette ranen, gjekk Olaug og Anne òg. Eg måtte berre gje på litt ekstra. Mannen vakna. Og eg nådde dei faktisk akkurat igjen på toppen. Ikkje nok med det. Gisle S. kom akkurat opp frå den andre ruta. Så brått var vi 4 der på toppen. Reine fjellstemnet for ein eremitt som meg. Som sjeldan treff folk på turane. Vigdis sa ein gong til meg at eg burde tvangssosialiserast...:-) Eg tok meg ei litt anna rute vestover på returen for å ta nokre bilder. Flott lys frå den låge vintersola og haustfarga bakkar med litt snø på. Og no er det berre ein månad igjen før sola snur... Vel heime igjen, og etter å ha fått fyllt opp solsikkefrø i fuglemataren (er begynt på andre 25 kg sekken), var det tid for sjølvfiska kjø frå Nipebu. Torbjørn, Håvard, Miriam og Tora kom òg for å smake. Så i dag har eg nesten fått i meg for mykje Møller;s tran...:-)
Fra Høgeheia 231108

1 kommentar:

AG sa...

Dette er det meining i.
Nye fine bilder med godt lys.