mandag 3. november 2008

Høgrevridd - på fjellet

Frå Leknesvatna 1/11 Eg hadde aldri innbilt meg at eg kunne klare å gå heilt opp på Høgeheia i ettermiddag utan lys. For det var nesten mørkt i Hollevika, då eg gjekk ut av bilen. Men eg tenkte eg skulle ta ein test og sjå kor langt eg kom utan. Eg vart ganske overraska. Du kan gå lenge på nattsynet hvis det ikkje blir forstyrra av lys. (No har det sjølvsagt litt å seie at eg er begynt å bli kjend på denne strekka...) Ei anna fysiologisk betraktning er kor gjennomført du dreg av til den sida du har styreauget når du ikkje ser i skodde og mørket. For dei fleste vil dette seie til høgre sida. (Du finn styreauget lett ved å peike på eit punkt nokre meter vekke og halde deg for eitt auge i gangen. Det auget som punktet ikkje forandrar seg på er styreauget). Eg har lagt merke til dette på meg sjølv mange gonger. Etter å ha bomma litt på stien i kveld, visste eg med ein gong at eg var til høgre. Eg korrigerte så til venstre, og vips var eg på plass igjen. Dette er greitt å vere klar over når du går i mørket med hovudlykt eller i skodde (det er dette som gjer at ein går i ring i skodda som ein seier). Elles er det vel ikkje så mykje å seie om turen. Opplett og mild sønnavind. Refleksstikkene fungerer supert. God trimtur igjen:-)

Ingen kommentarer: