søndag 30. november 2008

Brått slutt

Medan eg endå hadde deg Det er alltid flott lys ute i havet Stongfjorden frå Høgeheia i dag tidleg Alle turrapportar står i dag i skuggen av det triste faktum at min gamle ven såg sitt snitt til å forlate meg på Høgeheia i dag tidleg. Eit kort, men heftig ekteskap tok brått slutt. Lite visste eg på førehand at dette var siste dagen vår i lag. Vi som har hatt eit så nært og kjært forhold, frå morgon til kveld, kvar dag! Aldri var eg utan deg ved mi side. Og no kjennest alt tomt, kaldt og meiningslaust.. Kva er meininga med livet no? Eg og mi einsemd. Utan deg.... Nei, no legg eg meg på sofaen og grin meg i søvn.... Nokre timar seinare Eg kan ikkje liggje slik og synest synd i meg sjølv. Då er det ute med meg. Livet må gå vidare. Sei meg, var han ikkje litt sliten i kantane den gamle venen? Som ikkje ville vere med meg meir...? Litt arr både her og der? Vårt heftige forhold hadde vel slite meir på deg enn godt var. Det var nok difor du stakk frå meg... Nei, eg må ut på markedet og finne meg ein ny ven. Ein ny ein med friskt blod og slanke linjer. Det nyttar ikkje å sjå seg tilbake... Fram, fram, vi vandrer med freidig mot...Slike gutter det vil gamle Norge ha... Alle som les dette kan likevel vere klar over at eg for tida er venelaus. Singel. Men eg håpar å kunne innleie eit nytt forhold snarast... Endå seinare... Eg fekk ikkje ro i kroppen. Eg skalv. Eg sveitta. Alt var i ulage heime. Eg såg ut gjennom fjorden. Lette yrbyger dreiv ned fjella og til fjords. Som snø lenger oppe. Så slo tanken meg... Eg går opp igjen og ser etter han. Eg har fint kapasitet til det... Så eg kledde meg for fjellet igjen. For andre gong i dag. Og køyrde i Staveneset og Hollevika. Vona var ikkje stor for å finne venen igjen. Iallefall i live etter regnet og snøen... Eg peisa opp bakkane i skaret, og var oppe ved ranen der eg først merka at han var vekke på berre nokre minuttar... Så lokka eg og kalla på han bort etter fjellsida...(Eg hadde tek med meg lokkemiddel heime i frå)... Og du store alpakka, som lektor Tørrdal ville ha sagt, trur du ikkje nokre svake, ynkelege pip nådde øyregangane mine.... Der, der borte ved nokre steinar låg han. Forkomen, kald og våt. Ja, nesten tom for stemme peip han såvidt høyrandes: eg vil heim, eg vil heim, ta meg heim, ta meg heim.... Eg tok han varsomt opp. Tørka godt av han væta. Og la han i den tørraste og varmaste lomma eg hadde.... Eg sprang bakkane ned igjen. Så lukkeleg. Så nyforelska. Over å ha funne venen min igjen. Og som attpå til hadde svart at han ville heim.... Så no sit vi begge to i sofaen igjen. I varm stove med fyr på peisen. Venen har fått nytt påfyll. Det lir mot kveld. Vi lærte oss ei lekse i dag vi to. Lukka står den kjekke bi... P.S. Det var min ven mobilen, Sony Ericsson K850i, som stakk av...og kom tilrette...

Ingen kommentarer: