lørdag 29. september 2007

Hausten er tid for fjelltur og ettertanke



Eitrenipa er eit flott turmål no i haust

Etter kva dei seier har vi visst hatt både den finaste før-sommaren og den dårlegaste ettersommaren i manns minne i år. Hugsar inderleg vel den svidde plenen og angsten for at vatnet skulle ta slutt i juni... Javel, herr Statsråd, vatnet kom igjen det, til gagns. Men hausten er endå finare i fjellet eller sommaren. Den kalde, klåre lufta speglar naturen i fargesprakande idyll og gir vidt utsyn i alle himmelretningar. Klar for nye opplevingar som vitnar om tida som har gått og nye vårar som kjem. For det er ikkje lenge til sola igjen snur.

Hausten er så inderleg fri for pollen, mygg, klegg, flått, kveps og tusenvis av fluger som om sommaren aldeles kan ta knekken på den friskaste fjellgeit! Den kalde gode lufta ned i lungene om hausten gjer det lett å puste. Du slepp strie straumar av sveitte og solkrem ned i raude og sviande auge. Og dunkinga av pulsen i skallen på grunn av varmen er borte. For ei sælebot – for ei lette! Ja, kjenn kor opplagd du er etter ei god natts søvn – fri frå klame, varme dyner som tok kvelartak på deg i eit soverom som aldri vart kaldt nok!

Hausten er tid for å ta farvel med trekkfuglane våre. Dei samlast frå fjøre til fjell - ofte i usannsynlege flokkar. Eit flott skue for synet. Ungeflokkane er vaksne og klare for det store trekket til varmare strok.
Trekkfuglane har nok ein gong kunne hausta av dei gode levetilhøva vi har her nord i det lyse sommarhalvåret.

No i haust må du òg sjå over, supplere og sette opp matingsutstyr til fuglane som vert att. Startar du tidleg med mating og held regelmessig fram med det, har du mange flotte hyggestunder med ”nysta” dine ved kjøkkenglaset i vinter. Kjøp 25 kg sekk med solsikkefrø på Felleskjøpet så går du (truleg) ikkje tom- den er òg billegare i stort. Eg brukar somregel to! Hugs å vere tolmodig – fuglane kjem til slutt.

Eitt av haustens store høgdepunkt i fjellet er å vere med på sauesanking. Denne dagen er som eit stort sosialt fellesskap med eitt mål for auge – få sauene inn på heimebøen – ofte koste kva det koste vil. For formen er vel kanskje ikkje heilt på topp? Virkar walkien? Er det dekning eller batteri igjen på mobilen? Og brått kjem du på – kor tid åt du sist? – i iver og pur glede over å springe fjell og finne er maten lett å gløyme…
Ja, viltre sauer som har gått i fjellet heile sommaren er ikkje alltid like enkelt å hanskast med….. Og eder og galle hjelper så visst ikkje med å få dei på rett kjøl….

Tips til ein fin fjelltur no i haust?

Pakk sekken og ta med litt varme, lette ullklede, hue og hanskar og vindtette klede utanpå og reis opp i Markavatnet i Skorva. Ta den merka stien til Nipebu og ta av nordaustover ved myra ved Grunnevatnet og følg elva opp i Leknesvatna. Elva fossar her ned slipte svaberg frå avsats til avsats med fine lagunar imellom der smøkjøa vaker.
Føl stien på nordsida av vatnet inn til midt på vatnet der det går elv med bru over øvre og nedre Leknesvatnet. Ta inn til Leknesstølane som du ser grunnane av på sørsida i enden av vatnet og ta beint opp bakken sørover til du kjem til skåra som går heile nordvestsida opp på Eitrenipa! Her har du truleg den beste utsikta du finn over Askvollhalvøya.

Etter ein god pause tek du ned att den ganske like skåra på sørvestsida av Eitrenipa til Botnastølstjønna. Her kan du ta inn på den merka DNT-løype til luksushytta Nipebu og er framme der etter omlag 2 timar. På Nipebu har du dei beste høve til ein triveleg kveld og ei så god overnatting du kan tenke deg.
Turen frå Markavatnet til Eitrenipa og Nipebu bør du rekne 7-8 timar - avhengig av form og pausar.

Frå Nipebu dagen etter kan du gå anten til Markavatnet igjen eller til Fossedalen/Rivedal/Stongfjorden. Rår absolutt til å stikke oppom Fossedalshengenipa dersom du returnerer til Markavatnet og har bilen her. Turen opp og ned igjen tek om lag 1,5 time med nydeleg utsikt over Nipebu og dei ”tusen sjøars land”. Sjølve turen frå Nipebu til Fossedalen og Markavatnet tek 2-3 timar med vanleg gange, men til Stongfjorden bør du rekne 6-7 timar. Innanfor ein vanleg dagsetappe frå Nipebu ligg eit uttal av flotte fjelltoppar du kan vitje i kva slags himmelretning du vil gå! Ingen er vanskelege eller farlege å nå.

Hausten er finaste tida i fjellet. Den styrker både kropp og sjel. Kva ventar du på?

Ingen kommentarer: