Brått er oktober her òg. Her med arkivbilder.
I oktober blir det lagt ut nye fjelltrimpostar. Ei flott tid i fjellet om vèret lagar seg. Crossed fingers 😊
Brått er oktober her òg. Her med arkivbilder.
I oktober blir det lagt ut nye fjelltrimpostar. Ei flott tid i fjellet om vèret lagar seg. Crossed fingers 😊
| Dagens selfie |
| Stongfjorden |
| Yndestad - heim igjen til det raude....😀 |
I dag tidleg tok eg meg ei runde på fjellet her heime. Opp til Rinda og vidare oppover og nord til Skylefjellet. Det var ein kjøleg morgon, men opplett og fint. Litt meir trekk oppe på "platået". Litt av misjonen på turen var å sjå om her gjekk sauer igjen her ute - vest om Toreheia. Sidan Ytrevågefjellet litt lenger aust er fjelltrimpost frå 12. oktober, blir det meir anledning å gå opp hit frå Vågane seinare.
Vel, eg kom meg greitt opp på Skylefjellet. Rett nok litt vått og gjørme ovanfor Rinda. Det skal vel noko til at det tørkar opp igjen no.... Her var ingen ting å sjå av sauer. Men det gjekk ein heil del storfe vest om Svartevatnet.
| Storfe vest av Svartevatnet - Høgeheia i bakgrunnen t.v. |
| Vi ser i vest Alden, Toreheia og øyriket i Florø frå Ytrevågefjellet |
Ytrevågefjellet er som tidlegare nemnt også ny post på fjelltrimprogrammet til Askvoll Idrettslag for sesongen 2026. Oppstart er 12.oktober då ny bok vil vere på plass.
Underteikna har gått ein god del på Ytrevågefjellet opp gjennom åra. Med sine 662 moh er fjellet eit relativt lett fjell å gå på heile året. Frå toppen er det flott utsikt. Mot vest finn ein Alden, Toreheia og øyriket i Florø. I nord ligg Florø, Førdefjorden og bygdelaga innover mot Vevring. Mot aust er det fantastisk utsikt til mange av dei flottaste fjella i Askvoll. Mellom anna Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, Nordre og Søndre Kringla og mange fleire. Nærast ligg Indrevågefjellet, Middagsnipa og Portafjellet. Elles er det veldig flott utsikt til Vågane og Flokeneset. I sør tronar Vardenova, Skålefjellet og Osland. Med andre ord suveren utsikt i alle himmelretningar (sjå video av stillbilder under. Hugs lyd og beste oppløysing).
![]() |
| Mange av dei flottaste fjella i Askvoll er å sjå frå Ytrevågefjellet. Her morgonstemning i november. |
Beste ruta opp er å gå frå den gamle kopargruva i Vågane ved FV 609. Stien ligg på ut.no her. Sjølv brukar eg å parkere ut for vegen på ei stor grasflate ca 50 meter ovanfor der ein startar ved gruva (ikkje parkèr på vegstubben ved gruva)! Elles står det nokre småvardar opp gjennom bakkane. Retningen opp seier seg sjølv.
God tur 😃!
Mange kjende fjell i Askvoll ligg på nordsida av Dalsfjorden -
her med utsikt frå Moldura
Turtips: I dag er vi på Moldura. Eitt av fjella underteikna har gått mest på.... Høgste fjellet vest i kommunen med sine 837 moh.
Det er fleire ruter opp. Den vanlegaste er frå parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal. Her står det skilt. Ein går opp den vanlege vegen til dagsturhytta. Vidare langs merka sti opp ura. Ein kan også gå om sendaren som står lenger vest. Delvis merke.
Ei anna rute er å gå frå Størdal og opp Størdalen. Og ein kjem opp på vestsida av fjellet. På same staden som om sendaren. Det er også flott å kome aust i frå og via Fanafjellet og opp nordsida. Eller via Hålandsstølen/Tveitstølen og Fagredalen. Også i nord. Ruta underteikna har gått mest er nok frå Neset i Stongfjorden. Den flottaste. Reint subjektivt altså. Havutsikt nesten heile vegen! Ein spesiell flott tur er om du går frå Neset til toppen og via dagsturhytta til Dokka. Og så nedatt ranen på Dokka og til Holmedal. Då får du med deg i pose og sekk 😄
På Moldura er det flott utsikt i alle himmelretningar. Spesielt til Holmedal og Straumsnes i sør. Dokka ligg rett i sør òg. Med Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet i søraust på hi sida av dalen. Hekkelfjellet og Siklebergvatnet i aust. Og i vest ligg Nyksvatna, Atløyna og havet. Og så mot Florøkanten og Stavenesodden i nord.
Her er ein bildeserie frå Moldura. Eit fantastisk flott fjell. Ein av favorittane mine.