Olsok i dag og snart månadsskifte. August står for tur, så her er denne månaden òg i bilder. Bilder frå alle årets månader ligg forøvrig i arkiv på blogg i nettversjonen.
tirsdag 29. juli 2025
torsdag 17. juli 2025
Ein liten ferietur 2
![]() |
| Flott utsikt til Hurrungane frå Osen i Skjolden |
| Drivandefossen på ruta til Osen ved Åsetevatnet |
| Ofsarvatnet |
| Stolpejakt på Sørheim - Molden i bakgrunnen |
Eit lite blogginnlegg kalla "Ein liten ferietur 2" frå nokre sommardagar i Skjolden. Nr 1 her.
Olaug og eg reiste nokre dagar til Skjolden frå 11/7-17/7 for å besøke son hennar Torbjørn og Ingrid Anita og dei fire borna deira. Og vi fekk nokre varme og solrike dagar i Sogn.
Hytta på Osen ved Åsetevatnet (830 moh) var første målet. Dit vi gjekk opp lørdagsmorgonen. Og vart der til tirsdagsmorgonen. Det vart varmt på turen opp. Sjølv om vi gjekk tidleg. Med god bør på oss vaksne. Og to ungar som gjekk sjølve. Den nydelege Drivandefossen møtte oss eit stykke opp i lia (sjå foto). På Osen bada vi. Og eg fekk meg ein dorgetur lørdagskvelden. Elles fantastisk å sitte på altanen og sjå på dei fantastiske Hurrungane.
| Hurrungane sett frå Osen |
| Osen ved Åsetevatnet |
Mandagen gjekk vi så til Ofsarvatnet. 1003 moh. Opp langs eit nydeleg fosselandskap - sjå bilder og video. Fjella og vatnet her oppe var heilt eineståande.
Det viste seg også svært varmt då vi returnerte til Skjolden igjen tirsdagen. Til møtes kom det hordar av cruisebåt-turistar. Dei fløymde elles over bygda fleire gonger i veka. Alt har sin pris... Resten av tirsdag og onsdag gjekk med til strandliv. (Utanom ein stolpejakt-tur på Sørheim onsdags morgonen). Det var rett og sett for varmt til noko anna. Så flotte dagar vart det i Skjolden denne gongen også.
Foto frå eit offentleg album 1107-170725 (elles er mange av bilda eg tok av privat art og ikkje med her).
onsdag 9. juli 2025
Ein liten ferietur
![]() |
| Ved Korslinuten 0207 |
| Gaustatoppen 0307 |
| Olaug nyt ein kremvaffel i Kongsberg 0407 |
| Vøringsfossen 0507 |
| Kossdalssvingane 0707 |
| På Mjøs, Hosanger 0707 |
| På Vidden mellom Ulriken og Fløyen 0807 |
| Frå Vidden nær Ulriken 0807 |
Eit lite referat frå dei siste dagane.
Vi tok oss nokre dagar austpå og i Bergen siste veka. I varierande sommarvèr og temperatur. Først reiste vi til Odd og Ellen på Blefjell. På hytta deira. Her besøkte vi mellom anna Korslinuten. Flott tur i flott ver. Elles var eit av ynskja våre å gå på Gaustatoppen. Det klaffa fint i relativt kald nordavind. Flott å få med seg dette fjellet! Ruta var prega av mykje stein og turen sa godt i leggane dagen etter! Så besøkte vi Kongsberg og jazzfestivalen. Med eit yrande folkeliv! Og eit sentrum med matboder, musikk og servering. Kjekt. Og vi fekk med oss ei jazzmesse i den flotte Kongsberg kyrkje.
Forrige lørdag reiste vi så vestover igjen. Via Hardangervidda til Bergen. Vi hadde oss eit flott stopp ved Vøringsfossen. Spektakulært. Søndag var vi på Lepramuseet i Bergen. Også noko vi hadde på ønskelista. Lærerikt og sterkt følelsesmessig. Elles ein god del stolpejakt rundt om i sentrum. Mandag reiste vi så til Osterøy og tok turen ned Kossdalssvingane frå Svenheim til Mjøs og opp igjen. Fantastisk murarbeid opp dei 17 svingane! Og i går stod Vidden for tur. Med ruta frå Ulriken til Rundemannen og Fløyen. Ca 5 timar i fantastisk vèr.
Så ja. Det har vore nokre veldig fine dagar. Og regnklede har vi ikkje hatt på oss på over ei veke. No står sognatur til Skjolden på programmet for helga. Det ser visst ut til å bli den varmaste så langt i sommar!
Ovanfor er nokre bilder. Nokre held eg unna som privat. Under eit par bildelinkar.

