April er like om hjørnet - her er nokre bildeklipp frå denne månaden. Nokre frå Bergen, Fossedalen, heime og fjellområda ikring.
fredag 28. mars 2025
søndag 23. mars 2025
lørdag 22. mars 2025
Glimrande tur på Hekkelfjellet
![]() |
| God stemning på Hekkelfjellet |
| ds |
| På veg inn dalen til Kleppenes-/Bogestølen og Bakkestølen |
| Broddane må på... |
I dag gjekk turen til Holmedal. Og den flotte turruta til Hekkelfjellet. Via Kleppenes-/Bogestølen og Bakkestølen. Og opp dei bratte bakkane. Vidare inn platået mot toppen. Vi som var med var broder Sigvard, Olaug, Sissel, Velaug og underteikna.
Vèret var strålande. Sol frå skyfri himmel, og særs god og to sifra temperatur. Men ein relativt sterk nordaust vind tok bra inne mot toppen.
Damene og Sillan skein visst om kapp med sola. God stemning med andre ord. Flott sosial tur. Turen vart forøvrig avslutta med ein tur på loppemarked i Holmedal samfunnshus. Og vask av bil i Askvoll. Glimrande vårdag 😎
søndag 16. mars 2025
Flott "Påsketur" 2
| Ved Svartevatnet |
| Ved Mangevatna - Toreheia i midten oppe og Yndestadhøgeheia t.h. |
| På Blåfjellet |
| Grimelia |
fredag 14. mars 2025
Flott "påsketur"
| Stongfjorden Toreheia og Yndestadhøgeheia t.v. Blegja t.h. |
| Mot Granesundet i Askvoll |
| Alden og Heggøyna m.m |
| Øyane i Florø |
I dag passa det endeleg med ein trimtur på Høgeheia igjen. Absolutt høg tid for å brenne av nokre kanariske kaloriar!
Eit par minusgrader gjorde stien delvis frosen oppover før sola fekk tak. Men du verden kor fint det vart då den fekk tak! Glitrande! Og vindstille. Det låg eit lite snødryss oppe ved toppen der sola ikkje hadde fått tak.
Vart ganske overraska då eg traff eit fransk par då eg var komen ned igjen mot Holevika. Eg slo av eit liten prat på engelsk. Fransken min er ikkje det den ein gong var 😂Dei hadde sjølvsagt aldri vore her før. Koseleg!
