I Oslandsbotnen |
Vardenova |
Fortøyninga til denne båten levde i dag.... |
Eg gjekk meg ein morgontur til Svelia i dag. Med fiskestong i sekken. Fiskelukka vart det så som så med, men akkurat det betyr mindre og mindre. Slikt er no alltid berre litt av turen. Og i dag vart det i grunn andre ting som opptok meg enn fiske. Greitt å opptre som reddande engel av og til òg...
Dei første som trong hjelp var ein sau og tre lam som hadde kome seg inn på veirebeitet i Svelia. Dei stod å trykte på gjerdet på nordsida og ikkje kom seg ut. Etter opp og ned bakkane nokre gonger forstod dei endeleg at grinda var open. Merkeleg at det går an å springe forbi slik utan å forstå eller sjå...!! Men til slutt skjønte dei jo teikninga - etter at eg begynte å gøy - som ein fårehund !
Neste sau som trong hjelp, var eit lam som hadde ròta seg inn i eit tau frå båtane som ligg på land i enden av vatnet mot Botnastølen. Stakkars lammet held jo aldeles på å rive av seg halen i forsøket på å kome seg fri. Heldigvis hadde eg kniv med meg. Så etter at eg heldt lammet godt under meg, fekk eg skore av tauet, så det fekk fridomen igjen. Det bræka nøgd, og slo følgje med nokre andre.
Det hadde det ikkje heilt godt dette lammet ved Svelivatnet |
Jo jo det var den fisketuren. Eg tutla meg berre heim igjen. Undrande på uttrykket om å vere svinebunden, og om eit lam kan vere svinebunde? Vèret vart knallflott. For flott til fisking i allefall. Men trimmen inkl intervallar hadde eg iallefall fått. Nokre gode gjerningar og opplevingar rikare òg... Ikkje heilt vekkasta til ein søndagsføremiddag å vere....