Fra Dokka_Stølsfjellet 300609 |
tirsdag 30. juni 2009
Sommarregn på naken hud
søndag 28. juni 2009
Magisk krevjande
Varm om hjarterota. Turdeltakarane på toppen av Blegja
Totalt 19 morgonfriske og blide turdeltakarar stilte på turen frå Fossevikja til Blegja og Hestad. 3 stykke frå nordsida av fjorden vart med meg frå Eikenes. Ingvar S og mor og dotter Sandøy, turistar i Hollevika. Eg fekk bror min til å skysse oss frå Eikenes til Fossevikja. Fin start på dagen... 9 deltakarar kom med båten frå Dale. Dei traff vi i Fossevikja. Og Agnar hadde med seg nokre frå Førde som vart skyssa frå Standnes. Desse vart skyssa av same båten etter at følgjet frå Dale var ilandsette.
Vi samla oss alle ved sørenden av Fossedalsvatnet. Sidan vi i første gjengen hadde god tid då vi måtte vente på dei andre, stakk vi innom på Elraki på veg opp i Fossedalen. Elraki er ei nydeleg, gamal hytte med fleire andre bygningar ved Fossedalselva. Området har historiske røter og er av gamal kulturverdi. I samla flokk gjekk vi austsida av Fossedalsvatnet til Øvre Fossedalen. Stien låg avkjølande i skuggen. Dette var vel siste skuggen vi opplevde resten av turen...
I Øvre Fossedalen tok vi ein liten ny rast før vi gjekk opp Eitreskaret. Vi følgde ein bit av DNT-ruta som går frå Nipebu til Massbu. Ved Botnatjerna var det ny påfylling av vatn. Det synte seg at tre deltakarar ville bli med meg på Eitrenipa. Så vi tok opp skåra som går opp på toppen frå sørsida (skåra her møter den liknande skåra på nordsida rett under toppen, på vestsida av fjellet). Vi fekk oss ei panoramautsikt av dei sjeldne, og eg fortalde om fjella på Askvoll-halvøya. Vi tok oss tid til ei skive. Ein av matboksane var spesielt sirleg tillaga...:-)
Ein hare hoppa forfjamse opp rett framfor oss då vi heldt fram austover. I tillegg til denne såg vi faktisk to hjortar heilt oppe på ville fjellet lenger aust. Artig! Og på veg nedover var det fleire hjortetrakk i snøen. Eit rypekull sprang til alle kantar inne på Blåegga, medan mora spela sjuk for å tekkje til seg merksemda. Flott å sjå rypekjuklingar på fjellet...
Vi tok att dei andre på Yksnefjellet. Her hadde vi oss ein liten pause. Den vidare turen innover Blåegga er krevjande. Forkastningar og stein må forserast. Lite vind, steikande sol og varme, gjorde væsketapet enormt. Men heldigvis var det noko snø og smeltevatn igjen enkelte stadar. Og opp på synste Stauren ligg det framleis noko snø på norvest sida. Vi klatra opp ura på toppen her. Etter ein liten rast, gjekk vi ned i Blegja-skaret og tok ein lengre pause. Påfyll av karbohydratar før sjølve oppstigninga til toppen. Dei fleste sette igjen sekkane sine her nede. Sidan vi skulle returenere her og vi vart vekke berre ein times tid.
Skaret opp på sørvestsida av Blegja, kan vere litt luftig for enkelte. Dette har med vanen å gjere. Men alle kom seg opp i sitt tempo, sjølv om det var fleire som ymta frampå om at det var verre ned... Ein varm og lukkeleg gjeng toppa ut Blegja. Og det var tid for fellsbilde:-) Eg tok med meg omlag halvparten av gjengen og gjekk ned ura mot nordvest, der vi brukar å komme opp frå Rørvika. Så traverserte vi for det meste i snø under sjølve toppen og bort igjen til skaret. Det var mykje løya sigling i snøen ned og på traversen. Eg sjølv brann meg godt i skinka av den sylskarpe gamle snøen...:-) Vi returnerte så ned igjen mot Blåvatnet.
Elva til Kvanndalsvatnet er utruleg flott. Fossande av snøsmeeltinga på blankskurte berg (sjekk fotos). Agnar hadde hatt seg ein søndag for litt sidan og klipt langs stien lengst oppe, slik at den var grei å finne. Lenger nede mot Blåvatnet, er det god sti frå før. Og resten av turen ned til Hestad går på godt opptrakka stølsveg og skogsveg til slutt. Vi måtte likevel ha oss eit stopp på Hestadstølane. Dei er veldig velstelte og pene. Nymåla, nye vindauge og bordkledningar. Verkeleg eit eksempel på velhald til etterfølgjing.
Vi var godt leste ut igjen fjorden med båten til Dale. Flott tur i solnedgang og god temperatur. Avdi vi som skulle til Eikenes ikkje nådde ferja (kunne jo ikkje stresse med det ein slik flott dag), så skyssa båtføraren oss ut att fjorden. Ein super tur var til endes. Særs minnerik. For mange hadde ikkje vore på Blegja før. Så takk til dykk alle for ein flott dag...
Fra Fossevikja_Eitrenipa_Blegja 280609 |
lørdag 27. juni 2009
Natterangling
Bilete frå soloppgangen på Eitrenipa i natt...
Eg vakna og var lysvåken då Torbjørn kom igjen kl 02.15 i natt. No er huset fullt av ungdommar som har ein litt annan døgnrytme enn eg. Eg tok meg ei runde ut på altanen. Nesten 18 grader ute. Så utruleg fint. Utan å tenke meg om meir enn ein gong - Eitrenipa - here I come....
Eg heiv i meg to skiver og eit par glas melk. Drog på meg tights, ei enkel trøye + ei ekstra trøye knytt rundt livet til bytte, og hybridskoa. Og var avgarde kl 03.
I Vågane trudde ein hjort at han kunne springe om kapp med bilen. Omlag hundre meter hadde han denne idèen. Og rett forbi Flokeneset meinte ein hare det same. Han sikksakka frå kvar side av vegen i hundre meter han òg... Merkeleg samantreff!
Rett under fossen frå Leknesvatna flaug ei havørn opp, og inne ved vatna skvatt eit kull med ungar av lirrype rundt føtene på meg. Det var berre så tydeleg at det var så mykje meir liv no om natta enn på dagtid...
Eg toppa ut Eitrenipa kl 04.40 og nådde (nesten) soloppgangen på toppen. Eg hadde ikkje sjekka ut tidspunktet for dette. Men det låg nokre morgonskyer i nordaust som sperra for oppgangen likevel (sjekk bilder)... Det var ein magisk augneblink. Like magisk som rett før jul, i beinkulde og klårver, då sola stod opp nesten på motsett side av horisonten... og eg var der på same plassen! Fantastisk at eg har fått med meg begge dei to siste solsnu på toppen av Eitrenipa! Så diamentralt forskjellige...
No leika den varme nordaustvinden meg i ansiktet, og eg kunne sprade rundt i bar overkropp! Eg kunne skrike høgt av glede... Kor var du mi Afrodite som kunne dele dette med meg?! Det var eit minne for minneboka mi...
Turen ned igjen vart ekstra fin i dag òg. Morgonlyset bada stadig nye område med sine livgjevande strålar. Og eg måtte ofte fram med kameraet. SÅ herleg! Eg nådde som tenkt heim igjen før nokon var vakne... Ikkje at det betydde allverda. Her i huset er dei vane med at eg fær mine eigne vegar... Og klokka sommarsdagen er berre eit kunstig sak likevel...:-)
fredag 26. juni 2009
Sydentemperatur
torsdag 25. juni 2009
Wunderbar
Fra Sjøtur 250609 |
tirsdag 23. juni 2009
Vellukka jonsokfeiring
Peter og eg starta feriedagen med ein tur til Førde og besøkte tvillingane eg er bestefar til. Vilde og Lene. Dei var i full vigør oppe på Vie ilag med Kristine. Dei har no lært seg å gå og er nok ei handfull for mellomste dotter mi. Etter svar på DNA viser det seg no at dei er einegga. Litt rart egentleg. For no ser eg klårt forskjell på dei. Lene er den utforskande og rastlause, medan Vilde er meir mammajente...:-)
Deretter vart det shopping av litt småtteri, bl.a. til Nipebu. Og så kjøpte eg meg eit par ganske lette, halvhøge La Sportiva fjellsko som var på sal. Greie no til hausten i ekstra vått og sleipt terreng...
Etter å ha kome heim vart det til at Peter reiste ein tur på Grimelia til Andreas. Medan eg slappa av heime med avisa og hadde meg ein høneblund.
Då Olaug kom igjen tok eg meg ein rask tur på Dokka - i dag òg! Nydeleg! I bar overkropp og joggesko. Vindstille og mykje sol. Tydeleg at vèret endra seg til det betre.
mandag 22. juni 2009
Paradisdagar
søndag 21. juni 2009
Nipebu 20/6-21/6
Fra Nipebu 2006-2106 |
fredag 19. juni 2009
Ein kjapp tur
torsdag 18. juni 2009
Heimelaga brød gir krefter
Fra Stølsfjellet_Dokka 180609 |
onsdag 17. juni 2009
Fjell, skule og fjell...
Fra Eitrenipa 170609 |
tirsdag 16. juni 2009
På gamle tomtar
Fra Høgeheia 150209 |
Fra Høgeheia 160609 |
mandag 15. juni 2009
Roundabout
Fra Dokka_Stølsfjellet_Hjartåsen 150609 |
søndag 14. juni 2009
Lett tur på Blegja
Fra Blegja 140609 |
lørdag 13. juni 2009
Gamalt Fjaler-land
...eller home is where the heart is...
Eg tok ein liten vri over eit kjent tema i dag og gjekk Markavatnet/Eitrenipa/Nordre og Søndre Kringla, Fossedalen og Fossevikja med båttransport til Eikenes igjen.
Eg har ei kjekk kone. Ho lèt meg styre på med mitt. Og stilte nærast opp som Mor Teresa i går kveld då eg sa eg kunne tenke meg å køyre bilen til Eikenes for å ha den ståande der. Til eg kom igjen frå fjellet i dag. Båttransport frå Fossevikja til Eikenes skulle Sillan syte for. Eg måtte ha transport til Markavatnet i dag tidleg òg. Olaug stilte sjølvsagt opp igjen, før ho skulle på Vårslepp på Værlandet med Peter, veninner og andre ungar. Planen var lagd... Og eg kunne sleppast til fjells... igjen:-)
Vi var på plass ved Markavatnet kl 08. Og Olaug ynskte meg god tur... Det var delvis skya og stilt. Litt vått i graset etter regn om natta. Og så usikkert som vèret var, og relativt kaldt som det har vore, hadde eg med meg litt klesbyte. Shortsen tenkte eg ikkje på, men gjekk i softshell buksa.
Eg gjekk opp den vanlege ruta. Stien er begynt å bli bra oppgådd no...:-) Noko som gjer det betre å ta seg fram opp skogen. Oppe ved Leknesvatna keik sola fram ein periode. Fjell og natur spegla seg i ei blank vassyte. Og vått bjørkelauv bada seg i morgonsola. Som i eit eventyr...
Eg stogga som vanleg litt ved brua og såg på kjøa som leika seg i sollyset. Både i elva og i vatnet. Her er fin steikefisk i Leknesvatna.
Det var kjekt å sjå at ein flokk sauer hadde funne vegen heilt oppunder Eitrenipa. Dei hadde sjølvsagt trekt høgast mogeleg opp under snøkantane, der det nye graset av året er saftigast og mest næringsrikt. Lamma var svært nyfikne, og samla seg i ein stor flokk for å iakta dette framande oppe i fjellet med bein og stavar...:-)
Det gjekk lett opp skara og til topps. Fine berg å gå på no. Eg hadde sett på ei regnbyge som kom vestfrå ei stund. Men det vart berre med litt yr, før det heile var over. Likevel var det fint å kunne skifte ei trøye og ta på seg ei jakke. Var nok ikkje mange varmegradene her i dag...
Etter eit lite stopp, både ved varden i nord og sør, gjekk eg austover og ned til toppen av Eitreskaret og sør til søkket opp på Nordre Kringla. Her er det glatte og bratte svaberg både for å komme seg ned og opp igjen. Men eg traff der eg visste det gjekk an å krysse løypa frå Nipebu til Massbu. Og sjølve oppstigninga på Nordre Kringla tek ikkje meir enn eit kvarters tid på blanke svaberg (jmfr. bilder).
Det er ei stund sidan eg har vore her på toppen. Og nokon hadde gjort ein flott jobb med å byggje opp att varden som truleg var teken av lynet for nokre år sidan. Artig å sjå det kjende landskapet frå ein ny vinkel. Og nydeleg utsikt ned til Øvre Fossedalen. Og ikkje minst mot den praktfulle Eitrenipa frå sør med skaret opp på denne sida.
For å komme seg ned frå Nordre Kringla og opp på Søndre, må du igjen litt aust for å finne ei skår som fører ned i eit djupt søkk som deler fjella. Opp og ned igjen. Berre at det er litt lenger og litt flatare opp på Søndre Kringla enn opp på Nordre. På Søndre er det praktfull utsikt over Dalsfjorden og Dale. Og elles i alle himmelretningar. Eg sat ei stund her, tok meg litt drikke og funderte over bygda og livet...
Ned frå Søndre Kringla og til Øvre Fossedalen er det berre ein veg. Skåra på vestsida. Den er lett å finne, og vegen seier seg sjølv. Over skoggrensa. For stykket mellom starten på skåra opp, og ned til elva over Øvre Fossedalen, er det no ganske tilgrodd med bjørk. Dette stykket er berre på eit par, tre hundre meter, så det burde absolutt vore fort gjort å fått rydda unna litt frå stien.
I partiet ovanfor Øvre Fossedalen har det vore rydda. Ikkje i år, men likevel. Det eine stølshuset er bra vedlikehelde. Det andre treng eit strøk maling og skifte av nokre bord. Diverre ser det ikkje til å gå dyr her lenger, så då gror vel dei flotte grasbakkane til snart...
Å komme ned til Fossedalsvatnet og Fossedalen er som å vandre tilbake i eigne fotefar. Dalingane har alltid brukt området flittig. Og det var nok her mykje av grunnlaget for fjellinteressa vaks fram frå barndommen av. Både i form av teltliv, og ikkje minst på hytta til Haralden i Dale på Dalsstølen. Når eg går etter vatnet kan eg memorere teltplassar, fiske- og badeplassar. Berre kjekke og gode minner frå ei god barne- og ungdomstid...
I enden av det idylliske Fossedalsvatnet, på svaberga der vatnet stuper seg utfor hammaren og ned i Nedre Fossedalen, tok eg meg ein god pause igjen. Det var lite vatn etter svaberga og i fossen (typisk vestlandsvassdrag som veks fort opp og minkar raskt etter mengda på nedbøren). Det er god ro i rennande vatn...
I nedre Fossedalen var det ikkje folk i dag. Eg stoppa og tok nokre bilder. Studerte bygget for toalettet som kommunen har kravd fjerna. Deretter gjekk eg ned på ELRAKI og tok nokre bilder av den flotte hytta til Ingrid F. Fantastisk flott der ho ligg ved Fossedalselva.
Eg snakka med Sillan, broderen, på mobil undervegs til Fossevikja. Det viste seg at ein kollega, Hugo F., hadde båten og venta. Hugo var veldig grei og skyssa meg til Eikenes på nokre minuttar, før han heldt fram dorgeturen. Takk igjen Hugo!
Så då stod eg igjen på Eikenes og kunne sette meg i bilen og køyre heim. Lukkeleg over ein super dag på fjellet... Ei vandring på gjengrodde stiar og tilbake i tid...
Fra Eitrenipa_Kringla_Fossedalen 130609 |
torsdag 11. juni 2009
Godt stadval
onsdag 10. juni 2009
Panorama til onna
mandag 8. juni 2009
Flugemat
søndag 7. juni 2009
Familietur på Eitrenipa
Fra Eitrenipa 070609_familietur |
lørdag 6. juni 2009
Frå sommar til vinter
Fra Blegja_Eitrenipa 060609 |
torsdag 4. juni 2009
Så lett så lett
tirsdag 2. juni 2009
Iskald på Dokka
mandag 1. juni 2009
Orrespel og eventyr
Fra Eitrenipa 010609 |
Abonner på:
Innlegg (Atom)