Facebook

søndag 30. april 2017

Dameselskap

Olaug og Molduras store sønn
Ja, det tek på om du skal opp....
...men jammen er det verdt slitet...



...å no opp på toppane.

Påskegåva frå banken inneheldt visst meir enn Kvikklunsj!
Vi fekk oss ein god latter...😄



I dag fekk eg med meg Olaug på den flotte ruta frå Neset til Fanafjellet (fjelltrimpost). Vi gjekk deretter over traversen ved toppen på Fagredalen til Moldura, og vidare opp hit frå nord. Returen til fjorden igjen tok vi via Størdalsstauren i vest. 

Når sant skal seiast er ikkje Olaug heilt fri for høgdeskrekk. Traversen over til Moldura frå Fanafjellet kan ofte vere litt tricky då her er bratt og ofte isete på vinterføre. Men det gjekk i grunn heilt greitt i dag. Vi kom fint over ved at eg gjekk først og trampa spor. Broddane vi hadde teke med var òg til god hjelp.

Elles traff vi - eg heldt på å seie som vanleg - Molduras store sønn Ansgar Bjarne her oppe. Vi slo av ein liten prat rett nedom toppen. Han på veg opp, vi på veg ned. Som seg hør og bør måtte møtet dokumenterast....😃

Det mest morosame var likevel då vi ute på Størdalsstauren opna påskepakken frå banken . Den vesle pakken som eg visste inneheldt kvikklunsj. Men i staden for to kvikklunsj drog Olaug ut eit Yatzy (sjå foto). Då lo vi godt! Truleg første og einaste gongen nokon har teke med seg eit Yatzyspel opp hit...😂

Nydeleg tur i supert vèr!
Legg inn en kommentar