lørdag 11. mai 2013

Ei tidleg lukkestund

Eg vart so blenda av jentene at eg ikkje tenkte på bakgrunnen... 
skjønt kontrastar seier no mykje òg...:-)

Eg har ein egenskap som til tider kan vere irriterande for andre - eg likar å vere tidleg ute. Slik er det på jobb - eg møter opp ein halv time før eg skal, så eg får god til til å opne opp system og drikke kaffi  med dei andre morgonfuglane. Prate litt om veir og vind og anna small-talk (betaling får eg ikkje for dette altså...) 

No er det nok sikkert slik at eg er arveleg belasta med dette å vere tidleg ute. Det er sagt at oldefaren min på Boge, han Jens, alltid stillte seg opp på kaia i Dale ein halv time før ferja skulle gå då han skulle ut igjen til Eikenes. Han var redd han ville bli for sein... Til tider kan det sjølvsagt vere irriterande for familien at eg alltid skal vere så tidleg ute. Eg er som regel klar både til det eine og det andre før andre er begynt å kle seg. Men ein ting har eg iallefall lært meg - å sitte i bilen og tute på Olaug, eller dei andre, for at dei skal skunde seg - det gjer eg ikkje...! Ja, for då blir det leike...:-) Eg får heller springe litt kvilelaust rundt om i huset.  

Men det eg egentleg ville seie var at det ofte svarar seg å vere tidleg ute. Som i dag! For sjå kven eg traff på veg ned igjen frå Bakkefjellet i dag tidleg. Klokka 08.14. Oppe i hogstfeltet. Ja, dei daue granene gløymde eg heilt då eg tok bildet av desse spenstige jentene... Blenda som eg vart, kan du skjøne...! Nei, denne åpenbaringa hadde eg nok ikkje fått om eg hadde lege heime i senga og purka. Då hadde nok jentene gått meg hus forbi...! Nei, fjellgeitene Anne-Grethe Lien og Anita Vårdal brukar heller ikkje morningane til å liggje og dra seg - så difor godtfolk - ha dykk opp av senga om de skal treffe ein slik bukett! 

Dagen min er iallefall redda. Og når eg difor kutta ut Blåfjellet på same racet i dag tidleg, var det nettopp for at eg allereie hadde fått meg tre toppar... Om eg får behov for noko meir utover dagen får no tida vise...! Denne morgonturen vart iallefall av det minnerike slaget. No har eg gøymt den for ettertida òg. Kan jo vere kjekt å sjå attende på når eg ein dag sit nede på heimen...;-)

Ei lita solstråle vitja Holmedal klokka 07.50 i dag

SEINARE PÅ DAG
Blåfjellet, Askvoll i ettermiddag

Utan å rippe for mykje opp i tabbar eg har gjort her i livet, må eg likevel få innrømme at eg kom i skade for å ramponere eine nedløpet på ei takrenne på huset her i påska. Kva reiskap eg brukte til det stuntet får vere usagt... Det var så gale at eg helst ikkje vil seie det... Men i alle tilfelle måtte eg ha ei ny takrenne. Og då vart det ein tur ned til Leknes`n i Askvoll ut på dagen. 

No kunne eg i grunn ikkje køyre sør igjen utan å ta med meg Blåfjellet i same slengen. Det ville nesten vere for gale. Ein vekkasta biltur for å seie det på den måten. Så eg heiv meg avgarde opp igjen bakkane der òg. Men skulle du ha sett slikt - trur du ikkje eg traff på Anita igjen, denne gongen med dei to superfriske jentungane sine sprettande ned bakkane. Dei måtte luftast dei òg. Imponerande! 

Ja, dette kan eg trygt seie vart dobbel gevinst for dagen ! Ja, min santen sit det i endå.. #sportyaskvolljenter 


Ingen kommentarer: