Facebook

onsdag 8. mai 2013

Adam og paradis

Nok ein fin trimtur på Blåfjellet medan Peter og Andreas var på fotballtrening. Allereie tørka bra opp etter væta hin dagen. No spørst det berre kor mykje meir vatn det kjem. Veldig kjekt med lette klede og Inov8 joggeskorna. Veg minimalt og sit godt på alt slags underlag. 

I kveld var det igjen fin utsikt mot Atløyna, Sauesundet, Askvoll innover Dalsfjorden og øyriket i vest. Skodda var borte vekk. Men sola var diverre fordufta frå tidlegare i dag òg. I skrivande stund er det begynt å drople igjen. Synd. Ja, kor lenge var Adam i paradis? Ja, ja - vi lyt ta det som det kjem. Eg er iallefall glad vi har Tyrkia-turen til sommaren i boks. Då blir det iallefall 14 dagar med knallvèr og varme - så det held....:-)  







Legg inn en kommentar