lørdag 11. august 2012

Sol og skodde på Blegja

Storehesten dukkar opp frå skodda. 
Foto frå Blegja i dag

Eg var som vanleg tidleg oppe i dag sjølv om det var lørdag. Men etter å ha sjekka dei siste vèrvarsla tok eg livet heilt med ro. Det var nemleg meldt betre vèr utover dagen. I tillegg låg det ein del skodde ned i fjella. Etter ei tekstmelding med broderen inne i Dale, så fekk eg stadfesta at skodda låg tjukk opp i Blegja. (Sillan ser nemleg Blegja frå Bjerga, noko eg ikkje gjer frå Stongfjorden). Eg sysla difor med den nye smarttelefonen, pc`en og åt ein ekstra frukost ilag med Olaug då ho stod opp. Peter var nemleg i Flekke på besøk.

I 10-tida tok eg likevel turen innover til Rørvika. Vèret var allereie begynt å lette. Sola stakk seg fram meir og meir. Så då starta eg berre klyvinga oppover. 1304 meter opp. 

Etter å ha kome opp under Rørvikenipa dreiv skodda likevel ganske tjukk på igjen. Såvidt eg såg sola i alt det kvite. Men dette rekna eg med forsvann relativt fort. Og oppe i siste urane mot toppen gjekk eg rett gjennom skoddelaget og opp i perfekt solskin. Utan det minste vindpust. Perfekt i berre shortsen. Nokre minuttar etterpå stod eg på toppen. Piece of cake. 
Største attraksjonen opp var eit fjellrypekull eg gjekk på som enno ikkje kunne flyge. Ungane gjekk framfor meg oppe i ura medan mora kurra. Ho var ikkje meir enn meteren i frå meg på det næraste. Fast bestemt på å forsvare kyllingane til det siste. Fin oppleving. No er det berre å håpe at kyllingane overlever hausten òg... Dei har mange fiender desse få rypene som er att i fjellet...!

 Dei går nesten i eitt med stein og berg rypekyllingane
Rypemor vil forsvare kyllingane sine i tjukt og tynt...

Det var fantastisk fint på toppen. Nydeleg utsikt. Men skodda låg tjukk under meg på Dalsfjordsida. På Førdefjordsida derimot var den borte. Heilt vindstille. Ja, til og med sola steikte ved varden. 

Eg putla litt med mobilen for å teste den ut (tok nokre eigne bilder som ligg med eigen link under), men fann sjølvsagt ikkje igjen panoramafunksjonen då eg trengde den som mest (det må eg få inn i fingrane etterpå...). Eg sende dessutan eit par testbilder frå Instagram-appen direkte til Facebook for å sjå korleis det vart. Men elles brukte eg mest Panasonicen for å forevige augneblinken. Det vart difor ei heil flott stund på toppen i dag. I motsetnad til mange av dei andre turane i det siste der skodda stort sett har vore som graut, og kulden har slite i bar hud... Ei god stund seinare gjekk likevel turen ned igjen same vegen.

Foto Blegja 110812





Ingen kommentarer: