torsdag 2. august 2012

Ei forlokkande dame

Eg stakk oppom Blegja på veg heim i dag òg. Ho ligg så steikje forlokkande til der oppe når eg køyrer heim frå arbeid. Som ei dame det ikkje går an å seie nei til...(spøk:-)) Då er det sjølvsagt greitt å vere utrusta og klar...

Eg har fast med meg diverse klede og sko i bagasjerommet på bilen no. Greiast er det sjølvsagt å gå opp i joggesko og shorts, sjølv om det er lett å få seg ein kilevink på føter og legger oppe i urane. I dag var det i tillegg vått i gras og anna lenger nede, så kliss vart eg ganske fort. Så farleg er ikkje det når temperaturen er bra.  

No var det sjølvsagt skodde på toppen i dag òg. Fjellet gir liksom ikkje heilt slepp på den for tida. Dessutan følgde litt regn og yr med. Så mange plussgradene var det heller ikkje, sjølv om det kanskje kan sjå slik ut....:-))

Elles er det ikkje så mykje å skrive heim om. Som eg ikkje har nemnt mange gonger før. Mykje liv er det heller ikkje å sjå. Men ekstra kjekt er det med snøsporven der oppe. Den er både sjeldan og ikkje alltid så lett å få auge på hvis du ikkje har syn for fugl.  Kjem du for nær reir og unger så pip han såvidt. Utsjånadsmessig går han i eitt med stein og snø.

Ei og anna rype er òg å sjå. Høgt oppe i urane og elles rundt omkring. Men det er foruroligande lite fugl. Eg ser mindre og mindre for kvart år. 

Plantene her ute ved kysten, synest eg er spesielle. Heilt ute ved havet på over 1000 meter stikk dei seg fram i tjukkaste steinura. Og fleire av dei står i blomst. Hardføre og nøysame. Eg går vanlegvis forbi ei systerot (rosenrot) nesten heilt oppe ved toppen. I verste ura. Det synest eg er veldig kjekt. Her er også fjelljamne, kråkefot, sisselrot, fjellburkne, musøyre og vier for å nemne nokre av dei grøne. Nokre av dei blomstrande vi finn er som sagt systerot, sildre, fjelldronning, fjellmarikåpe, fjellpryd, fjellkattefot, stemorsblomst og blåklokke - for å nemne nokre.  

Kvitbladtistel Cirsium heterophyllum (Cirsium helenioides) på Blegja

For meg fortel plantane noko om livet i seg sjølv. Spesielt her oppe. Utan å dra det for langt i denne omgang... Fellesnemnaren er at dei alle strekkjer seg etter lyset i ei eller anna form.

Fin tur!

Ingen kommentarer: