Facebook

tirsdag 31. mars 2009

Ville dyr

Eg og hjorten såg deler av lyset frå oven...! Motiv frå topp-platået på Blægja i fjor.... Eg må innrømme at eg har harselert med hjort og hjortejegarar opp gjennom åra. Mykje på spøk. Mange er lette å terge. Eg et sjølvsagt hjortekjøt. Og anna kjøt for den del. Alt går ned når ein er svolten. Og spesielt når ein har vore på fjellet. Men nokon stor fan av hjortekjøt er eg ikkje. Det finnst betre proteinkjelder. Eg har sjølvsagt heller ingenting mot hjortejakt. Jakt er viktig for å regulere stammen. Men no høyrer eg at inne i Sogn fòrar dei hjorten med rundballefòr slik at han ikkje skal svelte i hel. Andre meiner at dette er for å få opp stammen slik at avskytinga skal bli større og dermed inntektene av utleiga meir lukrativ (garantert fangst...) Problemet er vel at ein kan få små og svake dyr, og ikkje "survival of the fittest" ved å mate opp hjorten.... Men egentleg har eg ikkje så mykje greie på det, og har i grunn ikkje tenkt å bruke noko meir tid på det heller i so måte. Men at det er pengar i hjortejakt, er det liten tvil om. Tilbake til dei meir trivielle sider ved hjorten, så ser eg veldig mykje hjort på mi daglege pendling frå Stongfjorden til Førde og heim igjen. Om ikkje kvar dag, så nesten, avhengig litt av årstida. Enkelte morningar er dei i hopetal langs heile vegen til Førde. Ofte med stor fare for nærkontakt av tredje grad, heldt eg på å seie. Ja, det er med naud og neppe eg har komme meg unna kollisjonar dei 10-12 siste åra. Slike historiar kan eg vel snart fylle ei bok med. Det som er litt artig kvar vår, er når vi stiller klokka fram og hjorten ikkje gjer det... Då kryr det etter vegane og på bøane ein periode. Og dei gidd ikkje eingong lette på hovudet når eg sveivar ned ruta og helsar God Morgon herr hjort. Fullstendig oppslukt av nye vårspirer på bøane. Litt uforskamma spør du meg... Her hin morgonen tok likevel kaka. Med full oppbremsing og høgre hjulparet i grøftekanten, stogga eg akkurat slik at hjorten stod på hi sida av sideruta der eg sat, med ca 10 cm klaring mellom oss. Eg hadde sjølvsagt hjartet i halsen, og det spørst om hjorten ikkje hadde det same, for då eg skrudde ned ruta og kjende pusten frå dyret, var vi som fastfrosne i tid... I mange sekund vart vi ståande slik å stirre kvarandre inn i auga. Båe to nærast takknemmlege for å vere like heile. Før hjorten snudde på seg og tusla tilbake same vegen han kom frå.... Eg kjem på haren i vinter. Òg som ein flott nærkontakt eg ikkje gløymer. Det er ei veldig spesiell oppleving å komme så nær inn på levande ville dyr... Og som før nemnt til hjortejegarar og andre - eg likar dyra best i live...! Når dei er daue er dei i grunn ikkje så mykje meir å sjå på eller oppleve... Seinare Så vart det ein tur på Hjartåsen i kveld òg. Fekk på meg ei snøbyge på toppen, men den gjekk fort over. Vått og gjørmete i terrenget gjorde at eg såg litt herja ut etter å ha sprunge ned igjen...:-)
Legg inn en kommentar