Facebook

onsdag 5. mars 2008

Verda er mindre enn du trur


Utover Heilevangstaurane frå nord kl 07.20 8.april 2007

NRK S&Fj fanga visst opp det sørgelege bildet mitt av Melkebaren som vart jamna med jorda i går ad omvegar. Kontaktar går fort Førde rundt.:-) Merkeleg at ingen media såg verdien av, og hadde "blikket" for, denne historiske hendinga. Melkebaren kunne det jo ha vore skrive bøker om! Ein institusjon! Eg er sikker på at mykje av det vi ser i Førde i dag i si tid vart klekt ut rundt laminatborda her...

Siste dagane har eg egentleg kome til at Melkebaren burde fått stått. I ei eller anna form. Er det noko Førde treng, så er det identitet...
Legg inn en kommentar