tirsdag 4. mars 2008

Retur av Kong Vinter


Ein del nysnø mot posten i kveld. Kald nordakuling i den blå timen. Og skikkeleg rennefokk ein periode nær toppen. Det var veldig godt å ha med heildekkande briller mot vinden og snødrevet (ser jo litt crazy ut på bilde då, men...:-) Ei skalljakke utan på Devold ull, og under det vindtette, kom godt med i kulingen og minusgradene. Kuldegrader og vind er ikkje å spøkje med i fjellet. Du frys fort på fingrane! Det er langt frå vår her... Eg nådde akkurat heim utan å nytte hovudlykta. Fin trimtur som vanleg.

posten 04.03.08

Ingen kommentarer: