Facebook

søndag 23. mars 2008

Min måne




Eg har ofte lurt på korleis det er å stå på månen. Den har vore eit praktfullt skue dei siste dagane. I går var den full òg. Med eit fantastisk lys stod den der på himmelen, rett over kanten på Skålefjellet, og spegla både fjorden og dei kvite fjella i sølvskimrande glans. Som teke ut av ei eventyrbok.

No er det ikkje berre fullmånen i det siste som har fått meg til å tenke på korleis det er der oppe. Av og til får eg nemleg assosiasjonar til månen oppe på Skylefjellet. Akkurat som i dag. Med sitt nakne, steinete og forblåste landskap minner området ved Skylefjellet nettopp om bilder eg har sett av månar og planeter oppe i det store intet. Eller kven veit? Kanskje finst det liv der ute...?

Eg kom meg iallefall fort ned att frå "månen" min i dag tidleg. Det bles godt opp med kuling, snø og rennefokk siste delen mot toppen. Kaldt og ugjestmildt for vanlege dødlege. Sikta var dessutan dårleg heim igjen. Godt med briller i det tette snødrevet...

Ovanfor Rinda traff eg Vigdis F.K, Anne S og Audun F på veg oppover. Vi slo av ein liten passiar om stoda lenger oppe. Det gjekk fint å finne fram meinte eg, og litt svie av snø i fjeset er det jo ingen som stryk med av...:-) Det viktigaste er å halde varmen!

Så medan snøen lavar ned igjen her no, er det berre å lade opp til nye tak... Eg må vel avstad å pløye igjen snart. Hardt å halde vegen open...:-)


posten 230308_video
Legg inn en kommentar