mandag 24. mars 2008

Ein sikker vinnar


Frå utmarka på Yndestad i dag føremiddag

Eg labba i veg oppover i nysnøen i dag tidleg igjen. Fantastisk flott vèr og heilt stille. Som alltid er 2.påskedag ein av dei finaste dagane i påska. Slær aldri fei! Det var kome nye 15 cm snø i løpet av dagen i går. Og spora var sjølvsagt borte. Ovanfor Rinda var det blese heilt til. Det vart difor ein ny og ganske tung tur opp på trimposten.

Eg hadde planar om å ta opp på Toreheia etter å ha vore ut på Skylefjellet. Litt klede og mat var pakka i sekken. Men dei greiene gav eg meg på. Eg kjende eg var litt sliten etter dei siste dagane, og turen opp i dag. Det låg dessutan endå meir jomfrueleg snø oppover dit. Nokre trugande, særs tunge og fiolette skyer prega òg himmelen rett ute i havet. Snøbygene gjekk allereie ute ved Alden. (Det viste seg seinare å ikkje vere noko å bry seg med - dei kom aldri inn hit i dag!) Så eg tok til vit og rusla ned igjen.

Eg traff Vincent Y nede ved Mangevatna. Vi slo av ein liten prat. Nedom hytta traff eg Olaug og Sissel. Olaug hadde vore med Peter på Grimelia for gutebesøk. Vi fann ut det var greitt eg pløgde oppover først..

Ja, så no er påska over. Den har vore på det jamne. Heller kald og litt for tidleg i år. Men det er no framover finaste tida er. Vi får krysse fingrane for skyfri himmel og nye flotte turar. (Og helst andre mål enn Skylefjellet snart...:-))


(Alle bilda og video er igjen teke med mobilen. For dei som lurer litt på dette, så rauk kameraet mitt rett før påske, og er f.t. ute av drift! Det var ein veldig koseleg opplevelse...)
posten 240308_video

posten 240308

Ingen kommentarer: