Vi gjekk oss ein fin kveldstur Olaug, Peter og eg i kveld før det mørkna. Inn Solsidevegen, forbi Blomberg, ned vegen og over demma til ventilhuset og heim igjen. Det tok faktisk to timar inkludert dulling og stulling...:-) Til og med sola stakk fram ute i fjorden inn mellom nokre småbyger. Fin og koseleg familietur som ein avslutning på helga...
Ja, det var litt sommar-feeling eg fekk på joggeturen til Vågane i dag. Eg tok ikkje shortsen då, men det var ikkje langt i frå. Mannfolk på +50 skal vel ikkje snakke høgt om tights og greier, så det kan vere unemnt....:-) Men eg var nesten sommarkledd på turen iallefall. Tek eg i litt ekstra sveittar eg uansett. Noko trekk var det, må innrømme det, men kjensla av å springe lettkledd er, ja, frigjevande. Nesten litt slik som fuglen, utan at eg veit akkurat korleis dei har det...
Som tidlegare nemnt så har eg ikkje lagt fjellivet bak meg. Langt i frå. Men trengde i grunn litt nye utfordringar etter å ha sprunge ørten gonger på fjelltrimpostane dei siste åra. For det meste mo åleine. No vil eg prøve å tenke meir på at det er turen som er målet, og ikkje boka på toppen. Difor vel eg heller resten av denne sesongen å gå på dei fjella eg vil, når det passar best, og når vèret kanskje ikkje er så aller verst. Jogginga går eg sikkert lei igjen, men det kjennest iallefall ut til å vere ein flott måte å halde forma vedlike på... og kanskje tek eg ein halvmaraton snart... Det er no forsåvidt ei utfordring i det òg...:-)Gler meg gjer eg iallefall til morgonjoggen i Tyrkia før sola står opp. Då er det ikkje altfor varmt til å springe naken...! Jippi!
Eg kom på ein smart idè i dag tidleg. Sidan Olaug skulle vere med nokre Askvoll-jenter på fjellet, og Sissel òg skulle vere med, sa eg til Olaug at dei fekk køyre to bilar ned til parkeringsplassen ved Prestemarka i Askvoll, så kunne eg springe heime i frå og henta bilen med meg opp igjen...:-) Som sagt så gjort. Eg fekk meg difor ein strålande joggetur ned Eidsfjorden til Askvoll. Flott vèr og lite vind. Litt trekk i mot sør i Eidsfjorden og ved Ringstad, men berre småtteri...
Den strame gyllelukta følgde meg forbi Størdalen. Og på Ringstad var traktorane så smått begynt å bevege på seg òg. Nydeleg vårstemning. Det er ei flott tid vi går i møte no.
Eg var ein solid joggetur i går ettermiddag, så eg kula han heilt ned etter arbeid i dag i trygg forvissing om at meldingane for morgondagen er fine. Så då får eg finne på eitt eller anna. Eg har ikkje heilt bestemt meg endå.
Eg tok likevel nokre bilder i kveldinga. Nydeleg ettermiddagssol og fint på sjøen. Berre ein ørliten trekk inn fjorden. Det vårast kvar dag. I morgon reknar eg med krokusen blomstrar
Det er vel gjerne ikkje alle som er klar over at det er Dragens År i år. Det starta 23.januar. Eg har alltid likt dragar. Dragen symboliserer rettferd og styrke, optimisme og suksess. På bare kvinneryggar er dragar ofte eggande.. Iallefall på meg. Dei verkeleg eldsprutande kan likevel vere skumle. Dei har ofte ein "alt eller ingenting" oppførsel. Her kan det vere klokast å halde litt avstand. Ja, kanskje ikkje terge dei opp for mykje. Eg kjenner typen etter å ha opparbeidd ei viss livserfaring i møte både med tenner, klør og eld...
Eg skreiv like godt nokre ord om dragen på LysandeStemningar ! Her er desse med eit passande bilde:
Det buldrar og sydar frå dragen sitt land
Eg søkjer så varleg eg kan hennar hand
Men villskapen lyser frå augene svarte
eg tenkjer på enker som et av dei sarte
Frå djupet av gapet det glødar frå dragen
Eg leppene kysser og klør ho på magen
Men danse på line i magiske stròk
kan age ein vesal frå spaning til ròk
På landet det andre ligg dagane klåre
Dei minner om barndom og gladlynte tåre
Eg fredsamt kan henda skal dra dit i dag
der kicket eg får er av soleglad slag
Attrå av rusen på liner så strame
kan aldri få dragane retteleg tame
Eg tenkjer på dragen kvar bidige kveld
som pustar og sprutar den evige eld
Ein av mine musikk-favorittar er Stephan Malkmus. Mitt pendlarliv inneheld gode stunder ilag med han. Han har si tolking av dragen. Legg den like godt ut her den òg. God fornøyelse og ha ein fin dag...;-)
Nokon spesiell fornøyelse er det ikkje å knyte på seg joggesko og lette klede for ein joggetur i regn, skodde og vind. Tungt og vått. Motavind og oppoverbakke til Osland og Vågane. Men i morgon er det personalmøte og då blir det ikkje trim, så må ein så må ein... Litt innsats er nødvendig for å halde seg i form. Den kjem ikkje av seg sjølv. Premien for innsatsen får du etterpå. Og som alltid er trim ferskvare. Det nyttar ikkje å tenkje på at du skal trimme, du er simpelthen nøydd å gjere det - uansett vèr...
Vår i Stongfjorden i dag tidleg. Snøfritt har det vore lenge, 8 pluss, yr og skodde i fjellet. Det er som om ein må be naturen ta det litt med ro! Truleg kjem det mange kuldenetter endå....