tirsdag 24. mars 2026

Nipebu i påska?

DNT-hytta Nipebu

Det nærmar seg påske, så her er eit liten trigger til å besøke DNT-hytta Nipebu og det fantastiske fjellområdet ikring. Her ligg info. I år er det bort i mot snøfrie forhold, så skiføre er her ikkje. 

Eg legg ved ein bildefilm eg laga for nokre år sidan. God tur! 


mandag 23. mars 2026

TiTur Dalsfjorden 2026

 

Via ruta frå Eidsfjorden til Kalderasnipa har ein fin utsikt til Askvoll

Kalderasnipa i midten sett frå søraust på veg til Dokka

Steiestølen frå ruta (Dyttinga) til Taket 

Frå Facebook sida til Titur Dalsfjorden kan ein lese følgjande:

Hei, lista til TiTurDalsfjorden 2026 er nå klar for å hente ned i ut.no og der vil de og sjå alle 10 registreringspunkta i kommunane våre. Lista og registrering i bøkene er satt fom 11 april og tom 11 september. Eg nemner her stadane samt lagar ein link slik at de kan hente dei opp her og. Her ser de turmåla, hugs at de og på dei fleste hente ned turforslag. Her er stadane:
Kallastølsfjellet/Kalvhagstølfjellet: https://ut.no/.../14689.../kallastlsfjelletkalvhagstlfjellet
Dersom spørsmål, ta kontakt
Helsing John Lien

Bildefilm Kalderasnipene

Bildefilm Skylefjellet 

mandag 16. mars 2026

Dette blir bra ...

Calella de Palafrugell

Katalonia 8 dagar i september - noko å sjå fram til...😎

  • Vandretur fra Santa Susanna til
    Sant Pol
  • Vandretur ved Montserrat klosteret
  • Vandretur til Calella de Palafrugell
  • Vandretur fra Vallromanes
  • Vandretur i Garrotxa Nasjonalpark
  • Byrundtur i Girona
  • Besøk til fiskerlandsbyen
    Calella de Palafrugell
  • Besøk til organisk vingård med
    vinsmaking
  • Besøk til Garrotxa nasjonalpark
  • Inngang til Montserrat klosteret
  • Taubane i Montserrat
  • Togbillett fra Sant Pol til
    Santa Susanna
  • Lokal vandreguide
  • Norsktalende reiseleder

 


mandag 2. mars 2026

Dalsfjorden i mitt hjarte

Dalsfjorden er ein smal fjordarm i Sunnfjord omkransa av fossefall og bratte, skogkledde lier. Det er stor tilførsel av ferskvatn i Dalsfjorden, og det har danna seg spesielle naturmiljø under vatn. Den 13. februar 2026 vart Dalsfjorden oppretta som eit marint verneområde, der føremålet er å ta vare på det verdifulle naturmangfaldet under overflata. 

Ovanfor kan du sjå YouTube snutten "Dalsfjorden i mitt hjarte" med bilete eg har sett i hop av og kring fjorden.

Info frå Statsforvaltaren her

søndag 1. mars 2026

Første vårdag på Ytrevågefjellet

Nydeleg på Ytrevågefjellet i dag med Olaug og Sissel

Siste bakkane mot toppen

...og her sigla vi ned igjen på rumpa...😎

Flott tur og flott vèr på Ytrevågefjellet i dag då Olaug, Sissel og eg klauv opp bakkane frå Vågane. Litt is i enkelte parti. Eit dryss med nysnø lenger oppe. Det gjorde det heilt fint å gå opp utan broddar. I det nesten vindstille vèret varma sola faktisk ganske bra. Trass i eit par minusgrader då vi starta. 

Ned igjen gjekk damene delvis med broddar. Eg utan. Det gjekk heilt fint. Og vi var like nøgde som den flotte vårsola....😊  

Foto Ytrevågefjellet 010326