mandag 2. mars 2026

Dalsfjorden i mitt hjarte

Dalsfjorden er ein smal fjordarm i Sunnfjord omkransa av fossefall og bratte, skogkledde lier. Det er stor tilførsel av ferskvatn i Dalsfjorden, og det har danna seg spesielle naturmiljø under vatn. Den 13. februar 2026 vart Dalsfjorden oppretta som eit marint verneområde, der føremålet er å ta vare på det verdifulle naturmangfaldet under overflata. 

Ovanfor kan du sjå YouTube snutten "Dalsfjorden i mitt hjarte" med bilete eg har sett i hop av og kring fjorden.

Info frå Statsforvaltaren her

søndag 1. mars 2026

Første vårdag på Ytrevågefjellet

Nydeleg på Ytrevågefjellet i dag med Olaug og Sissel

Siste bakkane mot toppen

...og her sigla vi ned igjen på rumpa...😎

Flott tur og flott vèr på Ytrevågefjellet i dag då Olaug, Sissel og eg klauv opp bakkane frå Vågane. Litt is i enkelte parti. Eit dryss med nysnø lenger oppe. Det gjorde det heilt fint å gå opp utan broddar. I det nesten vindstille vèret varma sola faktisk ganske bra. Trass i eit par minusgrader då vi starta. 

Ned igjen gjekk damene delvis med broddar. Eg utan. Det gjekk heilt fint. Og vi var like nøgde som den flotte vårsola....😊  

Foto Ytrevågefjellet 010326

torsdag 26. februar 2026

Mars


Mars stemning på Høgeheia 

Så er vårmånaden mars like rundt hjørnet. Kvinnedagen, påske og sommartid i kjømda. Ei flott tid både ved fjord og fjell. Her er ei samling bilder eg har teke. 

mandag 23. februar 2026

Gran Canaria 0702-2202

Olaug på Anfi


Utsikt frå leilighetshotellet Amadores Beach

Ved Sjømannskirken i Arguineguin

Utsikt frå el Balcon

Saltutvinninga Salina de Tenefè

Fjellet ved Los Azulejos er prega av flotte kopar, svovel og jern årar

Eg har laga ein link til bilder eg tok på den solrike turen Olaug og eg hadde til Gran Canaria frå 7/2-22/2. Turen gjekk som i fjor til Amadores. Med (nesten) daglege vandringar til den litt større plassen Puerto Rico. 5 gonger gjekk eg også opp dei 709 trappene og over åsen til Amadores igjen. Lett jogg ned igjen. Vi tok også bussen til Arguineguin og gjekk til Amadores via Patalavaca, Anfi og Puerto Rico. Dessutan motsatt frå Amadores til Arguineguin og bussen heim igjen. 10.februar gjekk vi dessutan fjellturen til Norskeplassen og Sukkertoppen. Så alt i alt vart det litt mosjon, og ikkje berre strandliv. Berre latmannsliv på solmadrass i 14 dagar blir litt slitsomt.... 😎

Vi fekk òg oppleve ein dag med calima. Men då var vi så heldige at vi hadde bestilt tur til vest- og nordsida av øya. Via Mogan og heilt opp til La Aldea San Nicolas og til Agaete (den kvite byen). Der ferja til Tenerife går. Imponerande utsikt frå El Balcòn. Flott tur med diverse stopp undervegs (sjå bilder). Vi enda opp på veg sørover igjen ved dei imponerande saltslettene ved Salinas de Tenefè (sjå link under bilde) og informasjon. Veldig kjekk tur i to minibussar med guide på walkie talkie. Og neste dag var sanden frå Sahara vekke frå lufta. 

Elles må eg få skryte av god mat overalt. Prisnivået er omlag som her heime. Kjekt å besøke "Little Norway". For nordmenn var det overalt. Også kjentfolk! 

P.S. Sjå elles nettversjon av bloggen for oversikt!

 

Foto: Gran Canaria 0702-220226

mandag 26. januar 2026

Februar på Vimeo

 

Februar er like om hjørnet. Så her er ein Vimeo bildefilm eg har laga for denne månaden. Det meste av bildefilmane mine ligg på YouTube. Men eg har nokre på denne plattforma òg. God fornøyelse. 

fredag 23. januar 2026

Årets første på Høgeheia

Iskald austavind på toppen- men blide er vi for det

I-phone mot vest

 


mest som splinten 😄

Broder Sigvard vart med meg ein tur på Høgeheia i dag tidleg. Fint å kome seg ut i det nydelege veret. Når det er sagt bles det ein sur austavind oppe på partiet mot toppen. Lenger nede ved Holevika var det vindstille. Men her er ikkje sola komen endå. Frå ca halvveges opp var det sol. Herlig! 

Det låg ein del is i stien oppover. Men vi trakka ut forbi issvullane på veg opp. Utan broddar. Ned igjen var det tryggast med broddar i det knallharde terrenget. Forøvrig var det snøfritt heile vegen. 

No gløymde eg igjen mobilen heime i dag (det må vere mange år sidan sist på ein fjelltur. Så bilda knipsa Sigvard. Takk for fin tur broder 😊


mandag 19. januar 2026

Årets første

Sola står over Eidsfjorden
 

Mangevatna

Mangevatna og Skorpa i Florø

Yndestad

Veldig kjekt med årets første fjelltur på lørdag. Etter ein 10 dagers influensa gjorde det ekstra godt. Skylefjellet her "heime" var nærast eit litt greitt turmål slik situasjonen min var. Men det låg ein god del is oppover stien. Og litt tricky å kome seg over Rindaelva. Alt utan isbroddar. Det gjekk likvel greitt. Lenger oppe låg det ein del snø og roten skare. Heime igjen gjekk turen til eit bad i fjorden. 7 grader der er vel ikkje akkurat isbading. Kjekt!