tirsdag 30. juli 2024

Hafstadkleiva og Bulandet


Ein matbit etter turen i dag

Blomsterpiken på Melværråen

På Melværråen

Melværråen

Hillersøy

Hafstadfjellet i går

På veg opp Hafstadkleiva i går


Eit lite blogginnlegg frå eit par feriedagar. 

I går hadde vi ærend i Førde. Etterpå gjekk vi opp Hafstadkleiva til Hafstadfjellet. I flott vær. Mitt første besøk her. Og utsikta på toppen var super den! Til Digernesvatnet, Førde og mot Jølster. Men turen ned att den bratte, grusa og steinlagde fjellsida var no so som so. Ilt for føtene iallefall. Så neste gong blir det ein annan veg ned igjen. Til Bekkjavatnet eller Bruland. 

I dag reiste vi til Værlandet og Bulandet. Og gjekk rundruta om Melværråen med litt stolpejakt. Og heldige var vi med været her. Såpass at vi fekk oss ei matykt etterpå. Men veret slo om. Og på besøket på Hillersøy og "havfruene" ... (sjå foto) pøsa det ned. Så det gjorde godt med litt mat og tørke på Havsalaten etterpå. Fin tur!    




fredag 26. juli 2024

August i bilder

August månad står for døra.

Her er ein serie bilder frå arkiv.

torsdag 25. juli 2024

Sunnmøre og Romsdal




Vi hadde oss ein fin 5 dagers tur til Valderøya, Giske, Godøy, Alnes, Atlanterhavsvegen, Bud og Molde frå 20/7-24/7 for å besøke svigerinna til Olaug og svigerforeldra til Marie. 

Vedlagt link viser ein bildeserie frå den kjekke turen vi hadde i litt ymse vèr.  

lørdag 13. juli 2024

Praktfull sommardag heime

Høgeheia


Peter ligg på fjorden

Yndestad-leikane


ds

Morgonstund har gull i munn- trilletur til Stong

Ja, i dag vart det endeleg sommar. Til gagns! Akkurat dagen vi trengte etter nokre heller dårlege sommarveker reint vermessig. Nokre ord og enkelte foto er vel på sin plass. Når eg ein gong har denne bloggen.

Eg starta med ein trilletur til Stong denne praktfulle morgonen. Blikk stille og sol frå skyfri himmel. Og eit foto frå den fine utsikta inst i fjorden måtte jo til. 

Deretter var det tid for bading inne i fjæra i Stongfjorden. Heile "gjengen" til Olaug. Smått og stort var på plass med masse kos og bading. No vart eg etterkvart litt rastlaus. Og med den flotte utsikta her er til Høgeheia der ute i synsranda så tok eg meg ein par timar dit.... Nydeleg.

Seinare vart det felles mat og kos, leikar og spel med alle i nabohuset som var komne. Veldig triveleg. Endå er kvelden ung. Men kan konkludere med at dette var ein perfekt sommar dag på Yndestad. 

onsdag 3. juli 2024

Morgontrimmen




Ja, i dag kunne eg nyte ein opplett morgon igjen på Høgeheia. Og det kunne så visst utegangar sauene som går her ute heile året gjere òg. Eg traff på dei rett vest om høgste toppen. 
Elles litt vått i stien. Ca 10 grader og omlag vindstille. Flott morgontrim!

mandag 1. juli 2024