onsdag 27. desember 2023
onsdag 13. desember 2023
mandag 4. desember 2023
Eitrenipa eller Ertrefjellet ved Fossedalen
Dalstunet og Tross før i tida Gamleløa t.v. Vi ser Eitrenipa og Kringla oppe t.h. Vikafossen renn som før og fjella står der like traust... |
Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla sett frå vassenden på Fossedalsvatnet |
Frå Facebook sida til Fossedalen - i grøne far
Når du står i Dale og ser mot Dalsfjordbrua, Fossevika og fjella bak, ser du i røynda tre fjell. Eitrenipa 856 moh, Nordre Kringla 782 moh og Søndre Kringla 800 moh. Førstnemnde lengst bak til venstre. Desse fjella ligg rett i nord og aust for Øvre Fossedal. Og er heilt annleis å sjå til enn frå andre himmelretningar enn Dale i sør.
Eg laga eit blogginnlegg om Eitrenipa i fjor. Her ligg det biletkavalkade og turinfo. Du kan sjå dette på denne linken:
Foto 1: Eitrenipa i vinterskrud sett frå Leknesvatna. Med ruta opp skaret til toppen (sjå detaljar på link).
Foto 2: Utsikt mot vest frå Eitrenipa. Langevatnet med Nipebu midt i biletet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)