Juni står for tur. Og i gråveret i dag kan vi like godt ta fram nokre godvèrsbilder frå denne månaden. Dei ligg på YouTube og i arkiv på bloggen min i lag med mykje anna.
Framleis god pinse.
Juni står for tur. Og i gråveret i dag kan vi like godt ta fram nokre godvèrsbilder frå denne månaden. Dei ligg på YouTube og i arkiv på bloggen min i lag med mykje anna.
Framleis god pinse.
Holmedal |
ds. Bakkeneset til høgre |
Original tur i dag. Kulturvandring i Holmedal med Olaug. Frå kyrkja og rundt Vårdal og Vårdalsneset. Og oppom "hit og dit"... Kjekk tur i Olaug sitt barndomslandskap. Då alt var så mykje større enn i dag...! Og minna strøymde på. Artig det korleis minna om storleik endrar seg med åra. Eg gløymer ikkje kor "lite" Bakkevatnet virka då eg kom tilbake hit etter "ein mannsalder"... Det var jo kjempestort i barndommen då vi ferierte på Boge. Elles imponerande kor flotte hytter og hus det ligg ute på Vårdalsneset. Velstelt og fint. Fin tur i det kalde pinsevèret. Eit godt alternativ til fjellet...😀
Dagens turgjeng - Connie, Velaug, Olaug og underteikna |
FInt og flatt terreng ut til hytta |
Flott utsikt ved grillhytta ved Eldbjørgstien/Eina |
Koseleg grillhytte |
Connie, Velaug og Olaug |
Connie og Velaug |
Flott og lett TiTur til Eldbjørgstien /Eina i kveld i lag med Olaug, Connie og Velaug (deler av fjellgeitene). Først ferja til Fure frå Askvoll og ut retning Grytøyra til Eina. Rimeleg flatt terreng ut til grillhytta på 20 moh på skogsveg, myrar og litt granskog. Flott utsikt spesielt vest- og nordover til Alden. Litt synd at skodda kom. Men jammen letta det opp litt igjen òg...
Elles var grillhytta reint koseleg (sjå foto). Fin tur dette for familiar med små ungar - eller eldre folk for den del...
Ole Alvsvåg |
Representant for kulturminnevernet og Atle Vie |
Stangfjord ved heimehamna |
Jarl Audun Rivedal og Jakob Øyren |
Lasse Vie |
Einar Ask (skipper) |
Stangfjord ved heimehamna |
Mykje folk var samla på kaia i Stongfjorden då M/S Stangfjord kom tøffande inn fjorden i 11-tida i dag. Til tonane frå Jakob Øyren og Jarl Audun Rivedal.
Vi vart ønskte velkomen av Atle Vie, leiar i veteranbåtlaget. Fleire stod elles på talarstolen. Mellom anna Lasse Vie og Einar Ask. Begge sterke pådrivarar i arbeidet med å få M/S Stangfjord sjødyktig igjen. Sjå eiga Facebook side her. Også Ole Alvsvåg heldt tale om arbeidet med tilrettelegging av kai for båten i Stongfjorden. Representantar for kulturminnevernet var òg til stades. Sjølvsagt var alle jublande glade over at dette viktige kulturminnet for bygda var komen til heimehamn igjen. Så blir det spanande å sjå kva drift ein kan få til ut av båten.
Vedlagt ligg bildeserie frå kaia. Også frå serveringa ved gamle skulen/barnehagen. Elles ligg her link til førre gong Stangfjord var på besøk i bygda. Då utan eiga maskin.
Foto/videoar Stangfjord kom heim 200523
Foto Stangfjord kom heim 140616
Frå kafè ved gamleskulen
"Dåpen" av Fjordkysten regional- og geopark ved Ole Andrè Klausen, Gunn Mongstad, Per Arne Tveit og Stian Davies |
Even Vie i Sunnfjord Geo Center |
Torgeir Andersen |
Einar Alsaker |
Atle Nesje |
Ordførar Ole Andrè Klausen |
Håvard Yndstad, Sølve Stang og Vilde Sævik |
Stian Davies, leiar av kulturutvalet i Vestland Fylkeskommune |
Ole Andrè Klausen, Gunn Mongstad, Per Arne Tveit og Stian Davies |
Foto frå Nonsholten på Heileberget |
Foto frå Fossedalshengenipa |
Foto frå Eitrenipa mot vest |
Foto frå Eitrenipa mot nord |
Arkiv: Over skoddelaget på Yndestadhøgeheia med sol over Atløy |
Havskodde under Skylefjellet og øyane i Florø |
For oss som tek eit tak med merking av stiar er det sjølvsagt kjærkome med litt ros for arbeidet. Som i dag der det låg tjukk havskodde på TiTur posten på Yndestadhøgeheia og "ein takka for ei flott merking"...
Her ute på kysten sig skodda til tider veldig fort på. Så merkinga har ein klar visjon om at alle skal kunne ferdast trygt. (Mange turgåarar i TiTur segmentet nyttar seg nok heller ikkje av gps). Det er stressande å misse orienteringssansen over kvar ein er! Det kan vi vel alle skrive under på.
Ei oppmoding går dessutan vidare om at alle som ser merkestikker som har ramla overende grunna vèr og dyr set desse opp igjen. Så gjer vi alle ein jobb for å ferdast trygt på postane. Eventuell manglande merking kan ein fortrinnsvis ta på PM med ansvarlege for TiTur. Og sjølvsagt late att grinder, meld frå om skadde dyr og føl oppgådde stiar.
Svortevikstølen i dag |
Glitrande tur til TiTur Dalsfjorden posten på Nykshytta med Sillan og Tone. Deretter gjekk Olaug og eg på Dokka også. Strålande solskin frå skyfri himmel, vindstille og bra temperatur. Returen frå Dokka gjekk vi ned Grønene til Vikastølen. Vi måtte på ein heil del folk på runda i dag. Super tur!
Nydeleg morgontur til herlege Fossedalen i dag. Frå Otterstein og til TiTur posten ved vassenden på Fossedalsvatnet. Knall blå himmel, morgonsol og litt austatrekk. Heilt snøfritt. Og ganske tørt. Eg gjekk i låge sko og heldt meg tørr på føtene.
Det var fin vassføring i elvane og fossane i dag. Praktfullt! Men folk såg eg ikkje. Mogeleg eg var litt tidleg ute...😄
Ved Litlevatnet |
Yndestadhøgeheia (1) |
Ved Svartevatnet |