Desember nærmar seg. Her er ein serie arkivbilder frå månaden.
Dette er ei fin tid i fjellet. Spesielt om det lagar seg med vèret.
Det pastellfarga og låge lyset om vinteren er vakkert.
Desember nærmar seg. Her er ein serie arkivbilder frå månaden.
Dette er ei fin tid i fjellet. Spesielt om det lagar seg med vèret.
Det pastellfarga og låge lyset om vinteren er vakkert.
Hadde eit par ærend i Askvoll i dag så då passa det med ein tur oppom Hjartåsen òg. Vindstille inn Askdalen då sola rann. Men ganske så kjøleg austavind oppover mot toppen. Elles frose underlag med is her og der. Flott trimtur!
I dag gjekk turen til Holmedal. Til vassverket der mange av turane i området startar. Det var Dokka som var målet. Og i dag vart Olaug med. Vi gjekk opp ranen på austsida. Brattaste turen. Det var tørt og frose underlag oppover. Litt is her og der. Som gjekk fint å trakke utom. Temperaturen låg rundt null grader vil eg tru. Noko aust trekk mot toppen.
Ned att gjekk vi via Grønene og Vikastølen. Nydeleg tur med perfekt utsikt til Dalsfjorden og dei flotte bygdelaga ikring.
Alden og Atløy |
Holmedal |
Dagens selfie |
Dagens Alden |
Ei einsleg småspove på Staveneset (nede t.h.) |
Det er fin utsikt på Høgeheia |
Ja, i dag er det forsyne meg eitt år sidan eg braut handleddet oppe i Kvamsnipa i Skorvemarka. Tida flyg! Heldigvis har dette blitt 95% godt igjen. Ei innplanta stålplate får eg ta med meg i grava. Ikkje noko heft... 😅
Olaug har "bakeveke" denne veka. Om det er noko som heiter det. Gjekk tom for flatbrød forrige månad. Så det kjem vel med. No vart det likevel høve til at fruen vart med meg på Høgeheia - igjen. Fint det. Det var heilt vindstille og opplett. 5-6 grader i lufta og overskya. Noko gjørmete mange plassar no. Men klede og sko er berre å vaske reine igjen. Kjekk trimtur! Så no er det berre å fyre i omnen og vente på flatbrøda...😃
Fin utsikt bort på Høgeheia |