torsdag 29. september 2022

Nydeleg merketur

Dagens selfie (på 10 sekund) på Eitrenipa


Mot vest - Fossedalshengenipa mot høgre

Leknesvatna i bakgrunnen


Nydeleg merketur til Eitrenipa frå Skorvemarka i dag. Start ved Markavatnet klokka 09. Kjempegreie at eg fekk avtalt med Agnar om å bli med. Utan han måtte eg nok brukt minst to turar på same jobben. 

Reint fantastisk å vandre inn nordsida av Leknesvatna til vadet inne mot Leknesstølane. Blikkstilt. Nydeleg morgonsol over fjellet der i aust. Så karakteristisk i si form. Godt synleg frå Florø og Dale. Kanskje mitt favorittfjell i kommunen. Det har utruleg flott utsikt i alle himmelretningar. Inn til Blegja, sør til Dale, Kringla og Heileberget, vest til heile Nipebu-traktene og nord til Florø. I nordvest nydelege fjell mot Ålfoten og Nordfjord. 

Jobben og turen fekk vi unnagjort på omlag 6 timar. Fjellet er post på den nye fjelltrimmen til AHIL (Askvoll og Holmedal Idrettslag). For oss pensjonistar er vel dette å rekna som ein bra lang tur. Møyra i kroppen var vi begge då vi kom ned igjen. Stor takk Agnar!  

Mobilfoto Eitrenipa 290922

tirsdag 27. september 2022

På føtene - igjen...

Stongfjorden i motlys i dag




Etter 14 dagar med korona, slapp og fæl, var det jammen godt å få seg ein luftetur igjen. Ahh - det gjorde godt!  

Meir haustleg no enn sist eg var på fjellet her heime. Og litt vått. No står merking til ny fjelltrimsesong for døra, så her må forma skjerpast. (Det er tungt når den daglege trimmen stoppar opp). Eg har teke på meg å få boksen og boka opp på Eitrenipa. Neste sesong 30-poengs tur.  Under samleserie Eitrenipa!

lørdag 17. september 2022

Ei veke sol - og så...

Sun Beach Resort Ialyssos, Rhodos
Fine dagar her på voksen-avdelinga Infinity

Ponormitis Monastery 

Diverre vart ei flott veke på Rhodos avløyst av min porsjon korona. Når alle andre var ferdige var det visst min tur. Så denne veka har gått med til å flytte meg rundt frå seng til sofa og tilbake. Kjedeleg. Men sjølvsagt berre å ta tida til hjelp. Kikka tilbake på litt bilder frå forrige veke...  Då sola skein frå skyfri himmel. 

mandag 12. september 2022

Seinsommarveke på Rhodos

Med Tone og Sillan på Rhodos

Midt opp i all tragedie her på Yndestad, valde Olaug og eg likevel å ta turen til Rhodos førre veke i lag med Sillan og Tone. Turen var bestilt for ei stund sidan. Det var første gongen deira her. Vi tok òg båtturen til Symi og Panormitis. Kjekt å kunne reise i lag i desse vanskelege tider.    

Mobilfoto Rhodos 040922-110922