Sommaridyll ved hytta ved Krikavatnet |
"Men skulle du ikkje ha sett. Då eg kom ned til Krikavatnet fordufta skodda som dogg for sol" |
Brått såg eg ein kvit vegg kome veltande inn fjorden. Dette etter å ha gått på Skylefjellet og begynt opp nordvestsida av fjellet til Toreheia. På denne sida av Toreheia er det ein bra sauesti til å begynne med, men stien er fråverande lenger oppe. Og ikkje noko merke. Så då var det berre å gje på opp bakkane for å nå toppen før den kvite veggen... (For ned igjen til Krikavatnet langs dalen er det bra merka og greitt å gå i skodde. Eg ser likevel at det må til litt remerking for dei ukjende....) Som det er sagt i kallen og katten - "han kappsprang med døden mot løa og slo han med knapt eit sekund"...
Men skulle du ikkje ha sett. Då eg kom ned til Krikavatnet fordufta skodda som dogg for sol. Og det vart like fint vèr som turen opp på Skylefjellet. Ja, havskodda kjem jammen fort på deg. Det er fint at mange av turane i Askvoll-fjella er godt merka.