Kjent motiv! Nordre og Søndre Kringla, Fossedalshengenipa og Nipeholten. Framme t.v. Markahengenipa |
lørdag 30. april 2022
Ein klippejobb
onsdag 27. april 2022
"Three Brothers in Arms"
"Three Brothers in Arms" har eg døypt dette treet... 😊 |
Morgonfrost |
mandag 25. april 2022
søndag 24. april 2022
Fantastisk i heimefjella
Ved toppen på Toreheia |
Vadet på Krikavatna |
Nok ein nydeleg tur frå dørstokken heime til Toreheia og Skylefjellet. I dag via vadet på Krikavatna og opp dalen. Som så mange gonger før. Vindstille på toppen i 10-tida. Retur via vestsida og ned til Skylefjellet. Deretter heim igjen.
I dag traff eg på fleire turgåarar. Så det vart ein prat både her og der. Kjekt! Nydeleg søndag.
lørdag 23. april 2022
Nydelege Heileberget 2
Nancy Enstad Bauge og Anita Osland Nilsen |
Utsikt inn Heileberget og mot Fossedalen |
Dagens |
Utsikt ved Høgknolten |
onsdag 20. april 2022
mandag 18. april 2022
Back in business
Olaug vart med på flott tur på Kvamsnipa i Skorvemarka i dag. F.v. bak ser vi m.a. Nordre og Søndre Kringla og Fossedalshengenipa. T.h. ser vi Fløyen og Nonsholten på Heileberget. |
Så kjekt å vere tilbake på Kvamsnipa. Her eg braut handleddet i november i fjor. For første gang tilbake hit etter det.
Det var snøfritt første delen opp. Men for det meste halvblaut snø resten av stigningane. Morgonsola spegla seg i dei grøne bakkane i Skjerlia, Mandelia og Hatlelia. Og dei flotte fjella i aust låg drivande kvitkledde i sola.
På toppen var det litt morgontrekk frå søraust. Så det vart berre ein liten stopp. Og ned igjen segla eg fleire av bakkane på rompa. Stas. Kjekt. Og snart er eg tilbake.
lørdag 16. april 2022
Tung tur på Skålefjellet
Dagens selfie |
Stongfjorden, Yndestadhøgeheia og Toreheia |
Mot Vågane og Osland |
Det vart ein ganske krevjande tur på Skålefjellet i dag. På ruta opp Gjerdedalen og Brekke til Mannskaret, og vidare til Skålefjellsvatnet og toppen. Ein god del halvblaut snø frå ca halvparten av høgda og nesten til topps. Eg nytta såleis trugar i midterste partiet. Mange parti mot toppen er såpass bratte at det er tungt og vanskeleg med trugar òg. Men slitet opp var verdt utsikta. Fantastisk flott i dag. Lite vind og sol. Og litt flaks med at det drog over med skyer då eg returnerte.
torsdag 14. april 2022
Kortreist og nydeleg Skjærtorsdag i heimefjella
Utsikt frå Yndestadhøgeheia |
Dagens selfie |
Ei lita oppdatering frå påska så langt. For med huset fullt i folk i ei veke har det blitt lite blogging. Til sist i denne bloggen ligg difor nokre morgonturar til fjelltrimpostar. Mest her heime og på Fristadfjellet. Innlegga har lege på Facebook.
Men i dag fekk eg meg ein skikkeleg rundtur i fjella her heime. Først til Yndestadhøgeheia og vidare til Toreheia og vest igjen til Skylefjellet. I perfekt ver. Vindstille og knall sol. Sikkert som mange andre plassar i dag.
Jammen låg det meir snø enn eg trudde innover Yndestadhøgeheia og til Toreheia. Det vart eit slit. Og hadde det ikkje vore så fint ver hadde eg returnert. For trugane låg att heime. Og ski tenkte eg ikkje på i det heile teke. Så då vart det klyving opp og ned over hamrar der det var snøfritt. Andre plassar måtte eg forsere snøen nesten til knea. I motabakkane....
Men du verda kor fint det var å sjå ned igjen til bygda frå skavlane som hang ut for fjellet.... Og til Florø og til havs var det havblikk! Fantastisk!
Under ligg ein bildeserie eg knipsa med mobilen.
tirsdag 5. april 2022
Lunefull april 2
Skavlar ved Skylefjellet |
Gjekk fjellrabbane aust for Mangevatna |
Ein fordel å hamrane der det går an i gåretningen |
mandag 4. april 2022
Lunefull april
Nordavind og nysnø på fjellet her heime i dag. Full vinter med andre ord.
Opp og ned igjen! Og godt var det....