Det har seg slik at for å få lys i julestjerna utanfor huset og lyskrimskramset på gelenderet (som dei andre i huset absolutt vil ha), så kjem tilkoblingane til vaskemaskin og tørketrommel på vaskerommet til kort. Etter forrige helgs turar hadde eg difor kvaler kva eg skulle velje av å vaske ullkleda mine eller ha lys i julestjerna. Sidan vi venta besøk i høve Olaug sin gebursdag, valde eg å vise fram den flotte tyske julestjerna vi fekk av familien Barwitzki sist dei budde hjå oss. Eg la difor alle kleda i vaskemaskina til dagen etter for å vaske dei då.
Vel eg gløymde heile greia, og tenkte ikkje meir på det, før Olaug eit par dagar seinare sa at ho hadde hengt opp kleda mine i kjellaren og uttrykte "at eg kunne no ha gjort det sjølv". Jammen sa eg dei er ikkje vaska!
No hadde det seg òg slik at eg fekk halsbetennelse etter turnèen forrige helg, og togg pencellin heime eit par dagar. Så eg fekk no anledning til å ta kleda ned frå snorene i kjellaren å vaske dei. Som sagt så gjort (det vil seie eg gløymde sjølvsagt å slå på vatnet til maskina så programmet var ikkje starta første gongen eg skulle henge dei opp). Men opp på snora kom dei no til slutt. Ferdig vaska. Godt jobba tenkte eg.
Då Olaug kom heim frå jobb og lurte på korleis dagen min hadde vore, kunne eg fortelje at eg endeleg hadde teke kleda ned frå snora i kjellaren og vaska dei og hengt dei opp igjen (og venta eit bra eller noko slikt). Men det gjorde no eg i går seier ho! Eg vaska dei og hengde dei opp då! Men, men, då er dei no vaska to gonger seier eg...! (Vel det kan no vere godt med lukt av Milo til jul ). Men når alt kjem til alt så er det julestjerna si skuld... Eg kan ikkje skulde på andre...😁