Smoke from the morning sun
Sunrise at Portafjellet.
A shot at Indrevågefjellet early this morning...
A shot at Indrevågefjellet early this morning...
Eg var tidleg avgarde i dag òg. Gjekk opp same ruta på Middagsnipa som forrige søndag. Og spora frå då var gode å ha. Det kom nemleg for lite fukt i snøen her tidlegare til at skarelaget held.
Det var ein perfekt morgon med minus 7 grader heime. Diverre tek austavinden godt her ute i fjordstroka no. Og på fjellet er det isande kaldt. Med gode klede går det likevel fint å nyte fjellivet på denne tid òg. Aberet er sjølvsagt at ein ikkje kan kle på seg for mykje oppover i stigningane. Frå Osland og opp på Indrevågefjellet er det ei knallhard og bratt stigning til å begynne med. Valet blir difor å gå så seint og ha på seg så mykje klede at ein ikkje sveittar. Eller gå så fort med lite klede, at ein held varmen og kan byte på toppen. Eg vel alltid det siste på slike relativt korte turar.
Det var ei stor oppleving å få dei første solstrålane for dagen oppe ved Indrevågefjellet. Soloppgangar er alltid fine. Men no når sola står så lågt, så synest eg nesten dette er finaste tida på året og nyte soloppgangane. Spesielt åleine på fjellet... Det gir ei god kjensle innvendig. Og snart går det nok ein gong mot lysare tider.
Eg fann meg ein hammar oppe ved toppen som låg litt i skjul for austavinden, og fekk av meg Rab Drillium jakka og Brynje trøya. Innvendig på jakka låg det eit tjukt lag is. Ein nytelse å få på seg ei ny Brynje Artic, vindtett skjørt, og Rab Endurance dunjakka. Og ikkje minst få på seg eit par, tre lag på hovudet. Og sjølvsagt vottar. Hanskar duger ikkje når det blir ekstra kaldt... No kunne det komme kva vèr som helst...
5 minutt seinare sat eg på toppen og knipsa i veg på fotoapparatet. Med vottane på. Om det blir for mykje bilder, så er det no berre til å oversjå... Så godt var det nemleg der og då at bilda berre fortel ein brøkdel av sanninga...:-)
A low sun at Middagsnipa.
We can see Blegja, Eitrenipa, S & N Kringla
and Fossedalshengenipa in the east.
and Fossedalshengenipa in the east.
Eg snura meg no ned igjen etter eit bèl. God og varm. Fint til tusen der i den låge sola i sør. Rosafarga hamrar og stein. Kunstnariske snøformasjonar på ein fantastisk vinterdag. I eitt med dagen og tida... Eg var komen heilt ned igjen til kanten av fjellet mot Osland før eg ante det. Hunden der nede merka meg med ein gong. Gneldringa følgde meg halve bakken ned, før bikkja sikkert endeleg forstod at eg ikkje var noko blått udyr likevel.... Nydeleg morgontur igjen.....!
Fra Middagsnipa 281110 |
A bitter cold wind at Middagsnipa.
The outfit from Rab and Outdoor Research do their job...
The outfit from Rab and Outdoor Research do their job...