fredag 23. januar 2026

Årets første på Høgeheia

Iskald austavind på toppen- men blide er vi for det

I-phone mot vest

 


mest som splinten 😄

Broder Sigvard vart med meg ein tur på Høgeheia i dag tidleg. Fint å kome seg ut i det nydelege veret. Når det er sagt bles det ein sur austavind oppe på partiet mot toppen. Lenger nede ved Holevika var det vindstille. Men her er ikkje sola komen endå. Frå ca halvveges opp var det sol. Herlig! 

Det låg ein del is i stien oppover. Men vi trakka ut forbi issvullane på veg opp. Utan broddar. Ned igjen var det tryggast med broddar i det knallharde terrenget. Forøvrig var det snøfritt heile vegen. 

No gløymde eg igjen mobilen heime i dag (det må vere mange år sidan sist på ein fjelltur. Så bilda knipsa Sigvard. Takk for fin tur broder 😊


mandag 19. januar 2026

Årets første

Sola står over Eidsfjorden
 

Mangevatna

Mangevatna og Skorpa i Florø

Yndestad

Veldig kjekt med årets første fjelltur på lørdag. Etter ein 10 dagers influensa gjorde det ekstra godt. Skylefjellet her "heime" var nærast eit litt greitt turmål slik situasjonen min var. Men det låg ein god del is oppover stien. Og litt tricky å kome seg over Rindaelva. Alt utan isbroddar. Det gjekk likvel greitt. Lenger oppe låg det ein del snø og roten skare. Heime igjen gjekk turen til eit bad i fjorden. 7 grader der er vel ikkje akkurat isbading. Kjekt!

tirsdag 30. desember 2025

Godt nytt år

 


Med eit januar-bilete frå ruta frå Skorvemarka til Nipebu og Fossedalshengenipa ynskjer eg alle lesarar av bloggen eit retteleg Godt nytt år! 

Høgdepunkt 2025

fredag 19. desember 2025

God jul


Eg har samla nokre bildeminne frå året som har gått. Det er mykje vi har vore med på. Både her og der. Om fjellturane har blitt færre enn før (og kiloane fleire), så har eg brukt meir tid på familielivet og det sosiale. Bilda frå dette har eg i stor grad bevisst lete vere å legge ut. Dei er rekna som private. Likevel er her bilder frå turliv med vener. Mest TiTur Dalsfjorden og Stolpejakt. Så med dette vil eg ynskje alle ei retteleg God Jul 🎄

   

mandag 15. desember 2025

Minnebanken

Ein tur gjennom minnebanken i adventstida. 

fredag 28. november 2025

Adventsol

Då går vi inn i første helga i advent med mørketid og adventslys. Eg har såleis laga ein serie bilder med naturleg adventslys og desembersol. Og sett musikk til. Ynskjer med dette alle ei god adventstid og god helg!  

fredag 14. november 2025

Portafjellet

Portafjellet t.v. i midten bak frå Osland i dag. Vardenova i midten.

Portafjellet 773 og 779 moh frå Osland i dag

Portafjellet frå Oslandsvatnet i dag

Eg fekk spørsmål om rute til Portafjellet 779 moh her om dagen. Fjellet som ligg omlag midt mellom Skorva, Rivedal og Stongfjorden. Rett vest for Stordalsfjellet og aust sett frå Osland. Fjellet er ikkje blant dei mest besøkte i kommunen. Truleg sjeldan her er folk sidan det ikkje ligg inne på noko fjelltrimprogram. Utan merka stiar og gps tracks (etter det eg kan sjå). 

Fjellet er som antyda rimeleg greitt  finne frå Skorva. Og då gjerne via Stordalen (sjå kart). Fjellet ligg beint mot vest. 

Også frå Rivedal er det lett å finne fram ved gå opp til Lisetstølen, Røyrbotnen og følge deler av DNT-løypa til Nipebu sør om Vardenova. For deretter å gå ned i vestre enden av Stordalen, og opp dalen mellom Stordalsfjellet og Portafjellet. Og så vidare opp kammen/austsida til toppen (sjå kart). 

Tredje alternativet er å gå frå Oslandsbotnen til Botnastølen. Deretter opp lia mot aust/t.v. til du kjem opp til Portavatnet (N - det små) (det er avmerka to vatn med dette namnet på kartet). Følg så vidare elva som kjem ned dalen og opp lia mot sør der ein rundar den bratte og karakteristiske fjellkanten. Her er ei bratt bakke ein kan følge opp (litt luftig) og rett aust om toppen kan ein klatre opp ei ny skår til toppen. Alternativt kan ein frå toppen av lia gå til øvst i Stordalen og ta same ruta opp som først nemnt frå Skorva. Å gå inn Norddalen frå Oslansvatnet er òg fullt mogeleg. Elles er det ein fin tur å gå frå Nipebu til Portafjellet og Stordalsfjellet (i same slengen). Her er med andre ord fleire greie måtar å kome seg hit på.  

Frå toppen av Portafjellet er det nydeleg utsikt mot vest til Stongfjorden, Skålefjellet, Toreheia og Ytrevgefjellet, mot aust ser ein heile perlerada av dei flottaste fjella i kommunen, kort nemnt Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N&S Kringla. Mot søraust Heileberget med Fløyen. I sør ser ein mot Rivedalstraktene og i nord Førdefjordsida. Nydeleg utsikt i alle retningar. Trygt kan eg seie at Portafjellet er ei lita gøymd perle. 


onsdag 5. november 2025

Skjolden langhelg



Inn mellom besøk, barnepass og sosialt samvær i Skjolden denne helg vart det også tid til eit par "lufteturar" til fjellgardane på Rebni. Eit område eg ikkje hadde vore på før. Den eine turen i lag med Olaug. Desse turane gav lyst og motivasjon til å prøve lenger oppover i dette området ved eit seinare høve. Vidare inne i dalen mot Mørkrids og opp mot Osen og Åsetevatnet har vi vore fleire gonger. 

Frå Rebni er det flott utsikt til Skjolden og ut Lustrafjorden til Molden. Eg laga ein liten bildeserie på vedlagde link.

Foto Skjolden 3110-031125

torsdag 30. oktober 2025

Praktfull turdag

Ytrevågefjellet i dag - 
i bakgrunnen t.h. N&S Kringla, Fossedalshengenipa og Portafjellet
t.v. Gjelsvikefjellet, Indrevågefjellet og Heilevangstaurane i midten

Nydeleg utsikt til Svanøy og øyane i Florø - 
i midten t.v. Askrova og bak f.v. Kinn, Reksta, Skorpa, Batalden og Hovden
Florø i høgre kant

Utsikt til Blegja som er snøfri - Storehesten bak t.h.
Indrevågefjellet i midten

Stupbratt mot Stavestranda

I dag gjekk eg den flotte ruta frå gruvane i Vågane til Ytrevågefjellet, vidare til Toreheia og retur via Krikavatna og heim! Perfekt! I eit aldeles strålande haustvèr. Ikkje eit vindpust. Og med snø på toppane. Ja det kunne ikkje bli vakrare. 

No var det ikkje mykje liv å sjå då. Ein flokk trast på trekk. Og ein flokk med storfe på Rinda (sjå bildelink). Elles var det heilt stille.  

4 skiver og ein halvliter cola gjekk ned på Toreheia. Fantastisk å sitte her oppe i det heilt vindstille og praktfulle veret. 

Foto Ytrevågefjellet Toreheia Krikavatna 301025

fredag 17. oktober 2025

Ytrevågefjellet med boks

Morgon på Osland 

Fint og stille på toppen

Sunnfjords perle og øyane i Florø

Som eg skreiv i går skulle metallboksen eg henta frå Nerviknipa opp igjen til Ytrevågefjellet. Her fjelltrimboka venta.... Så i det praktfulle haustvèret tok eg avgarde i dag òg. Frå gruvene i Vågane der stien startar. 

I dag var det som sagt heilt fantastisk. Rett nok litt disig i nord og vest. Men heilt blikkstille. Sjølv på den eksponerte toppen var det stille. Eit lite dryss nysnø vitnar om ei komande årstid. Nydeleg utsikt til Toreheia og øyriket i Florø. Og aust til den nydelege fjellrekka i kommunen. 

Lett snødryss ved Ytrevågefjellet i dag - perlerekka med kjende fjell i aust....

For fjelltrimmarane er det kanskje litt greitt å vere klar over at det er noko tilgrodd opp til første høgda. Vonleg kjem dette seg når folk går til posten. Og når det går mot vinter. Ytrevågefjellet er som vi veit fint å gå på heile året. Gjerne med broddar i sekken vinterstid. 

Foto Ytrevågefjellet 171025