lørdag 9. juni 2018

Glade Juni


Dagens Selfie på Kringla
I dag gjekk eg den fantastisk flotte turen frå Markavatnet i Skjerlia til Leknesvatna. Vidare der i frå opp på Eitrenipa. Så sørover til Nordre og Søndre Kringla og via Øvre Fossedalen og vestre delen av Fossedalsvatnet til Nedre Fossedal. Deretter til Fossevikja og Otterstein. 5 timar og 26 minutt tok turen. Inkludert eit par, tre drikkpausar. 

Eg starta tidleg og køyrde heime i frå som eg brukar når eg skal på arbeid, i 06.30 tida. Eg måtte gjere eit stopp ved Øyravatnet. Eitrenipa er alltid så vakker her i frå ein tidleg morgon. Så parkerte eg ved kraftstasjonen ved Markavatnet, gjekk opp kraftvegen, vidare over hamrane under og ved Eitrefossen. 


Mykje myrull ved stien til Nipebu

Vel, hadde det ikkje vore for kraftutbygginga hadde det nok neppe vore liv i fossane i det heile slik mai og juni har vore vèrmessig. SFE (Sogn og Fjordane Energi) er pålagde å ha ei minstevassføring i vassdraget om sommaren. Så Bjørnastigvatnet, som er den inste delen av vassdraget i kraftutbygginga, er monaleg nedtappa etter kvart. Ikkje så gale som Markavatnet då. Det såg ille ut (sjå foto). 


Utsikt mot Øyravatnet og øyriket ved Florø

Morgonstemning ved Øyravatnet.
Eitrenipa i midten.


Morgonen var perfekt. Austover langs Leknesvatna i rein idyll. Eitt av dei desidert flottaste turområda i kommunen. Vatna låg krystallklåre i morgonsola. Ikkje ein lyd var å høyre. Fantastisk. 

Utløpet mot Eitrefossen

Ved elva mellom Leknesvatna

Eitrenipa og Leknesvatna

Eg gjekk på dei første sauene for dagen oppe i bakkane mot Eitrenipa. Dei var heilt tamme. Det same var dei på hi sida av fjellet. Ein heil flokk var samla på begge sider av toppen. Fotogene var dei òg.


Det er sjeldan det er så vindstille på Eitrenipa som i dag. Til og med fjellbrisen mangla. Eg var sveittevåt med berre ein singlet på overkroppen i tillegg til shorts. Og klokka var ikkje meir enn 08.30. Resten av dagen gjekk eg med bar overkropp. 




Utsikta frå Eitrenipa er truleg den flottaste i heile kommunen.
Her mot vest.

Så følgde berg og dalbana. Først ned i skaret mot Nordre Kringla. Kryssa så DNT ruta mellom Massbu og Nipebu i botnen, og klauv opp berga på Nordre Kringla. Jammen var det varmt i sola. Berga var knusktørre. Perfekt for mine Inov8 fjell-joggesko. Eg sat som smurt på berga. Både opp og ned. Bratte var dei òg.

Deretter ned i skaret mellom Nordre og Søndre Kringla, og same procedure opp på Søndre som Nordre. Her måtte eg bort på spissen i vest og ta opp ein videosnutt. Eg tok ein ny ein på søraust sida av toppen. Utsikta mot Dalsfjorden og Dale er like fantastisk å oppleve kvar gong eg er her.







Turen ned skåra av Søndre Kringla gjekk heilt problemfritt. Snøen er no vekke. Elles kan snøen ligge lenge akkurat her. På vårparten, på hard og skrånande snø, kan dette partiet vere fårleg. Det er rett utfor svaene av fjellet. Men no kan folk trygt ta turen.

Dale frå Søndre Kringla i dag

Så var det Øvre Fossedalen som stod for tur. Det ser ut for å ha blitt utført mykje restaureringsarbeid med sele. Det austre nymåla med ny kledning. Eg såg ikkje folk då eg gjekk forbi. Men haspa for eine døra var opa. Ei stund etterpå fekk eg frå vestsida av vatnet auge på to personar som kom gåande opp bakken. Mogeleg dette var eigarane som hadde hatt seg eit morgonbad...



Langs Fossedalsvatnet fekk eg følgje av ein horde med fluger. I tillegg beit kleggen som fy. Elvane og myrane var knusktørre. Og sola steikte. Ein liten nordabris kom meg til unnsetning.



Øvre Fossedal med Eitrenipa og Nordre Kringla

Ved vassenden var det nesten ikkje liv i elva til Nedre Fossedal. Eg hoppa glatt over i joggeskoa. Eg trur knapt eg har sett vassføringa i elva og fossen så lita før. Det same galdt sjølvsagt elva lenger nede mot fjorden. 



Glasa i huset i Nedre stod opne. Putene i utestolane låg på plass. Men heller ikkje her såg eg folk. Mogeleg dei var å bada? Dei òg? Temperaturen var det iallefall ikkje noko å seie på...


Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla i dag.
Lite vatn i elva.

Nedre Fossedal i dag

Ja, så bar det til Fossevikja og Dalsfjorden. Vidare stien til Otterstein. Her treff eg alltid folk. Så også i dag. Eg sa hei til eit yngre par eg ikkje kjende. Slik er det når ein har budd vekke frå heimbygda nokre år. Mykje folk du ikkje kjenner. Og mange av dei eldre etter kvart strokne med. Naturlegvis. Eg fekk broder Sigvard til å hente meg på Otterstein. Og orka ikkje asfalten til Dale. Kaffi, skillingsbollar, sang og spel stod på programmet i Dalstunet. Akkurat som planlagt rakk eg trekkspelet til Torodd Fagerheim. 



Så kom fruen til Dale òg for å møte meg slik at eg fekk skyss heim att. Bilen i Skjerlia tok Peter og kompisane seg av... Kjekt med ein son no har lappen. 

Klokka 18 er det party i fjæra hos Sissel og Magnar for felles matykt med mange frå Stongfjorden - og song og spel. Akkurat ja - Glade Juni... 


Olaug og Tone i Dalstunet i dag





Ingen kommentarer: