tirsdag 1. mai 2018

Kalde tær i gråe vær

Dagens selfie på Stordalsfjellet
  
Snøsmelting ved elva i Porten

Det er ei stund sidan eg har vore inn på Stordalsfjellet. Eg valde difor å gå inn dit i dag 1.mai. 

Ruta frå Oslandsbotnen kan anbefalast. Flott tur opp Brekka til Botnastølen. Vidare beint aust og opp i Porten. Her har du to val for den vidare turen. Anten på nordsida eller sørsida av Portafjellet. Eg valde sørsida i dag og opp det bratte skaret. Her rundar du Portafjellet. Litt aust om ligg Stordalsfjellet på 752 moh. 



Som tenkt var det omlag snøfritt opp til Porten frå Botnastølen. Men opp dalen låg det endå mykje snø. I det bratte skaret ved Portafjellet var det som tenkt snøfritt. 

I dag var ikkje vèret av det beste. Disig med nokre snøflukser i lufta. Søraustvinden var kald. Eg vart som vanleg iskald på tærne. Etter mange prøvelsar opp igjennom åra tòler tærne mine lite kulde. Trasig egentleg. Etter at eg gjekk gjennom isen på Krikavatnet hitt året, fekk dei seg diverre ein skikkeleg trøkk. 

Det er flott utsikt på Stordalsfjellet. Spesielt mot aust og sør til Heileberget. Her ser ein heile sistnemnde perfekt frå nord. (Foto under). No var det ikkje akkurat rette dagen for å nyte den flotte utsikta. Med grå ver og snø. Men fjellet har no sin sjarm likevel. 

Fløyen, Nonsholten, Driveknolten og Høgholten på Heileberget.

Utsikt mot aust 1.mai 2017

Eg var egentleg tenkt å gå rundt Portafjellet og ned att nordsida til Porten. Men så iskald som eg vart på tærne gjekk eg ned att same vegen. Det gjekk ein god del fortare enn opp sidan eg sigla alle bakkane på baken. Kjekt og løye.  

Første rumperennet ned bakken frå toppen på Stordalsfjellet (det er mykje lenger enn det bildet viser)

Uansett grått vèr og kalde tær. Turen var flott den. Og så var eg her også 1.mai i fjor.

Legg inn en kommentar