Facebook

lørdag 11. februar 2017

Nydeleg februar

Soloppgong over Straumsnes

Litt av det enorme arbeidet
sherpaene frå Nepal har utført på
Smilderstien

Eg starta tidleg tur frå Ringstad i dag. Rett etter at det var lyst. Og gjekk opp skogsvegen og vidare opp den flotte hellelagde stien midtveges til Ringstadstølen. I det eg kom opp på stølen skein dei første solstrålane for dagen fram over himmelranda i søraust over Straumsnes. Reint nydeleg. Så bar det vidare opp dei bratte og beinfrosne bakkane til Dokka, og toppa ganske lett ut her

Det låg ein del is på den beinfrosne marka. Issvullane var òg mange. Desse gjekk det greitt å stige over eller gå utom. Men eg måtte stadig vere obs på at det kunne ligge is gøymt under fjorårsgraset. Kanskje var det difor eg ikkje fall omkast ein einaste gong i dag. 
  

Issvullar over Ringstadstølen


Hurtigruta gjekk gjennom Granesundet og passerte Askvoll i dag tidleg
Det vart ikke noko tak i sola på morgonen. Det låg att litt skyer i sør frå i går. Litt disig var det òg. Så noko knallbilete frå morgonstunda på Dokka vart det ikkje. Eit morgonbilete inn fjorden måtte no likevel til.

Dalsfjorden i morgonskrud

Veret såg klårare ut i vest og nord.
Her mot Stavenesodden og øyane i Florø.
Turen vidare gjekk ned frå Dokka den vanlege ruta til Nyksvatnet i Holmedal. Så vidare opp på vestsida av Moldura. Eg valde denne ruta i dag, og ikke beint opp den merka ura, sidan det låg ein del meir snø opp her. Den var knallhard. Det er dessutan ganske bratt opp på framsida. Vestsida var derimot heilt snøfri. Tidsmessig er det ikkje noko særleg skilnad på desse to rutene. 

I motsetnad til forrige helg var det nesten vindstille på Moldura i dag. Heilt utruleg midt i februar. Eg bytte dei sveittevåte kleda på overkroppen, og åt meg eit par skiver. Med varden som ryggstø. Kjempeflott altså.

Deretter gjekk turen ned på nordaust sida av fjellet, og til ruta vidare bort på Fanafjellet. På skuggesida i nord var elvane blitt til nokre gedigne issvullar. Eg fann likevel veg over partiet utan broddar. Og nådde bort att i sola på Fanafjellet. Men nokon vidare tur austover vart det ikkje. Eg var i grunn nøgd med dette. 5 timar i vinterfjellet i minusgrader var nok. Iallefall i dag. Eg gjekk difor ned att til Neset i Stongfjorden den vanleg ruta om Langedalen. 

Selfie ved Fanafjellet

Olaug og Sissel var på fjellet Eggane i Askvoll i dag. Dei skulle ta bilen min med heim att. No passa ikkje tidspunkta vår heilt godt så eg måtte gå asfalten heim via fjordbotnen. Men på den måten fekk eg no snakke med folk. Svenn først og Eikelandskarane deretter. Dei dreiv med vedlikehald av tak og naust. Så fekk eg no treffe folk på turen i dag òg. Kjekt.


Spegelblankt ut Stongfjorden i dag

Legg inn en kommentar