Facebook

søndag 27. november 2016

Nydeleg adventstur

   
I dag brukte eg omlag 6 timar i fjellet mellom Stongfjorden og Rivedal/Holmedal. Eg starta frå Oslandsbotnen litt etter klokka 08, der eg først gjekk opp Brekka til Botnastølen, og vidare til Svedalen. Deretter opp skaret på sørvestsida av botnen på dalen og til toppen av Smørskornova. Eg nådde toppen rett etter soloppgang. Perfekt. Nydeleg utsikt til sola over Flekkefjorden. "Morgon på Smørskornova, morgon for frie menn - takk for det fine vèret - høgt opp i himmlen"... Fritt etter Jakoben Sande der borte i soloppgangen... 

Utsikt mot Flekkefjorden og soloppgangen.

Så gjekk eg sørvestover fjellet og tok ned mot Langevatnet. Runda vatnet som vanleg i nord og klauv opp på Hekkelfjellet. Nydeleg utsikt mot Holmedal, Blåfjellet, Dokka og ruta vidare vestover mot Moldura. 

Frå Hekkelfjellet ser vi Siklabergvatnet og ruta vestover. Ein rundar vatnet på høgre sida og tek opp bakkane på sørsida av Svarthamrane t.h. og opp til Mannskaret, bak "kuppelen". Fanafjellet ligg bak høgdedraget t.v.
Litt drikke må til. Foto i stigninga mot Mannskaret (midt i bildet ovanfor).

Turen gjekk så nord att Hekkelfjellet, ned fjellet her, og deretter strake vegen til Siklabergvatnet. Ned att i skuggelandet. Men eg brukte ikkje så lange tida før eg kom meg opp att stigningane vest av vatnet mot Mannskaret. Sol igjen. Denne gongen over Holmedal. 

Opp igjen høgdedraga vest for Mannskaret, og til Fanafjellet. Som vanleg vind her. Kaldt. Det dreiv inn ei lita snøbyge frå nord. Men eg fekk no teke eit par bilder før eg heldt fram opp skaret på nordsida av Moldura. No i skuggeland igjen heilt til topps. På veg oppover var det ein del is og polert fjell. Men ingen problem what so ever. 

Fanafjellet
Moldura


Håsteinen i midten og Ytrevågefjellet t.v.
Størdalsstauren

Så nedatt eit lite stykke av same vegen, til eg tok vestover til Størdalsstauren. Fram igjen i sollandet, og nokre bilder her i frå òg. Til slutt returen til Stongfjorden i nord og til Neset. Ei velvillig fru henta meg, og saman køyrde vi til Oslandsbotnen etter bilen min. 

Suveren tur. Nesten 6 timar i eitt utan pause. Sjølvsagt litt kaldt i vinden. Men med gode klede, rett utrustning og jamnt tempo, er det nesten som ein leik. Godt dagslys og sol på mørkaste tida av året er eit must. Det er no vi treng dette som mest. Og betre bruk av nokre timar ein 1.søndag i Advent veit iallefall ikkje eg...

Legg inn en kommentar